UiA får universitetsmuseum
LUKK
Annonse
Annonse

UiA får universitetsmuseum

Av Johanne Landsverk

Publisert 2. april 2017 kl. 23:22

Etter mange års kamp måtte kunnskapsministeren trø til for at Agder naturmuseum skulle bli del av Universitetet i Agder.

I mange år har Agder naturmuseum og botaniske hage (ANM) kjempa for å bli universitetsmuseum under Universitet i Agder (UiA). I mai blir draumen endeleg oppfylt. Vegen dit har vore lang, og Forskerforum skreiv om denne saka alt i 2011.

ANM er det einaste reine naturhistoriske museet under Kulturdepartementet.
– Alle planar og retningslinjer frå Kulturdepartementet har vore tilpassa kulturhistoriske museum, og ikkje naturhistoriske museum. Fagleg sett høyrer vi difor betre heime som universitetsmuseum under UiA, seier Roar Solheim, som er tillitsvald for Forskerforbundet ved ANM.

Ugleforskar Roar Solheim gler seg til meir fagleg samarbeid med forskarar på Universitetet i Agder.
Foto: Privat

Les også: Vil bli universitetsmuseum

Overføring til KD

For to år sidan trudde tidlegare rektor ved UiA at universitetsmuseet var i hamn. Universitetet var einige med dei tidlegare eigarane, Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune, om å overta museet. Men eit universitetsmuseum må liggje under Kunnskapsdepartementet (KD), og ikkje Kulturdepartementet, som dette museet hadde gjort.

Søknaden om å bli overført til KD har vorte liggande i årevis. Ekspedisjonssjef i KD Toril Johansson sa til Forskerforum i november 2016 at søknaden var til vurdering, men at det først og fremst var eit prinsipielt spørsmål om KD skulle ha fleire universitetsmuseum. Roar Solheim ved ANM meinte at «det må sitje nokre byråkratar i departementet som trenerer denne saka».

Ministeren skar gjennom

Ordførar Harald Furre (H) i Kristiansand kommune ser ut til å vere einig. Nyleg uttalte han til Fædrelandsvennen at det har vore «betydelig motstand i embetsverket i Kunnskapsdepartementet». Han stadfestar overfor Forskerforum at ingenting skjedde før saka for nokre veker sidan vart løfta opp til høgare politisk nivå.

– Kommunen, fylkeskommunen og UiA bad om eit møte med kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), og etter møtet skar han igjennom og fekk vedteke at universitetet skulle få overta museet.

– Vart saka trenert av KD?

– Eg vil vel ikkje bruke det ordet, men vi stiller oss spørjande til kvifor embetsverket ikkje reagerte etter gjentekne brev frå UiA om denne saka.

Gler seg over avgjerda

Ordføraren seier at både Kristiansand kommune og fylkeskommunen vil betale same museumstilskottet som før, sjølv om museet blir del av UiA.

Fakta
<
– Museet har ei svært viktig museumsfagleg rolle i byen og heile regionen, og difor har vi sagt oss villige til å fortsetje finansieringa. Eg trur UiA vil bli ein betre heim for naturvitskapen ved museet, seier han.

Museumsdirektør Torill Gjelsvik gler seg stort over avgjerda.

– Det er tydeleg at det måtte politisk press til. No er vi veldig glade for at det har blitt ein konklusjon. Og det blir spennande og nytt for oss å bli ein del av universitetet. Planen er at vi blir innlemma i UiA frå 1. mai 2017, seier Gjelsvik.

Les også: