To grøfter å falle i
LUKK

DEBATT

To grøfter å falle i

Av Kåre Fuglseth, Per Jarle Bekken, Idar Kjølsvik, Kathrine Moen, Raymond Lillevik og Trygge Andreassen

Publisert 11. april 2016 kl. 13:43

«Fagidioti» er like uheldig for ein lærar som mangel på fagkunnskap.

Forslaget til den nye femårige grunnskulelærarutdanninga (GLU) frå regjeringa er i desse dagar ute til høyring. Ei utviding av lærarutdanninga med eit heilt år er eit stort løft, både økonomisk og fagleg. Forslaget bryt med dagens lærarutdanning på nokre punkt, noko vi meiner er positivt. Statsråden har i praksis vald ei line med fagleg styrking i den nye lærarutdanninga, det vil seie at ein ikkje skal kunne ta master i pedagogikk, men berre i skulefagets didaktikk eller med fagdidaktisk profil. Dette er i tråd med ein gamal fagdidaktisk tese som framhevar innhaldet i undervisninga og læringa som sentrum i didaktisk praksis og teori.
Klasseleiing og teoriar om organisering av undervisning skjer ikkje, eller burde ikkje skje, i eit tomrom. 
Formale læringsteoriar (som i «å lære å lære» eller klasseleiing generelt) og materiale læringsteoriar (lære noko) går alltid hand i hand, og det nyttar ikkje å ta bort korkje det eine eller det andre, som den tyske didaktikaren Wolfgang Klafki poengterte så sterkt på 1960-talet. Fagdidaktikk som eige fag innanfor pedagogisk tenking er ikkje gamal, i Noreg kan ein finne ordet først nemnd tidleg på 1970-talet. Når han i dag står sentral i lærarutdanninga, er det nettopp av di ein har innsett kor viktig nettopp innhaldet er i refleksjonen kring læringsprosessane. Didaktikk eller undervisningslære er kjernen i all pedagogikk og har ofte konsentrert seg om forholdet mellom innhald, mål og metode. Men innhald har ein tendens til å falle ut. Klasseleiing og teoriar om organisering av undervisning skjer ikkje, eller burde ikkje skje, i eit tomrom. Det skjer alltid i arbeidet med eit fag eller eit emne. Ein lærer å lære ved å lære noko. Dette er i heilt samsvar med logikken i forslaget til 5-årig GLU, for pedagogikk og fagdidaktikk blir her sett til å samarbeide, både i FoU-oppgåva (som svarer til bacheloroppgåva i dag), i vitskapsteori og metode og i sjølve masterarbeidet.
Somme meiner at det på denne måten blir mindre pedagogikk i den nye lærarutdanninga enn i den gamle, som Utdanningsforbundet og andre har gjort det, til dømes i Klassekampen 14. mars og i eit opprop på opprop.net. Totalt sett er ikkje dette korrekt, sjølv om forslaget inneber ein reduksjon i prosent. Det er heller ikkje så lenge sidan pedagogikkfaget i lærarutdanninga vart dobla frå 30 til 60 poeng (2009). I dagens forslag får først pedagogikkundervisninga ein ressurs tilsvarande 15 studiepoeng som før gjekk til drifta av bacheloroppgåva, for denne ressursen vert no lagt til masterfaget eller eit anna skulefag. Så får pedagogikk meir tid og ressursar til undervisninga gjennom samarbeidet med dei fagdidaktiske miljøa om masteroppgåva. Eit slikt samarbeid kan til dømes vere felles kurs og rettleiing. Alt i alt vil difor pedagogikkfaget på lærarutdanninga kome styrkt ut. Vi veit òg at lærarstudentar er blant dei som brukar minst tid på studia sine, så det burde vere mogleg å auke krava til personleg arbeidsinnsats og eigalesing på alle område.
 
Forslaget til namnet på det nye faget er ei anna sak. Å kalle dette faget for profesjonsfaget er å seie at kunnskap om faga og faginnhaldet ikkje er ein del av profesjonsfaget. Det er litt uheldig, så det enklaste er kanskje å gå tilbake til namnet pedagogikk.
Å drive skule har alltid ei verdiretning.
 
Kritikken mot forslaget har særleg dreidd seg om ein ny modul i RLE-emne (religion, livssyn og etikk) som skal vere ein del av pedagogikk (profesjonsfaget). Statsråden har rett i at mykje av denne modulen alt var inne i PEL-faget (pedagogikk og elevkunnskap), og i tillegg ønskjer han å innføre nokre nye studiepoeng i meir direkte RLE-kunnskap. Det er i dag innført generelle reglar for fritak på religiøst- og livssynsbasert grunnlag i alle skulefag og skulens meir allmenne kulturtiltak, som skulegudsteneste. Dette er nytt i dagens skule og i heim-skulesamarbeidet krev dette ei var hand med stor RLE-innsikt. Men mykje av den typen kunnskap om RLE ein her har føreslått har òg alltid vore ein del av pedagogisk tenking, for å drive skule har alltid ei verdiretning. Han er alltid intensjonal, det vil seie med eit mål som inneber visse verdiar som igjen er alltid basert på eit menneskesyn med ulike religiøse eller livssynbaserte førestellingar. Å seie at RLE ikkje har noko med pedagogikk å gjere, er å gjere pedagogikk til eit instrumentalistisk fag med eit særs reduksjonistisk kunnskapssyn. Kunnskap kjem alltid i ein kontekst, og denne konteksten må ein lærar kjenne til, òg dei religiøse og livssynsbaserte aspekta. I dagens fleirkulturelle situasjon er desse aspekta viktigare enn nokon gong. 
 
Den polariseringa av debatten som vi no ser er uheldig. Det er to grøfter vi kan hamne i når vi diskuterer lærarutdanning. Den eine er å seie at alt dreier seg om fag, altså innhaldet. Den andre er at pedagogikk i lærarutdanninga kan drivast utan fag eller i samband med eit skuleemne, altså innhaldet. Begge delar er like gale. «Fagidioti» er like uheldig for ein lærar som mangel på fagkunnskap. Dette krev samarbeid i lærarutdanninga, noko forslaget legg opp til. Men tufta, grunnlaget, vil alltid vere innhaldet.
 
Forfattarane er tilknytt RLE-seksjonen, Nord universitet (Bodø, Nesna og Levanger)