Toppe meiner regjeringa trenerer evalueringa av statsarkiva
LUKK
Annonse
Annonse

Toppe meiner regjeringa trenerer evalueringa av statsarkiva

Av Johanne Landsverk

Publisert 8. februar 2018 kl. 07:00

Senterpartiet etterlyser ei evaluering av statarkiva. Men kulturminister Trine Skei Grande vil ikkje overprøve Riksarkivaren.

– Vi har ikkje fått den evalueringa av statsarkiva som Stortinget ønskte, og som dei tilsette også fekk lovnad om då dei sa ja til omorganiseringa, seier Kjersti Toppe, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Ho viser til oppslaget i Forskerforum om frustrasjonen blant tilsette i Arkivverket. Det har storma rundt etaten etter forslaget om å gå over til fjernstyrt leiing og ei radikal omlegging av rolla til statsarkiva i regionane. Då organisasjonane i Arkivverket skreiv under på avtalen om omorganisering, var føresetnaden at det skulle kome ei evaluering av statsarkivarrolla etter eit halvt år, og at heile omorganiseringa skulle vurderast etter eitt år. Dette har enno ikkje skjedd.

Les saka:

– Trenerer vedtaket

I fjor fremja Sp eit forslag til Stortinget om å stoppe omorganiseringa og heller styrke statsarkiva. Framlegget fekk ikkje fleirtal, men Stortinget vedtok eit kompromissforslag frå Arbeidarpartiet om at regjeringa skulle setje i verk ei «brei utgreiing» av arkivfeltet, med vekt på regionale arkivtenester. Denne utgreiinga er no slått saman med den lenge planlagde revideringa av arkivloven.

Les også: – Omorganiseringen av Arkivverket må stoppes

– Arkivlovutvalet som skal evaluere arkivloven, har fått som tilleggsmandat å sjå på statsarkiva si rolle. Det var ikkje dette Stortinget såg føre seg då dei gjorde vedtaket. Eg er veldig negativ til det. Dette vil ta lang tid, og den store effekten av omorganiseringa i Arkivverket skjer her og no, seier Toppe.

Toppe seier Stortinget sin vilje ikkje er følgd opp.

– Eg meiner dette er ei trenering av stortingsvedtaket, seier ho.

Ikkje støtte frå Grande

Ho har difor stilt skriftleg spørsmål til kulturminister Trine Skei Grande, der ho blant anna skriv: «Vil statsråden gjere ei evaluering av omorganiseringa av Arkivverket og legge dette fram for Stortinget, korleis vil statsråden sikre ei anna og meir positiv utvikling av statsarkiva og deira regionale arbeid og historiefagleg kompetanse (…).»

Toppe viser til at det framleis er stor misnøye i statsarkiva. Ho minner også om at Trine Skei Grande sjølv har vore sterkt engasjert i arkivsaker, og har stilt kritiske spørsmål til Stortinget om omorganiseringa av statsarkiva.

Kulturminister Trine Skei Grande. Foto: Wikipedia

Men no har Grande blitt kulturminister, og i svarbrevet til Toppe skriv Grande at ho har tillit til at Riksarkivaren tek ansvar for Arkivverket, den indre organiseringa og utviklinga av etaten.

– Eg ønskjer ikkje å overprøve Riksarkivarens praktisering av fullmaktene. Det gjeld også delegering av myndigheit, tilsettingspraksis, kompetanseoppbygging og regionalt arbeid. Ei overprøving av praktiseringa av desse fullmaktene ville innebere å samle meir makt i departementet. Denne regjeringa vil i staden spreie makt på kulturområdet, svarar Grande.

Fortløpande vurderingar

Men kva med evalueringa som Sp har spurd etter?

– Evaluering av omstillinga vil vere ein del av Arkivverkets fortløpande vurderingar for organisatoriske endringar i etaten, skriv Grande i svaret sitt.

Ho viser også til utvalet som skal revidere arkivloven.

– Utvalet skal beskrive dei viktigaste utfordringane for arkiva og gjennomgå oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom Arkivverket, statleg forvaltning, kommunesektoren og kulturinstitusjonar. Eg vil komme tilbake til Stortinget med oppfølging av utgreiinga, skriv kulturministeren.