Av Forskerforum
Publisert 8. desember 2014 kl. 16:58
LOKALE LØNNSFORHANDLINGAR: Universitetet i Bergen (UiB) må punge ut med meir om dei skal halde på dei gode hovuda, meiner Steinar Vagstad, lokallagsleiar i Forskerforbundet.
Sjølv om fleire tilsette har runda ein million kroner i løn, meiner han at det ikkje er godt nok.
– Dersom vi vil lage eit godt universitet for framtida, må UiB vere ein attraktiv arbeidsplass. I dag kan studentane i nokre fag gå til spanande stillingar der dei tener meir, får fast jobb – og i nokre tilfelle får forske like mykje som ved UiB, seier Vagstad til På høyden.