Tankar til ingen nytte
LUKK

ANMELDELSE:

Tankar til ingen nytte

Av Aksel Kjær Vidnes

Publisert 13. september 2011 kl. 11:39

Av Lars Nyre

tankar-til-ingen-nytte

Fakta
<

Grunntonen i boka er dyster og velkjent. Humaniora er i krise. Universitetet har vorte ei «kunnskapsbedrift» driven med new public management. Studentane har vorte kundar, publisering vert målt kvantitativt, forskinga må skje i store grupper som liknar på eit firma, og sal av forskingsresultat har vorte ein dyd. Alle universitetsfaga går gjennom same endringsprosessar, men humaniora vert ramma spesielt fordi han nærast av natur er unyttig og difor er spesielt lite konkurransedyktig.

Introduksjonen slår likevel an ein optimistisk tone. Redaktørane er unge og svoltne, og vil belysa fortolkingsfagas «positive program». I staden for å vera eit manifest for korleis humanistar kan fremja faget sitt i kampen om midlar og offentleg merksemd, så handlar Humanioras fremtid mest om humanioras fortid.

Gry Brandser gjer ein skarpsindig historisk analyse av tydinga av bokstaven H i det tyske alfabetet på slutten av 1700-talet. Kyrre Kverndokk skriv om «mediedekninga» av jordskjelvet i Lisboa i 1755, og Nils Gilje skriv om den store satsinga på tysk åndsvitskap under naziregimet. Slike tekstar har humanistar alltid vore gode til å skriva, og slik sett er boka veldig god.

Men som vanleg når humanistar skriv, så er det mest kritikk. Boka framstår som eit negativt program fullt av åtvaringar om kva humanistar ikkje må gjera. Den beste kritikken kjem frå Nils Gilje. Han viser korleis det kan oppstå «epistemisk drift» når dei interne krava i vitskapen vert undergravne, til dømes av politiske trendar. Gilje brukar Arne Næss’ omfattande omtale av Mao Zedong i Filosofiens historie (1980) som eksempel. Medan Immanuel Kant berre får 9 sider, får Mao heile 31 sider. Næss driv med «ukritisk gjengivelse av propaganda fra den kinesiske kulturrevolusjonen», og utviser ein «utrolig politisk naivitet», skriv Gilje. Eg tilrår alle som tok ex.phil. på tidleg 80-tal, å tenkja over kva slags epistemisk drift dei var offer for.

Utover det historiske og kritiske programmet er ikkje boka særleg løysingsorientert. Eller kanskje kan ein seia at Pål Veiden har det beste løysingsforslaget. «Humanister kan med stor styrke vektlegge den unyttige skjønnhet og den gode innsikt, som ikke har forbindelse til organisasjon og orden, bare til den enkeltes moral.» Dette idealet er vanskeleg å gjennomføra, men verdt å streva etter.

I sum er Humanioras fremtid eit symptom på det problemet ho vil løysa. Skribentane går kvar sin veg innover i historia og tekstane, og kvar ein overordna tanke forsvinn. Dersom dei skal få større makt, må humanistane definera kva som er nyttig for menneska i framtida, og søka koordinert definisjonsmakt over den nytten dei kjem fram til. Då måtte normverket vera langt meir gjennomtenkt og formulert enn i notidas nytteorientering, og forslaga til framtidig praksis måtte vera konkrete nok til at samfunnsvitarar og teknologar kunne jobba vidare med dei. Ikkje minst måtte det vera ei viss einigheit om målet.

Forget about it.