Sterke band mellom akademia og oljeindustrien haustar kritikk. Er oljeboikott eller samarbeid vegen å gå for universiteta?
strid-om-oljeforsking

Fleire norske universitet er nært knytte til oljeindustrien.
strid-om-oljeforsking

– Den enorme økonomiske makta til oljeselskapa er ein viktig grunn til at det skjer så lite i klimapolitikken, seier Bill McKibben. Foto: 350
strid-om-oljeforsking

Forskingssamarbeid mellom næringsliv og akademia har vore viktig for norske regjeringar av alle fargar, ifølgje Dag Rune Olsen. Foto: Leif Skar
strid-om-oljeforsking

– For UiS er det viktig å bidra med forskingsbasert kunnskap til ei næring som er så viktig for regionen vår og for Noreg, seier rektor Marit Boyesen. Foto: Morten Berentsen
strid-om-oljeforsking

– Det er vanskeleg å diskutere etikken i oljeproduksjonen fordi oljepengane kjem alle til gode, seier Morten Tønnessen.
strid-om-oljeforsking

– Det er ikkje mange tiår sidan vi etablerte god petroleumsforsking. Vi må kunne handtere at æraen no tek slutt, meiner Peter M. Haugan. Foto: Paul Sigve Amundsen

Den amerikanske journalisten Bill McKibben sit på kateteret i eit auditorium på Blindern («Eg vonar det er greitt at eg pratar sitjande, det er ei strevsam veke»). Dagen før har han teke imot den aller siste Sofie-prisen for miljø og berekraftig utvikling. I dag snakkar han for universitetsfolk og politikarar om kvifor organisasjonen hans, 350, vil at universitet, kyrkjesamfunn og pensjonsfond skal trekke investeringane sine ut av selskap som driv med fossil energi. Slagordet er at dersom det er gale å øydeleggje klimaet, så er det også gale å tene pengar på øydelegginga.

– I 2011 talde vi opp dei oppdaga fossile reservane til energiselskapa. Dei utgjorde fem gonger så mykje som vi kan brenne dersom vi vil halde oss under to graders global oppvarming. Sidan har Verdsbanken, Det internasjonale energibyrået og FNs klimapanel kome til same konklusjon. Det vil seie at dersom fossilindustrien får lov til å følgje forretningsplanen sin, går det gale for oss alle saman. Og industrien er fast bestemt på å brenne alle reservane sine. Det gjer fossilindustrien til ein skadeleg industri. Vi meinte at det var på tide å gå til det uvanlege steget å prøve å svekke ein industri for å gjere politisk endring mogleg, seier han.

Problematisk Statoil-avtale

Kampanjen som organisasjonen 350 har sett i gang, følgjer ein tradisjon frå tidlegare kampanjar mot mellom anna tobakksindustri og mot apartheidregimet i Sør-Afrika. Men kampanjen mot fossilindustrien har vakse mykje raskare enn tidlegare kampanjar. Høgdepunktet så langt kom då Arbeidarpartiet nyleg foreslo å trekkje det norske oljefondet ut av kol-investeringar. Nyhendet gjekk verda rundt på ein augneblink. Samanlikna med amerikanske universitet disponerer ikkje dei norske universiteta store fondsmidlar.

Til gjengjeld er fleire av dei nært knytte til oljeindustrien i form av samarbeidsavtalar og forskingsstøtte. I slutten av oktober signerte til dømes Universitetet i Bergen ein fornya femårig samarbeidsavtale med Statoil til ein verdi av 55 millionar kroner. Avtalen er ein rammeavtale der pengane skal gå til prosjekt som er relevante for Statoil sine aktivitetar på norsk sokkel, til dette høyrer både auka oljeutvinning, gasshydratutvinning og geotermisk energi. Det førte til debatt i lesarbrevspalta til universitetsavisa På Høyden.

Pyntar seg med prinsipp?

Professor ved Geofysisk institutt og universitetsstyremedlem Peter M. Haugan er mellom dei som kritiserer avtalen.

– Eg har to grunnar til det. Den eine er reint forskingsstrategisk: Når vi har høve til å styre strategiske midlar, bør vi styre dei mot dei store måla som er viktige ti år fram i tid, ikkje mot optimalisering av industrielle problem som kanskje heller høyrer heime i industrien si eiga forsking, seier han.

Den andre grunnen er forskingsetisk. Haugan legg ikkje skjul på at han er blitt meir og meir oppteken av at etikk ikkje berre skal gjelde pasientopplysingar og forsøksdyr, men at det må inn i dei heilt grunnleggjande forskingsdiskusjonane.

– Ofte blir det formulert forskingsetiske prinsipp som alle kan slutte seg til. Føre-var-prinsippet er til dømes allment akseptert. Skal ein peike ut eitt forskingsområde som ikkje medverkar til berekraft, må det vere å forlengje fossilalderen. Etter mi oppfatting må forsking med det føremålet å auke oljeutvinninga vere svært vanskeleg å sameine med føre-var-prinsippet. Om prinsippa våre ikkje skal brukast i dette tilfellet, kva tid skal dei då brukast? Er dei berre til pynt?

Då studentane sa nei

Lat oss gå attende til august i fjor. Då samla Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo seg for å meisle ut den politiske plattforma for det neste året. Der vedtok dei mellom anna å arbeide for at UiO ikkje skal «drive med forskning som øker eller forlenger petroleumsutvinning».

– Det var viktig for oss å få fram studentane si oppleving av kor farlege klimaendringane er. Vi trur at universitetet tek dei på alvor, men dei er likevel ikkje klare til å sette seg ned og gjere beinharde prioriteringar. Forskingsverksemda har ingen klar retning, ein skal ha litt av alt, seier Solveig Figenschou, som var nestleiar i arbeidsutvalet då vedtaket vart gjort.

Studentparlamentet sitt vedtak vart grundig låtteleggjort både av politikarar og media. «Trolig driver de bare og øver seg på politikk», kommenterte Astrid Meland i VG. Figenschou meiner snarare at det faktum at studentane skal overta samfunnet, gjev dei større legitimitet i denne saka.

– Vi tenkte at dersom vi greier å setje temaet på dagsordenen, spesielt i fagmiljøa, så kjem vi kanskje eit steg vidare. Universiteta har eit spesielt ansvar. Mange er opptekne av at forsking skal vere nøytralt, men vi har kunnskap i det vide og breie om kva klimaendringane vil føre med seg, og difor meinte vi det er vitskapleg sunt å gå inn for å stogge dei, seier Figenschou.

– Forskinga ikkje nøytral

Det var rett nok ikkje alle som lo. På Universitetet i Stavanger sat førsteamanuensis i filosofi og tidlegare styremedlem Morten Tønnessen og las om initiativet. Han kontakta studentorganet ved UiS for å foreslå at dei tok opp stafettpinnen, men fekk aldri nokon respons. UiS driv utstrekt forskings- og utdanningssamarbeid med oljeselskap, og fagmiljøa held svært høgt nivå. I august i år vart UiS tildelt det nye nasjonale forskingssenteret for auka oljeutvinning, i konkurranse med forskingsmiljø i Trondheim og i Bergen.

– Mitt inntrykk er at korkje på leiingsplan eller mellom studentane er spørsmålet om samarbeid med oljebransjen oppe til diskusjon. Eg vil påstå at UiS med sin forskingspolitikk ikkje tek klimaproblemet alvorleg. Eg skulle gjerne sett det etiske forsvaret for denne forskingspolitikken, seier Tønnessen.

Han etterlyser først og fremst kritisk refleksjon rundt forskingsprioriteringane ved UiS. Å ikkje diskutere etikken er ikkje det same som å vere nøytral, meiner han.

– Forskingspraksisen vår er jo allereie politisert, fordi det å medverke til auka oljeutvinning er kontroversielt i Noreg og internasjonalt. Å ikkje ta debatten vil berre seie å leggje lokk på den praksisen som er der. Eitt problem her er at når eg snakkar om mangel på kritisk refleksjon, så kan eg seie det same om det politiske Noreg. Det er eit massivt fleirtal på Stortinget for å hente opp mest mogleg fossile ressursar, og slik sett er praksisen til UiS heilt i tråd med gjeldande norsk politikk. Men eg meiner eit universitet har eit spesielt samfunnsansvar når det gjeld effektane av forskinga dei driv med.

Stigma får følgjer

Nettopp dette spesielle samfunnsansvaret er det Sofiepris-vinnar Bill McKibben viser til når han ber universiteta gå i bresjen for å svekke oljeindustrien. Sjølv om kampanjen først og fremst rettar seg mot investeringar, er forskingssamarbeid også ein del av biletet. I vår protesterte studentar og tilsette ved University of Oxford mot opninga av eit nytt forskingslaboratorium sponsa av Shell.

Frå det same universitetet kom det nyleg ein rapport som viste at det er stigmatiseringa som er det viktigaste resultatet av de-investeringskampanjar. Forskarane samanlikna utviklinga av nokre slike kampanjar og slo fast at sjølv om dei direkte økonomiske konsekvensane for industrien er små, kan kampanjane ofte leie til krav om endra åtferd, utestenging frå konkurranse om kontrakter, eller vanskar med å finne samarbeidspartnerar. I nesten alle tilfella forskarane i Oxford studerte, hadde kampanjane ført til meir restriktiv lovgjeving.

Ein ting er å trekkje ut investeringsmidlar. Fleire og fleire finansaktørar peikar no på at å sitje med aksjar i fossil industri uansett er økonomisk risikabelt, fordi ein dermed gamblar på at verda ikkje kjem til å gjere noko for å ta målet om maks to graders oppvarming alvorleg. Gjer verda det, så vil dei fossile energiselskapa synke kraftig i verdi fordi dei store reservane, som no er oppførte som aktiva i rekneskapen, brått blir ubrukelege.

Men kan ein dermed seie at eit universitet ikkje bør samarbeide med, eller ta imot forskingsmidlar frå, fossilindustrien? Svaret på det er ikkje opplagt.

Kan ikkje isolere oljeforskinga

UiS-rektor Marit Boyesen er på Transatlantic Science Week i Washington DC i lag med alt som kan krype og gå av norske forskingspolitiske aktørar. I ein epost nemner ho at i underkant av 40 internasjonale oljeselskap har hovudkontor i regionen deira. «UiS har utdanna petroleumsingeniørar sidan tidleg i 70-åra, og fleire fagområde har hatt sterk utvikling som følgje av petroleumsnæringa, både naturvitskaplege fag, teknologiutvikling og ikkje minst utvikling innan miljøteknologi, risikostyring og tryggleik. Mykje av den kunnskapen som er utvikla i samband med oljeverksemda, kan overførast til andre område», skriv ho.

Ved UiB har rektor Dag Rune Olsen engasjert seg i debatten i universitetsavisa, mellom anna ved å vise til at berekraftomgrepet ikkje berre omfattar miljø, men også økonomisk og sosial utvikling, og at desse dimensjonane må vegast mot kvarandre. Til Forskerforum peikar han på at sjølv om petroleumsforsking er ein viktig del av Statoil-avtalen, vil pengane gjere at UiB også i større grad kan satse på forsking for fornybar energi og energiomstilling. Statoil skal ikkje vere oppdragsgjevar for prosjekta.

– Dessutan er det viktig med fagleg fridom, også til å forske på område som vi meiner er interessante, sjølv om dei er kontroversielle. Likevel er Noreg si rolle som olje- og gassprodusent eit viktig etisk og politisk tema, og det ligg i universitetet sine grunnverdiar at vi ønskjer slike debattar velkomne, seier han.

Diplomati eller boikott?

Peter M. Haugan har heller ikkje noko klart svar på korleis UiB bør stille seg når det gjeld forskingssamarbeid generelt.

– Om vi samarbeider med selskap som Statoil, medverkar vi då til å gje dei betre rammevilkår gjennom positiv merkevarebygging? Det ser eg problem med. Men Statoil driv jo også med fornybar energi. Skal vi late vere å samarbeide med dei om slike prosjekt også? Det blir eit spørsmål på line med om det er rett å boikotte eller gå i dialog med land som fører politikk vi ikkje kan akseptere. Forsking er jo nettopp eit område der ein ønskjer samarbeid. Det finst døme på at land som står mot einannan politisk, har samarbeidd om forsking med positivt resultat også på andre område enn dei konkrete forskingsprosjekta. Dette er ein diskusjon der eg ikkje føler eg har god støtte i eit overordna prinsipp som trumfar alle andre omsyn, seier han.

Slepp ikkje unna debatten

Morten Tønnessen ved UiS meiner det er flott dersom eit oljeselskap vil gje pengar til universitetet for at dei skal forske på fornybar energi, men det må ikkje få bli eit gissel.

– Eg meiner ein først må spørje kva type forsking som er samfunnsgagnleg. Når det gjeld UiS, så er nok ein av grunnane til at det er kontroversielt å diskutere petroleumsforskinga, at dette er eitt av fagmiljøa vi er mest stolte av. Forskinga blir mykje sitert, held høg kvalitet og trekkjer til seg mykje pengar. Eg trur den akademiske og kommersielle suksessen til petroleumsforskinga medverkar til at den etiske diskusjonen blir kopla ut.

I auditoriet på Blindern er Bill McKibben i ferd med å avslutte. Han seier at Noreg står i ein spesiell situasjon når det gjeld kampen mot klimaendringar.

– Då Noreg starta med å tene pengar på fossil energi, verka det som ein god idé. Det var som å vinne i rulett. Men seinare har vi fått ny kunnskap. No kunne Noreg ta gevinsten og gå, og sette desse pengane i meir berekraftige ting, seier han.

I salen sit norske toppforskarar og politikarar. Få dagar seinare kjem framlegget om å trekkje oljefondet ut av kol-investeringar. Debatten har berre så vidt starta.