To engasjement (2 år) og inntil fire faste stillingar ledige som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar i tilsynsavdelinga

NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, er eit fagleg uavhengig forvaltningsorgan med kompetanse innanfor norsk og utanlandsk høgare utdanning og fagskuleutdanning. Føremålet til NOKUT er å sikre og fremje kvalitet i høgare utdanning og fagskuleutdanning ved å:
-føre tilsyn med, informere om og bidra til å utvikle kvaliteten på norske utdanningar og utdanningsinstitusjonar

-godkjenne og informere om utanlandsk utdanning og informere om vilkåra for godkjenning av utanlandsk kompetanse i Noreg

NOKUT sitt arbeid skal bidra til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten på norsk høgare utdanning og fagskuleutdanning samt godkjend høgare utanlandsk utdanning. NOKUT har ca. 140 tilsette og held til i Drammensveien 288 på Lysaker. Sjå www.nokut.no for meir informasjon.

Vil du bli del av ei verksemd med stort fagleg engasjement, der vi jobbar kontinuerleg for å sikre og vidareutvikle kvaliteten på norske universitet, høgskular og fagskular? Då er denne jobben for deg!

NOKUT er inne i ei spennande utvikling og aukar innsatsen for kvalitet i utdanninga. Vi ser etter medarbeidarar med høg kompetanse som gjennom eigne erfaringar kjenner utdanningsprosessane i høgare utdanning, og kan bruke denne erfaringa til å vere med på å utvikle NOKUT vidare.

Tilsynsavdelinga har 36 tilsette fordelt på tre seksjonar, som har ansvar for å føre tilsyn med utdanningskvaliteten ved norske universitet, høgskular og fagskular. Dette inneber blant anna akkreditering av og tilsyn med studietilbod og institusjonar, og tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet til institusjonane. I tillegg har avdelinga ansvar for ei rekkje spennande evaluerings- og utviklingsprosjekt som skal bidra til informasjon om kvaliteten, og til kvalitetsutvikling, i sektoren.

Ettersom tildelingsbrevet til NOKUT vil komme seinare i desember, kan det bli endringar i fordelinga mellom engasjement og faste stillingar.

Arbeidsoppgåver

Aktuelle arbeidsoppgåver i stillingane er:
· prosjektleiing/koordinering av akkrediterings-, tilsyns- og evalueringsprosessar
· saksbehandling og utforming av rapportar, analysar og utgreiingar
· å vere fagleg støtte for NOKUTs sakkunnige komitéar
· vidareutvikling av metodane våre for akkreditering, tilsyn og evaluering
· planlegging og gjennomføring av prosjekt
· administrative oppgåver knytte til ulike arrangement, utgreiingsarbeid o.l.
· kunnskapsspreiing og rettleiing

Kvalifikasjonar

Til desse stillingane ønskjer vi søkjarar med ulik kompetanseprofil. Til fleire av stillingane ønskjer vi søkjarar med erfaring anten frå undervisning/forsking eller strategisk arbeid ved universitet/høgskule. Her vil det vere ein fordel om du har erfaring frå arbeid med utdanningskvalitet, læringsutbytte og/eller vurdering.

I nokre av stillingane vil arbeidsoppgåvene romme ein del saksbehandling, så vi ønskjer også søkjarar med relevant saksbehandlarerfaring frå offentleg eller privat verksemd.

I tillegg er det viktig at du har god kjennskap til utdanningssektoren, og du må ha utdanning på minimum mastergradsnivå. Du må skrive godt på norsk og engelsk, og kunne bruke begge som arbeidsspråk.

Personlege eigenskapar

• er initiativrik, og kan arbeide både sjølvstendig og i team
• er god til å kommunisere og liker å arbeide med mange forskjellige slags menneske

NOKUT freistar å ha medarbeidarar frå ulike fagområde i staben sin, og vi ønsker eit breitt tilfang av søkarar velkomne. Vi legg vekt på at du er personleg eigna for dei rollene stillingane skal fylle.

Vi tilbyr

• eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling
• medlemskap i Statens pensjonskasse
• gode velferdsordningar som fleksibel arbeidstid, mobiltelefonordning og treningsfasilitetar
• lønnsvilkår etter kvalifikasjonar:
-førstekonsulent kode 1408, lønnsspenn kroner 412 600 – 466 500
– rådgiver kode 1434 , lønnsspenn kroner 462 000 – 558 500 (som hovedregel blir det krevd det minimum 2 års relevant arbeidserfaring og utdanning på masternivå)
– seniorrådgiver kode 1364, lønnsspenn kroner 512 700 – 661 700 (som hovedregel blir det krevd minimum 8 års relevant arbeidserfaring og utdanning på masternivå).

Andre forhold

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i folket. Difor er det eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og redusert funksjonsevne.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på ei offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjarar kan offentleggjerast sjølv om søkjaren sjølv har bede om konfidensiell handsaming. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf. offentleglova § 25.

Fleire opplysningar kan du få ved å kontakte seksjonssjef Hege Brodahl på telefon 970 86 176 eller seksjonssjef Helén Sophie Haugen på telefon 922 37 041, eller ved å sende ein e-post til: postmottak@nokut.no.

Me tek sikte på å gjennomføre tilsetjingsprosessen etter denne planen:
• Kandidatar vert kalla inn til intervju innan 2.januar 2018
• Førstegongsintervjua vert gjennomførte i veke 1 og 2 i 2018
• Andregongsintervjua vert gjennomførte i veke 3 i 2018

Søk på stillingene