Universitet og forlag set hardt mot hardt
LUKK
Annonse
Annonse

Universitet og forlag set hardt mot hardt

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 16. desember 2016 kl. 15:26

Forskarar ved meir enn 60 store forskingsinstitusjonar i Tyskland må førebu seg på å klare seg utan tilgang til Elsevier-tidsskrift frå nyttår.

Dei om lag 60 institusjonane har gått saman om å framforhandle landsdekkande lisensavtalar med dei store vitskaplege forlaga, under leiing av presidenten for den tyske rektorkonferansen (Hochschulrektorenkonferenz, HRK). Forhandlingane med Elsevier starta i august, og målet for institusjonane var å forhandle fram ein avtale som sikra open tilgang til artiklar, til ein rimeleg pris. Institusjonane har forhandla saman for å skaffe seg ein sterkare forhandlingsposisjon enn dei ville få ved å forhandle kvar for seg. Dei følgjer dermed dømet frå Nederland, der samanslutninga av 14 nederlandske forskingsuniversitet fekk framforhandla ein avtale med Elsevier for eit år sidan. Avtalen opna for at forskarar ved institusjonane kunne publisere artiklar med open tilgang i eit utval av Elsevier sine tidsskrift.

Dei tyske institusjonane mottok eit tilbod om ein nasjonal tidsskriftlisens frå Elsevier i byrjinga av desember, men i ei pressemeldinga skriv dei at tilbodet ikkje samsvarte med prinsippa om open tilgang, og at forlaget dessutan ville auke prisane trass i ein profittmargin på 40 prosent. Institusjonane har difor avvist tilbodet og brote forhandlinga inntil eit betre tilbod eventuelt kjem på bordet.

Samla forhandlingar er eitt av fleire tiltak forskingsinstitusjonane i Europa tek i bruk for å følgje opp intensjonane i Open Access 2020, eit internasjonalt initiativ for å leggje om det vitskaplege publiseringssystemet til open tilgang, som det vart semje om på ein konferanse i Berlin i desember 2015. Initiativet er seinare blitt konkretisert i form av eit vegkart og eit sett med overordna målsettingar, som ei rekkje europeiske institusjonar, også norske, har slutta seg til.

LES OGSÅ: