Student vart medlem nr. 20 000
LUKK

Student vart medlem nr. 20 000

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 8. april 2016 kl. 14:19

Forskerforbundet har sett ny medlemsrekord. Medlem nummer 20 000 er student.

student-vart-medlem-nr--20-000


– Nye generasjonar har kanskje andre måtar å tenkje om fagforeiningsarbeid på, seier Petter Aaslestad.

student-vart-medlem-nr--20-000


Vetle Hushagen vart medlem nummer 20 000. Foto: Privat.

Vetle Hushagen er bachelorstudent i psykologi ved UiT – Noregs arktiske universitet. Det var ein plakat om eit kurs i å forbetre karakterane og utnytte studietida betre, som fanga merksemda hans.
 
– Så eg meldte meg inn i Forskerforbundet for å kunne delta på kurset. Eg vonar eg får lære nokre nyttige studieteknikkar der, seier han.
 
Hushagen har også noterte seg tilbodet om medlemsforsikring, men medlemskapet er for ferskt til at han har rukke å gjere noko med det.
 
– Ekstra stas med student
 
No ventar premien, ein el-sykkel, som Forskerforbundet lova til den som fekk medlemstalet til å passere den magiske 20 000-grensa. Forbundesleiar Petter Aaslestad gler seg til å reise til Tromsø og overrekke premien og treffe den unge medlemen.
 
– 20 000 medlemmar har vore ei målsetting for Forskerforbundet, og det er ekstra stas at det vart ein student. Vi har satsa målretta på studentrekruttering dei siste par åra, og det er viktig at studentane møter Forskerforbundet ved sine utdanningsinstitusjonar. Dei kjem seinare til å få jobbar i kunnskapsorganisasjonar av svært ulik art, som alle kan høyre heime i Forskerforbundet, seier han.
 
Fornyar organisasjonsarbeidet
 
Forskerforbundet har ikkje den same umiddelbart tydelege profesjonstilknytinga som ein del andre fagforeiningar, og forbundet har difor arbeidd aktivt den siste tida med arrangement og tilbod som studentane etterspør. Det er viktig å trekkje dei yngre gruppene inn i organisasjonen, meiner Aaslestad.
 
– Nye generasjonar har kanskje andre måtar å tenkje om fagforeiningsarbeid på, og kan ha mykje å tilføre fagforeiningsdiskursen, seier han.
 
Vetle Hushagen har knapt rukke meir enn å fylle ut innmeldingsskjemaet førebels. Men han er spent på elsykkelen.
 
– Eg har hatt ein kneskade som har hindra meg i å sykle, men vonar eg får nytta han.