– Uhøyrd forskjellsbehandling ved NTNU
LUKK
Annonse
Annonse

– Uhøyrd forskjellsbehandling ved NTNU

Av Johanne Landsverk

Publisert 28. april 2016 kl. 14:46

Ved same instituttet ved NTNU har dei tilsette svært ulik tid til forsking. – Dårleg personalpolitikk, seier klubbleiar.

– Det er uhøyrd at kollegaer ved same institutt har heilt ulike arbeidsvilkår. Dette er ei forskjellsbehandling som må ta slutt, seier Knut Ole Lysø, klubbleiar ved NTNU og tidlegare hovudtillitsvald ved Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST).

Lysø uttalte før fusjonen med NTNU at han frykta eit A-lag og eit og B-lag innanfor same institutt. Og kanskje har han fått rett.

Stor misnøye

For medan vitskapleg tilsette ved tidlegare HiST berre har 10 prosent tid til forsking og utviklingsarbeid (FoU), har andre ved gamle NTNU 50 prosent.

– For nytilsette førsteamanuensar ved NTNU gjeld regelen om 50 prosent tid til forsking og 50 prosent til undervisning. Då blir det svært urettferdig at tilsette ved same institutt, og som tidlegare var tilsett ved høgskulen, berre har 10 prosent FoU-tid i botnen. Dei kan søkje om meir, og nokre vil kanskje då oppnå 25 eller 30 prosent. Det er stor misnøye ved fleire av fakulteta på grunn av dette, og nokre av dei som har vore fast tilsette sidan før fusjonen, søker no på nyutlyste stillingar, der hovudregelen 50-50, seier Lysø.

Gamle og nye NTNU-arar

Han seier opphavet til uføret stammar frå det aller første møtet mellom fusjonspartane i 2015.

– Då sa fleire av høgskulerektorane at dei ikkje ville forlange lik forskingstid om dei vart fusjonert. Høgskulane skulle ta med seg den FoU-en dei hadde. Men etter at fusjonen no er i hamn, må leiinga få orda opp i dette, elles risikerer vi å få gamle og nye NTNU-arar. Det er dårleg personalpolitikk å bagatellisere ei slik skeivfordeling, seier Lysø.

Vil ha fleksibel ordning

Han får støtte av Kristian Steinnes, som er leiar i lokallaget til Forskerforbundet ved NTNU.

– Dette var den første saka Forskerforbundet tok opp etter at fusjonssaka kom på bordet. Vi visste at dette ville bli problematisk, seier han.

Saman med lokallagsleiaren i Tekna er Steinnes tilsetterepresentant i eit nytt utval, som skal sjå på framtidige karrierevegar ved NTNU og korleis ein kan løyse problemet med svært ulike ordningar for FoU.

– Vi kan ikkje halde fram med å ha så ulike ordningar blant dei tilsette. Men dette er ein svært krevjande situasjon. Om alle ved dei tidlegare høgskulane skulle få den same forskingstida som tilsette ved gamle NTNU, kostar det pengar. Leiinga meiner vi bør ha ei meir fleksibel ordning, at nokre tilsette kan forske meir og undervise mindre, medan andre underviser meir og forskar mindre.

Redde for rettane

– Står fleire i fare for å miste rettane?

– Ja, det er faktisk mogleg. Tid til FoU er i dag regulert i dokumentet «Lokal lønnspolitikk ved NTNU», kor det står at tilsette i vitskapelege stillingar over tid skal ha tilnærma lik tid til undervisning og forsking, etter at administrasjon er trekt ifrå. Så vi er redde for å miste denne retten, medan dei innfusjonerte einingane sjølvsagt ønskjer same vilkår. NTNU må ha ein stillingsstruktur som gjer at alle kan blir handsama likt og får forske, sjølv om vi ser at nokre personar og fagmiljø i større grad har vore undervisningstunge og profesjonsretta.
Steinnes seier det ved NTNU truleg blir eitt løp for førstelektor og dosent og eitt løp for førsteamanuensis og professor, men ingenting er bestemt ennå.

– Vi vil ha like og best mogleg vilkår for alle vitskapleg tilsette ved NTNU, med lik deling av tid mellom forsking og utdanning. Då må vi finne balansen mellom dei ulike løpa og korleis vi kan oppnå gode og like vilkår for alle. Ved NTNU har vi også ordning med forskingstermin, og leiinga har vedteke å utvide denne ordninga. Men når vi har fusjonert med høgskular som ikkje har denne retten, er det svært krevjande å finne ei god løysing for alle.