Statsbudsjettet: Desse museumsbygga får mest
LUKK

Statsbudsjettet: Desse museumsbygga får mest

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 8. oktober 2018 kl. 11:45

Museum i Kristiansand, Skien, Elverum og Vadsø får om lag 10 millionar kvar til bygg.

– Å få bygget Anno Dokumentasjonssenter med fellesmagasin har vært Annos viktigste strategiske prioritet de siste 8 årene. Det er utrolig gledelig at vi nå blir i stand til å oppbevare Hedmarks rike kulturarv på beste måte for fremtiden. Det seier administrerande direktør i Anno Museum Sven Inge Sunde på heimesida til museet. Jubelen ved Anno Museum er stor etter at regjeringa kjem med framlegg om eit tilskot på 11 millionar i statsbudsjettet.

Frå Kristiansand til Vadsø

Regjeringa føreslår totalt sett 285 millionar til prosjekt i kategorien «nasjonale kulturbygg» i 2019. Det går fram av framlegget til statsbudsjett, som kom i dag. Desse museumsbygga får ifølgje ei pressemelding frå Kulturdepartementet mest i 2019:

  • Anno museum 11 millionar.

Løyvinga skal gå til eit dokumentasjonssenter på Elverum – eit nybygg på området til Glomdalsmuseet. Bygget i massivt tre skal løyse behova for fellesmagasin for både Anno museum og Norsk Skogfinsk Museum. Totalbudsjett for prosjektet: 170 millionar kroner.

  • Sørlandets kunstmuseum: 10 millionar.

Museet skal bygge om ein tidlegare kornsilo til nye lokale for å verne og formidle samlingane til museet, ikkje minst ei kunstsamling donert av Nicolai Tangen. Totalbudsjett for prosjektet: 530 millionar kroner.

  • Telemark museum: 10 millionar.

Dette skal gå til oppføring av eit nybygg i Brekkeparken i Skien for å gje museet eit heilårsope museumstilbod og betre arbeidstilhøve for dei tilsette. Totalbudsjettet for prosjektet: 136 millionar kroner.

  • Vadsø kommune/Varanger museum: 10 millionar.

Vadsø kommune har kjøpt det gamle NRK-bygget i Vadsø for å huse Varanger museum. Prosjektet inneber ombygging, slik at bygget mellom anna kan fungere som eit nasjonalt senter for kvensk/norskfinsk kultur. Totalbudsjett for prosjektet: 67 millionar kroner.

18 nye prosjekt

Regjeringa har sett av pengar til i alt 18 nye prosjekt. Desse kjem i tillegg til vidareføring av åtte prosjekt som alt er vedtekne, til dømes det nye Munchmuseet i Oslo. Andre som får støtte i denne runden er mellom anna Bymuseet i Bergen, Norsk Folkemuseum, Mjøsmuseet og Valdresmusea. Heile oversynet er å finne her.

– Samlinga vert skadd kvar dag

Kunnskapsdepartementet har òg ansvar for ei rekkje museum. Blant dei er Vikingskipshuset, som ligg under Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo (UiO). UiO-rektor Svein Stølen reagerer sterkt på at det ikkje ligg pengar til vedlikehald av Vikingskipshuset i statsbudsjettet:

– Politikerne synes dessverre ikke å ha tatt innover seg hvor dramatisk situasjonen er. For hver dag som går skades samlingen, og uten midler til nødvendig sikring fortsetter den alvorlige ødeleggelsen, seier Stølen i ei pressemelding frå Universitetet i Oslo. UiO viser til at ein det siste året har oppdaga nye skadar ved både Gokstadskipet og Osebergskipet, og i sommar måtte Gokstadskipet akutt støttast opp. «Uten omfattende sikring vil skipene langsomt brytes ned og til slutt kollapse over dagens oppstøttinger», heiter det i ei kritisk pressemelding frå UiO.

Les også: