– Universiteta blir bedrifter
LUKK

– Universiteta blir bedrifter

Av Johanne Landsverk

Publisert 29. november 2016 kl. 10:05

Eksterne styremedlemmer forstår ikkje verdigrunnlaget ved eit universitet, meiner professorar.

Bildet viser Arild Angelsen ved IØR UMB

– Eg saknar sjølvstendige eksterne styremedlemmer. Det er merkeleg at dei alltid er einige og følgjer styreleiaren, seier Arild Angelsen. Foto: Håkon Sparre

– Gjennom eksterne styreleiarar kan departementet innfri ønsket om sterkare statleg styring av universiteta. Det som skjedde ved NMBU i vår, er ei godt døme på dette, meiner professor Arild Angelsen ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Statssekretær Bjørn Haugstad er ueinig:

– Vi har andre måtar å styre på enn å instruere styremedlemmene. Vi opplever heller at eksterne styremedlemmer er frustrerte over at ein i KD er for tilbakehaldne med å signalisere kva eigaren meiner i viktige saker, seier han.

– Liten vilje til å lytte

Hovudmodellen for styring av universitet og høgskular er i dag tilsett rektor og ekstern styreleiar, men dei fleste universiteta har framleis vald rektor, som også er styreleiar. Ein god del institusjonar har likevel gått over til tilsett rektor, og Kunnskapsdepartementet (KD) peikar då ut ein ekstern styreleiar (sjå faktaboks). Som Forskerforum skreiv i førre nummer, har det vore sterke protestar blant NMBU-tilsette mot å innføre tilsett rektor og ekstern styreleiar og også mot ei omfattande omorganisering.

– Ekstern styreleiar og eksterne styremedlemmer har liten vilje til å lytte til faglege argument frå professorar og andre fagtilsette. Styreleiaren og dei eksterne styremedlemmene har avslørt at dei hadde liten kunnskap om det indre livet ved universitetet, seier Angelsen, forskingsleiar ved Handelshøgskolen NMBU.

Han hevdar at det nesten er umogleg å kome i dialog med styreleiaren.

– I omstillingssaka vart vi berre møtt med at «dette har styret bestemt». Det interessante er at styreleiar Siri Hatlen etter at ho gjekk av som direktør ved Oslo universitetssjukehus, uttalte at «vi gløymde fagpersonane». Og så gjer ho det same no.

Om ein får inn folk frå næringslivet som tenker mekanistisk på styring, fungerer det ikkje i kunnskapsorganisasjonar.

Angelsen synest også det er litt merkeleg at alle dei eksterne styremedlemmene alltid er einige, og følgjer styreleiar.

– Dei eksterne sit der som departementets forlengde arm, og dermed høyrer dei vel mest på kva departementet meiner, og let seg styre av politiske slagord om «større einingar», «synergiar» og «effektiviseringskutt».

Styreleiar Hatlen skriv i ein kommentar til Forskerforum at det i styret sit både studentar, tilsetterepresentantar og eksterne styremedlemmer. Ho minner også om at leiinga ved NMBU i forkant av styrevedtaket om ny organisering arrangerte workshops, allmøte og møte på dei ulike institutta, så dei tilsette ved NMBU har hatt anledning til å bli høyrde undervegs i prosessen.

Redd for bedriftskultur

tjora-aksel-elin-iversen-ntnu

– Styringa av NTNU er gjennomsyra av tankegangen frå næringslivet, seier Aksel Tjora. Foto: Elin Iversen/NTNU

Men Angelsen meiner ein undervurderer dei langsiktige konsekvensane av tilsett rektor og ekstern styreleiar.

– Om ein får inn folk frå næringslivet som tenker mekanistisk på styring, fungerer det ikkje i kunnskapsorganisasjonar. Det er noko anna å leggje til rette for god forsking enn å leie ei industribedrift. Om universitetet blir ei produksjonsbedrift som blir styrt ovanfrå, fryktar eg for kva som kan skje med forskinga.

Han får støtte av Aksel Tjora, professor i sosiologi ved NTNU.

– Universitetet har overteke styringsverdiane frå tidlegare NTH, og typisk nok har NTNU ein ekstern styreleiar med bakgrunn frå industrien. Litt av problemet er at denne industrikoplinga representerer berre ein del av NTNU, som i dag i stor grad er eit breiddeuniversitet, seier Tjora. Han sit også i styret for Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing.

Tjora meiner det er eit verdiproblem om eksterne styrerepresentantar ikkje forstår kva for verdigrunnlag universitetet kviler på.

– Ved NTNU er dette tydeleg ved at ein ønskjer å styre universitetet som om det var ei bedrift, utan å tenke gjennom kva for samfunnsmessige verdiar ein skal forvalte. Ei bedrift har som mål å gje overskott og økonomisk utteljing til eigarane, medan eit universitet har som mål å gje noko av verdi tilbake til samfunnet, som ein viktig del av demokratiet. Styreleiarar frå næringslivet har generelt liten sensitivitet for slike verdiar og bringer dessverre ein verdimessig inkompetanse inn i styrerommet, seier han.

– Ikkje særleg kompetanse

Fakta
<
Dette får statssekretær Haugstad til å reagere:

– Han veit ikkje kva han snakkar om når han påstår at NTNU vert drive som ei bedrift. Det kan ein berre seie om ein ikkje har særleg kompetanse om korleis næringslivet verkar, seier Haugstad.

Han meiner også det er unnfallande og uakademisk å generalisere slik Tjora gjer:

– Det er lite innsiktsfullt, og eg synest han kunne gjere debatten den tenesta å faktisk argumentere meir presist for kva som er problemet, seier Haugstad.

Ifølgje Tjora er problemet at næringsliv og industri vil ha marknadstilpassing som eit viktig premiss.

– Eit universitet bør derimot oppretthalde forskingsaktivitet og studietilbod av andre omsyn enn marknaden. Ut frå ein industristståstad er det lett å kutte av dei greinene som ikkje gjev så mykje frukt. Det som er skummelt ved at stadig meir forsking blir eksternt finansiert, er at vi då får ein del forskingsområde som ikkje let seg finansiere, og som vi risikerer å miste.

– KD tenkjer breitt

Kvifor ønskjer så departementet at universitet og høgskular skal ha eksterne styreleiarar frå næringslivet? Ifølgje statssekretær Haugstad kjem berre tre av dei eksterne styreleiarane som denne regjeringa har peika ut, frå næringslivet.

– Så det spørsmålet bygger på heilt feil premissar, seier han.

Han fortel at KD legg stor vekt på innspel frå institusjonane når det skal peikast ut ekstern styreleiar og styremedlemmer.

– Men det er regjeringa som utnemner, så vi gjer også våre eigne vurderingar. Vi tenkjer ganske breitt, og ser blant anna på kva for situasjon den aktuelle institusjonen er i, og om vi bør leite etter ein spesiell type kompetanse.

– Men departementet styrer institusjonane meir gjennom utpeika eksterne styreleiarar?

– Ja, men sjølv i dei institusjonane som har ekstern styreleiar, er det berre fire styremedlemmer som er peika ut av departementet, medan sju representantar blir valde av institusjonen sjølv. Dersom KD reint hypotetisk skulle ha peika ut fire heilt håplause representantar, er det trass alt eit stort fleirtal som blir valt av institusjonane sjølve, seier han.

Kan ikkje instruere

Professor Jan Fridthjof Bernt ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen seier at korkje eksterne styremedlemmer eller ekstern styreleiar er oppnemnde for å representere staten.

– Dei har eit sjølvstendig ansvar for korleis dei utøver dette vervet. Eksterne styremedlemmer eller styreleiar kan ikkje bli instruerte av departementet, seier Bernt.

Han seier at styringsmodellen med eksterne styreleiar og tilsett rektor svarar til modellen i eit aksjeselskap med styre som øvste organ, og direktør som dagleg leiar med særs vide fullmakter.

– Styret i eit aksjeselskap er valt av generalforsamlinga, som kan gje instruksar til styret som heilskap, men ikkje til enkeltmedlemmer.

Bernt seier at styreleiar og styremedlemmer som er utpeika av departementet, normalt vil føle at dei bør vere lojale overfor eigaren.

– Det er opp til dei sjølve kor langt dei vil følgje lojaliteteten der denne kjem i konflikt med institusjonens eigne interesser. Juridisk sett er det likevel ikkje noko gale i at dei eksterne styremedlemmene har høg grad av lojalitet overfor departementet.