Undervisarane er mest nøgde med seg sjølve
LUKK

Undervisarane er mest nøgde med seg sjølve

Av Johanne Landsverk

Publisert 10. januar 2018 kl. 15:01

Undervisarane er mest nøgd med eigen kompetanse, og minst nøgd med leiinga og forkunnskapen til studentane, viser Undervisningsundersøkinga.

– Vi som underviser vil ha stor glede av Undervisningsundersøkinga, som er ikkje-moralistisk og ikkje-teknokratisk og faktisk vender seg til oss som jobbar med dette, uttalte Petter Aaslestad, leiar i Forskerforbundet då Undervisningsundersøkinga 2017 vart lagt fram i dag. Det er Nokut – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen, som har gjennomført spørjeundersøkinga. Alle dei 6 567 personane som har svart, har hatt undervisning i løpet av dei to siste åra.

Undersøkinga viser at fleirtalet av undervisarane i norsk høgare utdanning er nøgde med kvaliteten på studieprogramma dei underviser i. Mest positive er dei til innhaldet i utdanningane, eigen kompetanse og deira evne til å engasjere og motivere studentane. Minst positive er undervisarane til tid og ressursar dei får til undervisning og rettleiing, støtte frå studieprogramleiinga og forkunnskapane til studentane. Det er særleg dei som underviser grunnskulelærarar, barnehagelærarar og i sosialfag som ikkje er nøgde med forkunnskapane og engasjementet til studentane.

Sjå eiga sak: Norske undervisere: Lærerstudentene er dårligst i klassen  

– Forkunnskapar viktig

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som deltok under framlegginga, meiner dette er eit viktig poeng.

– Sjølvsagt har føresetnadene til studentane mykje å seie for kvaliteten på opplæringa. Ikkje minst når vi i dag snakkar så mykje om at vi ikkje berre skal ha førelesarar som passivt overfører kunnskap, men at også studentane deltek. Det å ha ein basis av forkunnskapar i studentmassen er viktig for undervisningskvaliteten, uttalte Isaksen.

Han peika på arbeidet som no går føre seg for å sjå på ny struktur i vidaregåande opplæring og arbeidet med å fornye faga i skulen.

– Noko som må kome inn tidlegare i grunnskulen er kjeldekritisk tenking, og kunnskap om korleis elevane skal handtere og sitere frå informasjonen dei har.

Også Nokut-direktør Terje Mørland meinte at vi må førebu elevane frå vidaregåande skule betre til høgare utdanning.

– Mange undervisarar er bekymra for studentanes forkunnskaper. Det er krevjande å gje god undervisning når nivået er så varierande, og det kan vere vanskeleg å få sluttkompetansen på det nivået vi ønskjer det skal vere.

Politiet minst nøgd med praksis

– Vi veit ikkje kvifor undervisarane er misnøgde med praksisopplæringa, seier rektor Nina Skarpenes ved Politihøgskulen (t.h.). T.v. studentrådsleiar Mari Holmedahl.

Undersøkinga hadde også spørsmål om praksis i profesjonsutdanningane. Sjølv om dei fleste er ganske nøgde, indikerer undersøkinga at kommunikasjonen mellom undervisarane og praksisstaden er eit område som bør styrkast. Politiutdannarane var klart minst nøgde med kvaliteten på praksisopplæringa.

Rektor Nina Skarpenes ved Politihøgskulen veit ikkje kvifor.

– Politiutdanninga er organisert med eitt år på skule, eitt år i praksis og tredje året på skule. Vi har vore opptekne av dei praksisansvarlige for opplegget ute i distrikta, og så har vi kanskje gløymd undervisarane, uttalte ho under debatten.

Det rare er at studentane er svært nøgde med praksisen.

Studentrådsleiar Mari Holmedahl ved Politihøgskulen i Oslo stadfestar dette.

– Studentane er svært motiverte før dei starter utdanninga, og vi opplever at det er bra samsvar mellom forventningar og erfaring i praksis.

Vil ha meir undervisningsleiing

Resultata frå denne første fullskalaundersøkinga er samstemte med pilotundersøkinga frå i fjor. Aaslestad i Forskerforbundet er svært glad for undersøkinga, som han meinte inneheld mykje nyttig materiale.

– Eg legg merke til at undervisarar og studentar på mange vis er einige, noko som stemmer med inntrykket mitt frå før. Forskerforbundet samarbeider mykje med studentorganisasjonar og har ofte samanfallande synspunkt. Men eitt funn er ganske overraskande: at akademikarar etterlyser betre leiing. Det å undervise er ei viktig individuell øving, men no ønskjer undervisarane meir dialog med kollegaer og også meir undervisningsleiing. Dette avlivar myten om den einsame undervisaren som ikkje vil ha kontakt med kollegaene, uttalte han.

Kunnskapsminister Tørbjørn Røe Isaksen, leiar i Forskerforbundet Petter Aaslestad og prorektor for utdanning ved NTNU Anne Borg under debatten i dag. Foto: Johanne Landsverk