– Status quo er ikkje løysinga
LUKK
Annonse
Annonse

- Status quo er ikkje løysinga

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. mars 2016 kl. 12:05

- Det har aldri vore på tale å leggje ned aktiviteten ved statsarkiva, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Fakta
<

Det vekte sterke reaksjonar så kulturministeren i ei pressemelding uttalte at regjeringa støttar ei omorganisering av Arkivverket: Omorganiseringa «inneber ei styrking av statsarkiva, og ikkje ei nedlegging, slik nokre har hevda. Det har aldri vore foreslått», skriv Hofstad Helleland.

Fleire tilsette i Arkivverket, blant anna avdelingstillitsvald Jo Rune Ugulen, meiner påstanden om at det aldri har vore meininga å leggje ned statsarkiva, er løgn.  

– Det var ikkje dette som låg i forslaget som det vart forhandla om. Grunngjevinga for brottet i forhandlingane, var at fagforeiningane ikkje kunne gå med på ein modell med fjernleiing, utan ein fast leiar eller statsarkivar på staden.

Brei politisk semje

I eit tilsvar til Forskerforum  skriv kulturministeren følgjande:

– Det har aldri har vore på tale å leggje ned aktiviteten eller arbeidsplassane ved statsarkiva.

Ho skriv vidare at det er viktig å streke under at Arkivverket er éin etat, og er leia av Riksarkivaren som delegerer og fordeler oppgåver i etaten.

– Det er brei politisk semje om at regionale oppgåver bør løysast regionalt, samtidig er det behov for spesialisering mellom statsarkiva for å gjere Arkivverket betre rusta til å løyse dei nye oppgåvene knytt til elektronisk arkiv og sikre dette materialet for ettertida. Å vidareføre status quo er ikkje løysinga på utfordringane, skriv Hofstad Helleland.