Viss ikkje staten endrar posisjon, kan det bli litt av eit risikoprosjekt, skriver Unio-leiar Ragnhild Lied.
Lied, Ragnhild (Unio)
I haust såg vi konturane av ein konstruktiv prosess, som kunne legge grunnlaget for visse endringar i pensjonsordninga. Det har blitt skusla vekk, skriv Ragnhild Lied.

KS klarte det. Oslo kommune klarte det. Men staten, som gjerne vil kalle seg frontfag i offentleg sektor, klarte det ikkje: Å kome fram til forhandlingsløysing med alle hovudorganisasjonane.

Når ein ser kommentarar frå kommunalminister Jan Tore Sanner og frå personaldirektør Gisle Norheim, verkar det som om ein ikkje eingong var i nærleiken. Om staten ikkje får det til, eller rett og slett ikkje vil, er det same akkurat no. Det neste er mekling. Viss ikkje staten endrar posisjon, kan det bli litt av eit risikoprosjekt. Streikefaren er til å ta og kjenne på.

Alle hovudsamanslutningane kravde forhandlingsrett på pensjon, i tråd med føringar frå Stortinget, og i samsvar med ordninga frå 2009. Den gongen var det til og med avklart at det kunne vere uravrøysting, sjølv om det var eit mellomoppgjer. Det regjeringa svarar er at offentleg tenestepensjon er lovfesta. Som om det er noko nytt! Det er velkjent. Men det bør vere like velkjent at det er solid tradisjon for at eventuelle justeringar i pensjonsordninga blir lagt fram for partane i tariffoppgjer. Når regjeringa, og staten som forhandlingspart, legg til at dei vil ha ein «inkluderande prosess med partane», er det knappast truverdig. I det siste har dei i praksis vist noko heilt anna.

Det heile er så merkeleg at det blir mistenkeleg. I haust såg vi konturane av ein konstruktiv prosess, som kunne legge grunnlaget for visse endringar i pensjonsordninga. Det har blitt skusla vekk av det eine departementet etter det andre. Fordi regjeringa vil ha meir drastiske endringar – ei dårlegare pensjonsordning for offentleg tilsette?

At Akademikerne ofra kravet om forhandlingsrett på pensjon, er inga bombe. Der i garden er lukka i livet at arbeidsgjevar lokalt skal fordele pengar. Og så satsar dei vel på at andre skal ta seg av fellesvilkår som gjeld alle – sentralt.

Det er heller inga bombe at statsråd Sanner og Akademikerne omfamnar kvarandre i aversjon mot sentrale forhandlingar og streikerett.

Statsråden kallar dette «et viktig skritt videre med å fornye og forbedre offentlig sektor». Han har kanskje rett i at det er fornying. Men dei mange som risikerer tapt kjøpekraft og svekka forhandlingskraft ser det som det det er: Forverring. For dette kjem på toppen av svært tronge økonomiske rammer.

Difor har statsråden og hans folk hovudansvaret for forhandlingsbrotet. Antakeleg ville dei ikkje få det til.

Brudd i lønnsforhandlingene med staten

Enighet i kommunesektoren