Trur innovasjon og verdiskaping blir viktigare i Horisont Europa
LUKK

Trur innovasjon og verdiskaping blir viktigare i Horisont Europa

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 13. april 2020 kl. 22:49

Forskingsrådet og Innovasjon Noreg skal dele på ansvaret for EUs neste rammeprogram for forsking. Trykket på innovasjon og verdiskaping vil tilta, meiner dei.

Nyleg presenterte Kunnskapsdepartementet eit oversyn over korleis ansvaret for EUs neste rammeprogram for forsking, Horisont Europa (HE), skal fordelast mellom dei to hovudaktørane Forskingsrådet og Innovasjon Noreg (sjå faktaboks).
Nytt i HE er etableringa av eit europeisk innovasjonsråd (EIC), etter mønster av Det europeiske forskingsrådet ERC. Representerer HE ei omlegging i retning av meir vekt på næringsretta innovasjon?

– Behov for verdiskaping

Direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, meiner det er blitt gradvis meir vekt på verdiskaping og praktisk innovasjon gjennom utviklinga av rammeprogrammet.
– Det gjeld å få forskings- og utviklingsideane over i ferdige produkt og tenester som er berekraftige og kan omsettast i marknaden. Tidlegare forskingskommissær Carlos Moedas sette eit ekstra trykk på det, seier han til Forskerforum.
– Etableringa av innovasjonsrådet synleggjer ambisjonen om å skape teknologi og bedrifter i Europa, der vi førebels i mindre grad greier å omsette innovasjonen i praksis samanlikna med USA og Kina. Så eg vil seie at Horisont Europa forsterkar og vidarefører dette som europeisk ambisjon.

Fakta
Horisont Europa (HE)

Søyle 1: Framifrå forsking (til denne høyrer Det europeiske forskingsrådet og Marie Skłodowska-Curie Actions). Forskingsrådet er ansvarleg.

Søyle 2: Globale utfordringar og konkurransedyktig europeisk næringsliv. Forskingsrådet har hovudansvar, Innovasjon Noreg medansvar

Søyle 3: Innovativt Europa (til denne høyrer Det europeiske innovasjonsrådet, EIC)
Innovasjon Noreg har koordineringsansvar for heile søyla, medan Forskingsrådet får hovudansvar for mekanismen som skal identifisere og utvikle banebrytande teknologi i tidleg fase.

Han får støtte av Håkon Haugli, direktør i Innovasjon Norge, som meiner HE er innretta på ein måte som passar godt for norske aktørar, til dømes ved at rask samfunnsnytte er sterkt vektlagd.
– Vi har eit høgteknologisk næringsliv som ser berekraft som eit konkurransefortrinn, og som har kort veg frå avgjerd til utføring. Oppgåva vår no er å medverke til ei brei mobilisering av aktørar inn i eit program som er godt tilpassa næringsstrukturen vår, seier han.

Samfunnsoppdrag

Innovasjonsrådet er oppe og går og har allereie hatt ei hasteutlysing for oppstartsbedrifter som vil gjere ein innsats mot koronakrisa, og som treng hjelp til oppskalering.
Ei anna nyhending i Horisont Europa samanlikna med Horisont 2020 er lanseringa av samfunnsoppdrag («missions») innanfor utvalde tematiske område. Samfunnsoppdraga skal styre innovasjonen inn mot viktige samfunnsutfordringar utan å leggje for sterke føringar på korleis aktørane vel å svare på oppdraga.
– Vi ventar framleis i spenning på den endelege utforminga av desse samfunnsoppdraga, men det trengst truleg ein miks av tiltak for å svare på dei, inkludert nasjonale verkemiddel, frå politikk til innkjøp til reguleringar. Det er vi eigentleg ikkje rigga for, korkje i Noreg eller i EU, og det er risiko knytt til korleis ein vel å jobbe med dette. Nettopp av den grunn trur eg Noreg bør prøve ut nye samarbeidsformer på samfunnsoppdrag som både er viktige for oss, og som samstundes kan gje oss ein konkurransefordel, seier Røttingen.

LES OGSÅ: – Horisont Europa er skreddersydd for Norge

Treng nye verkemiddel

Samfunnsoppdraga representerer nye tankar om innovasjon som har vakse fram dei siste åra. Tradisjonelt er innovasjon gjerne forstått som ei lineær overføring av idear frå forskingsmiljø til næringsliv, med hjelp av offentlege investeringar der det er nødvendig. No skal innovasjon også medverke til samfunnsendring, med vekt på å vere ansvarleg i møte med store samfunnsutfordringar.
– For EU er det viktig å vise at dei offentlege midlane som blir brukte på å utvikle nye løysingar, raskt får innverknad på liva til folk. Vi treng nye løysingar, raskt, så innovasjonselementet i HE er drive av at vi har tydelege utfordringar. Men det grunnleggjande synet på innovasjon ligg fast, men er blitt forsterka i det nye rammeprogrammet, seier Haugli.
Han legg til at Innovasjon Noreg har mykje erfaring med innovasjon i offentleg/privat partnarskap, men at dette må trappast opp endå meir.
– Verkemidla våre er tilpassa dei tidlegare forståingane av innovasjon, og vi må utvikle verkemiddel for den forståinga som ligg bak samfunnsoppdraga. Difor trur eg samfunnsoppdraga vil fungere som innoverande pilotprosjekt i seg sjølv, seier Røttingen.

– Men for forskarar er ikkje næringsretta innovasjonsarbeid nødvendigvis karrierefremjande?

– Vi treng forskarar med ulike motivasjonar, både ønske om å skape erkjenning, og ønske om å bidra til å løyse store utfordringar. Nokre av dei må, om dei skal oppnå effekt, medverke til nye bedrifter og produkt. Eg trur det er svært viktig å ha ein kultur for å heie på og anerkjenne mangfaldet av drivkrefter blant forskarar.

LES OGSÅ: