– Uklar framtid for dei vitskaplege høgskulane
LUKK

– Uklar framtid for dei vitskaplege høgskulane

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 4. mai 2016 kl. 09:48

Fleire vitskaplege høgskular etterlyser ei politisk klargjering av kva funksjon dei er meint å ha.

Med strukturendringane innanfor forsking og høgare utdanning er kategorien vitskapleg høgskule blitt meir uklar. Det hevdar rektor ved Noregs idrettshøgskule, Kari Bø, i eit debattinnlegg. Ho får støtte frå kollegaer.

Er blitt meir uklart

– Eg meiner det har vore ei klar forståing av vitskaplege høgskular som monofakultære institusjonar, sidestilte med universiteta. Er ein oppteken av kvalitet, trur eg dette er ein meiningsfylt kategori som det er viktig å halde på, seier rektor ved Menighetsfakultetet og leiar av Universitets- og høgskulerådet, Vidar L. Haanes.

– Når fleire av dei tradisjonelle vitskaplege høgskulane no blir universitet eller fusjonerer, blir dette meir uklart, seier han.

– Eg er samd i at det ville vere bra å få tydeleggjort kva ein vitskapleg høgskule skal vere. Det er utydeleg i dag. Skal dei berre ha eitt ph.d.-program? Kor mange kandidatar er det krav om? seier Ingunn Moser, rektor ved VID vitskaplege høgskule.

Haanes, Vidar (Vidnes)

– Vi har lenge meint at dei politiske signala har vore utydelege, seier Vidar L. Haanes. Foto: Aksel Kjær Vidnes

Nye vegar til vitskapleg høgskule

Den private vitskaplege høgskulen VID vart danna 1. januar i år etter fusjon mellom Diakonhjemmet Høgskule, Haraldsplass diakonale høgskule, Høgskulen Betanien og Misjonshøgskulen. Fordi Misjonshøgskulen var akkreditert som vitskapleg høgskule, har den fusjonerte institusjonen same status. Kari Bø peikar på at VID dekker eit spekter av utdanningar frå teologi til vernepleie, og at dette er eit brot med dei tradisjonelle krava til ein vitskapleg høgskule. Eit anna døme er Høgskulen i Molde, som frå 2010 vart akkreditert som vitskapleg høgskule på fagområdet logistikk, altså berre ein del av verksemda høgskulen driv.

– Dette opnar for merkelege vegar til ny status for institusjonane, som ikkje nødvendigvis aukar kvaliteten deira. Det er spesielt i og med at regjeringa har vore så tydeleg på at føremålet med strukturendringane skal vere kvalitetsheving, seier Bø.

Fagleg konsentrasjon

Nye standardar for akkreditering av institusjonar har nyleg vore ute på høyring. Idrettshøgskulen skriv i svaret sitt at dersom ein tillèt at statlege høgskular med fleire fagområde og utan krav til 50 prosent forskingstid kan bli akkrediterte som vitskaplege høgskular, fell poenget med kategorien bort.

Ingunn Moser meiner at heller ikkje dei tradisjonelle statlege vitskaplege høgskulane lenger er så fagleg avgrensa som dei var.

– Vi meiner VID er meir tydeleg fagleg avgrensa enn dei statlege vitskaplege høgskulane. Vi konsentrerer oss om helse, velferd, diakoni og teologi, og om verdiar, kultur og religiøse aktørar si rolle for helse og velferd. Alle dei fusjonerte institusjonane har bakgrunn i livssynsbaserte organisasjonar, og dette gjev oss ei felles, og avgrensa, ramme, seier ho.

– Men vi forventar at det blir tydeleggjort om dei vitskaplege høgskulane skal vere spesialuniversitet eller ein mellomstasjon mellom høgskule og universitet.

Utydelege signal

Vidar Haanes er samd i at det trengst ei avklaring.

– Når den store fordelen knytt til universitetsstatus er retten til å opprette masterstudium på eiga hand, blir vitskapleg høgskule ein interessant kategori fordi dei har slik sjølvakkrediteringsrett innanfor fagområdet dei tildeler doktorgrad på. Men tidlegare har kategorien vitskapleg høgskule vore tydeleg forstått som ein institusjon som er sidestilt med universiteta, ikkje som eit stadium på vegen. Vi som representerer dei vitskaplege høgskulane, har meint lenge at dei politiske signala her har vore utydelege.

På spørsmål om kva funksjon dei vitskaplege høgskulane skal ha i framtida, skriv statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, i ein e-post:

– Dei skal fylle same funksjonen som no, altså vere fagleg spesialiserte høgare utdanningsinstitusjonar som driv forsking og høgare utdanning på høgt internasjonalt nivå. I strukturmeldinga varsla departementet skjerpa krav for akkreditering. Elles har vi i strukturmeldinga trekt fram vitskaplege høgskular som døme på at små institusjonar kan ha høg kvalitet fordi dei har konsentrerte forskings- og studieporteføljar.

Haugstad er ikkje med på at VID eller Høgskulen i Molde representerer noka endring i politikk.

– Til liks med framveksten av nye universitet har vi fått nye vitskaplege høgskular basert på dei kriteria som har vore gjeldande, skriv han.