Tidsskrift fryktar dyr forfattarbetaling
LUKK

Tidsskrift fryktar dyr forfattarbetaling

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 9. mai 2016 kl. 10:20

Må uavhengige forfattarar betale tusenvis av kroner for å få publisert ein artikkel, undrar tidsskriftredaktør.

Nordisk museuologi 2

Det blir vanskeleg å finansiere den delen av tidsskriftet som ikkje er fagfellevurdert, meiner redaktøren av Nordisk Museologi.

Frå 2017 må nasjonale fagtidsskrift som får produksjonsstøtte frå Forskingsrådet, vere opne tilgjengelege. Ikkje alle har gode løysingar for å dekke inn bortfallet av abonnementsinntekter.

– Eg forstår det slik at tidsskrifta kan gå over til å krevje forfattaravgift for artiklane, som kan dekkast av publiseringsfonda ved institusjonane. Men vårt tidsskrift har mange forfattarar som ikkje er tilsette ved ein institusjon med publiseringsfond. Dei kan vere tilsette ved museum eller uavhengige forskarar. Må dei stable på beina 10 000 kroner for å få publisert ein artikkel? spør professor og redaktør for tidsskriftet Nordisk museologi, Brita Brenna.

Støtte for tidsskrift

For tida arbeider forskingspubliseringssystemet Cristin, Universitets- og høgskulerådet (UHR) og Forskingsrådet med å gjere dei nasjonale fagtidsskrifta innanfor samfunnsvitskap og humaniora tilgjengelege for alle. Forskingsrådet har lenge hatt ei ordning med produksjonsstøtte til slike tidsskrift. No ligg det an til at støtta blir vidareført som ei årleg løyving til eit nasjonalt konsortium for opne tidsskrift, som Cristin, Forskingsrådet og UHR skal administrere i fellesskap. Ordninga kan dekke inntil 50 prosent av driftsutgiftene til tidsskrifta.

Tidsskriftet Brita Brenna er redaktør for, er eit nordisk tidsskrift og fell utanfor den nasjonale støtteordninga. I staden får dei støtte gjennom ei tilsvarande ordning frå Nordisk samarbeidsnemnd for humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking. Spørsmålet er korleis den andre halvparten, som no kjem frå abonnementsinntekter, kan skaffast.

– Vi vil gjerne tilby open tilgang om vi får det til, for vi vil jo at artiklane våre skal bli lesne. Det spesielle med Norden er at vi har fleire humanistiske vitskaplege tidsskrift som også blir lesne av det allmenne publikumet, og det har stor verdi for debatten, seier ho.

– Inga løysing i dag

Seniorrådgjevar i UHR, Vidar Røeggen, fortel at dei fleste av tidsskrifta det er snakk om, hovudsakleg får bidrag frå tilsette ved universitet og høgskular. Då vil den naturlege løysinga vere å innføre forfattarbetaling som blir dekt av institusjonane gjennom publiseringsfond, som dei fleste har etablert.

– Men så er det dei tidsskrifta som har bidragsytarar utanfor institusjonane. Per i dag har vi ikkje noka løysing for dei, vedgår Røeggen.

Han vonar ein kan få til eit nasjonalt fond som kan dekke forfattaravgiftene for forskarar utanfor UH-institusjonane. Innspelet ligg no på bordet til ei arbeidsgruppe som skal kome med framlegg til nasjonale retningsliner for open tilgang til forsking. Gruppa skal levere rapporten sin i juni.

– Det er ikkje snakk om mykje pengar i eit slikt fond, men det vil vere heilt avgjerande for dei det gjeld. Føresetnaden må vere at tidsskriftet er godkjent som vitskapleg publiseringskanal, seier Røeggen.

Fryktar for bokmeldingane

Eit anna problem med forfattarbetaling er at det blir vanskeleg å finansiere den delen av tidsskriftet som ikkje er fagfellevurdert, som bokmeldingar og debattinnlegg. Institusjonane vil neppe betale for det, trur Brenna.

Vidar Røeggen er klar over problematikken.

– Difor er eg skeptisk til rein forfattarbetaling per artikkel, for det vil føre til ei einsretting av tidsskrifta der institusjonane vil prioritere dei reine forskingsartiklane, medan vi vil miste tilleggsstoffet som er så viktig for debatten. Så vi må få til ei løysing som let oss ta vare på bokmeldingane og debattinnlegga. Det står att ein del arbeid her, men eg vonar vi får det til, seier han.

Redaksjonen i Nordisk museologi har no bestemt seg for å publisere artiklane ope på nett ved hjelp av publiseringstenesta som Universitetsbiblioteket i Oslo tilbyr, men samstundes selje abonnement på papirutgåva.

– Det kan jo hende vi med dette slår beina under vårt eige eksistensgrunnlag. Men vi skal i alle fall prøve og sjå korleis det går, seier Brita Brenna.

LES OGSÅ: