Universitetsdemokrati på retur
LUKK
Annonse
Annonse

Universitetsdemokrati på retur

Av Johanne Landsverk

Publisert 10. februar 2017 kl. 07:00

Kva skal ein med demokratiske organ ved universiteta om det meste blir styrt frå toppen?

– Fakultetsstyret blir eit «supperåd» om ein berre diskuterer utan å kunne bestemme. Den eine gongen vi faktisk hadde teke ei avgjerd om fakultetsstruktur, gjekk rektor imot avgjerda i fakultetet, seier professor Aksel Tjora ved NTNU. Han sit i fakultetsstyret ved Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap (SU).

Trenden er klar: På instituttnivå har fleire institusjonar lagt ned styra, som nokre stader blir erstatta med råd (sjå faktaramme). Stadig fleire diskuterer også om dei skal kutte ut fakultetsstyra.

styringsform ved universiteta

Den formelle forskjellen er at eit styre kan ta avgjerder, medan eit råd har ein rådgjevande funksjon.

– Eg er svært usikker på om det formelle skiljet mellom styre og råd er der i praksis. Dette gjeld styre på ulike nivå, også instituttstyre. Eg oppfattar at styret eg sit i, fungerer som eit råd, fordi vi ikkje tek avgjerder, men mest kommenterer framlegg frå dekanus og fakultetsadministrasjonen, seier Tjora.

Tjora, Aksel (Elin Iversen, NTNU)

– Berre éin gong i løpet av dei åra eg har vore i fakultetsstyret, har vi hatt ei sak til avstemming, seier Aksel Tjora.

Har tru på styret

Utanfor møterommet til Institutt for medier og kommunikasjon (IMK) ved Universitetet i Oslo står førstamanuensis Marika Lüders og ventar på at det første møtet i instituttstyret skal kome i gang. Det er orienteringsmøte for dei nyvalde styremedlemmene og vararepresentantane. Lüders begynte ved instituttet i fjor vår, etter å ha jobba i åtte år ved Sintef i Oslo.

Les også: Ny rektorkandidat ved UiO

– Ein kollega av meg oppmoda meg om å stille til val. Eg var nok litt i tvil, fordi eg eigentleg støtta ein annan kandidat. Men så vart eg overtalt, seier Lüders, som er vald inn som representant for fast vitskapleg tilsette i perioden 2017–2019.

Lüders, Marika 4 (Erik Norrud), mindre størrelse

– Eg har rett og slett lyst til å arbeide for ei god utvikling på IMK, seier styrerepresentant Marita Lüders. (Foto: Erik Norrud)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lüders meiner det er svært viktig å behalde instituttstyret.

– Styret har hatt mykje seie når det gjeld nytilsettingar, kva for strategiske val vi skal ta, og kva veg vi skal gå framover. I og med at ein er vald, så representerer eg ei heil gruppe av tilsette, seier ho.

– Det er ikkje veldig vanskeleg å få folk til å stille opp. I haust var det fleire som stilte til val enn det er faste plassar i instituttstyret.

Gunnar Liestøl er professor ved IMK og har vore nestleiar i instituttstyret.

– Tidlegare, då også styreleiaren var vald, gjekk vervet meir på omgang etter prinsippet «no er det snart din tur». Men i dag har vi tilsett instituttleiar, og vi leikar ikkje stolleiken lenger.

– Har styret reell makt?

– Ja, eg vil påstå at representantar for vitskapleg tilsette har makt. Instituttet vårt har vore spart for konfliktar, men det er spesielt viktig å ha eit styre om det dukkar opp alvorlege problemstillingar. Instituttet vårt er elles ikkje så stort, så eg kan ta opp saker direkte med leiinga eller via styret, og eg opplever at dei lyttar.

Les også: NTNU sa nei til å erstatte fakultetsstyra med rådgjevande fakultetsråd

Tek heller ein telefon

Dei fleste institutt ved UiO har styre, men nokre få har instituttråd. Magnus Løberg er førsteamanuensis ved Institutt for helse og samfunn ved Det medisinske fakultet. Instituttet har fleire hundre tilsette, og er delt inn i seks avdelingar.

– Ved avdelinga har vi ein representant i instituttrådet, men det ville ikkje vere naturleg for meg å gå den vegen med sakene eg ønskjer å ta opp, seier Løberg, som driv med kreftforsking.

– Eg jobbar i ei fagleg sterk forskingsgruppe, og der har eg stor påverknad på min eigen kvardag. På avdelingsnivå har eg kjensla av å bli høyrd. Det viktigaste med tanke på medverknad er den uformelle kontakten med avdelingsleiar og kollegaer. Eg er usikker på kor mykje makt instituttrådsrepresentantane har. Då er uformelle kontaktar, som ein telefon til administrasjonssjefen, meir effektivt.

Løberg seier det først og fremst er instituttet som porsjonerer ut midlar.

– Vi har mykje eksterne midlar og kan difor bestemme ein del sjølve når det gjeld kva veg vi skal gå. Men dei økonomiske rammene blir lagde på eit høgare nivå. På avdelinga kan dei vere velvillige, men instituttet har ingen visjonar for forskinga vår. Eg har kjensla av at forskargruppa vår ikkje passar inn i dette systemet, der avgjerdene blir tekne langt unna oss.

Styra kjem i vegen

Ved NTNU er det særleg fakultetsdemokratiet det har stått strid om. Då rektor i fjor foreslo å leggje ned fakultetsstyret og i staden innføre fakultetsråd, kom det kraftige protestar blant dei tilsette. Framlegget vart stoppa av universitetsstyret.

Anne Charlotte Torvatn, som er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning, gjekk i bresjen for eit opprop mot forslaget som samla svært mange underskrifter.

– Problemet er at mange universitet og høgskular har tilsette leiarar som kjenner mykje større lojalitet oppover i systemet enn nedover. Ein tilsett rektor føler stor lojalitet til departementet, og tilsette leiarar på fakultets- og instituttnivå er svært opptekne av å gå tenesteveg. Alt skal gå i linja instituttleiar – dekan – rektor, men så opplever leiarane at styret kjem forstyrrande inn på vegen. Men eit styre vil kunne tilføre andre og viktige perspektiv i ein del saker, meiner Torvatn.

Ho er også oppteken av at tilsette må ha kanalar der dei kan bli høyrde.

– Det er ikkje sikkert at du faktisk blir høyrd, men det er viktig at det finst eit styre der saka di kan bli teken opp og diskutert. I dag er folk vane med å ha innverknad, og absurd nok skjønar dei ikkje kva dei mistar før dei får bruk for det.

Les også: I framtida bør rektorer ansettes og ikke velges, foreslår Regjeringen.

Tjora meiner oppropet til Torvatn var viktig.

– Men skal oppropet ha meining, må det vere klart kva eit styre faktisk kan avgjere som eit råd ikkje kan. Eg oppfattar styremøta som eit avgrensa allmøte, der såkalla vedtakssaker eigentleg er orienteringssaker. Slik eg opplever det, er alt styrt frå toppen. Rolla til fakultetsstyret er i beste fall uklar, og mest sannsynleg skapar dette berre ein idé om demokrati som er langt frå reell. Så kvifor skal ein ta vare på fakultetsstyra om dei berre tek imot kommandoar ovanfrå?

Marit Reitan er dekan ved fakultetet Tjora snakkar om. Ho meiner det er viktig for fakultetsleiinga at det fortsatt er fakultetstyre ved NTNU. Men ho er ikkje einig med Tjora i at styremedlemmene ikkje får bestemme.

– Som dekan prøver eg å legge til rette for at fakultetstyret skal ha reell medverknad. Det er fullt mogleg for fakultetsstyret å gjere om på budsjett og økonomiske prioriteringar. Men handlingsrommet for styring på fakultetsnivå er bestemt av blant anna tildelingsbrev frå KD og prioriteringar som universitetsstyret og rektor gjer, seier Reitan.

 Styrt av professorar

Så kva var opphavleg eit universitetsdemokrati? Professor Fredrik Thue ved Høgskolen i Oslo og Akershus fortel at «det akademiske sjølvstyret» lenge vart oppfatta som sjølvstyret til professorane.

– Fram til universitetslova om UiO av 1955 var den dominerande modellen at berre professorar skulle sitje i fakultetet. Men i mellomkrigstida vart det uttrykt misnøye mot professorstyret, som mange meinte var udemokratisk, seier Thue.

I 1960-åra vaks talet på universitetslektorar og amanuensar veldig raskt, noko som skapte hierarkiske spenningar i heile organisasjonen.

Les også: Spennende med ansatt rektor 

– Måten ein søkte å løyse dette på ved norske universitet, var å inkludere lærarane i fagfellesskapa ved institutta, der alle dei fast tilsette fekk del i privilegia som tidlegare berre galdt for professorane.

Thue fortel at heile grunngjevinga for det akademiske sjølvstyret vart endra på slutten av 60-åra.

– Dette skjedde ikkje berre på grunn av studentopprøret, men også fordi mange lektorar og amanuensar oppfatta at dei hadde andre gruppeinteresser enn professorane og dosentane. Universitetet begynte å likne eit moderne demokrati på arbeidsplassen, som er ein heilt anna ideologi enn det opphavlege sjølvstyret.

– Fall for eige grep

I 70-åra opna ein opp for eit representasjonsdemokrati ut frå prinsippet om at alle skal delta.

– Først gjekk instituttvervet på omgang, men det betydde også at styringa vart lite effektiv, og med liten autoritet, noko som vart kritisert. Rolla til professorane som vitskaplege leiarar vart kraftig svekt i dette systemet. Sjølvstyret fall på ein måte for eige grep ved at grunngjevinga vart riven laus frå det faglege. Som ein reaksjon har ein etter kvart begynt å avvikle universitetsdemokratiet.

– Det var professorane som danna det akademiske kollegium, og dette varte heilt fram til omkring 1960. Grunngjevinga var at professorane var dei einaste som var kompetente til å bedømme det faglege, seier universitetshistorikar Fredrik Thue. (Her frå det akademiske kollegium ved UiO, 1911.)

– Det var professorane som danna det akademiske kollegium, og dette varte heilt fram til omkring 1960. Grunngjevinga var at professorane var dei einaste som var kompetente til å bedømme det faglege, seier universitetshistorikar Fredrik Thue. Her frå det akademiske kollegium ved UiO, 1911. (Biletet tilhøyrer Museum for universitets- og vitenskapshistorie, UiO. Foto: Ludvig Forbech)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Thue seier at det som opna for den seinare utviklinga, var då ein i 70-åra begynte å snakke om at avgjerder ved universitetet ikkje skulle basere seg på vitskapleg kompetanse, men på politiske interesser og verdiar.

– Også eksternt styrefleirtal er eit fullstendig brott på universitetssjølvstyret. Mange land har hatt same utviklinga, og i Danmark har styring frå toppen vore vel så hard som her. I dag er mykje av medverknaden ved universitetet i staden overført til fagforeiningane, seier Thue.

– Mange ønskjer å legge ned fakultets- og instituttstyra?

– Ja, dette systemet har vel til ein viss grad abdisert, i og med at dekanar og instituttstyrarar ikkje lenger er valde, men tilsette. Eit logisk neste steg er då å erstatte avgjerdskompetente styre med rådgjevande organ, seier Thue.

Tjora ved NTNU meiner det tradisjonelle professorveldet hadde sine veikskapar.

– Men styrken var at ein tidlegare greidde å halde faga og undervisninga ved lag gjennom ulike endringar i samfunnet. Litt av grunnen til at universiteta har vore så stabile samfunnsinstitusjonar, er at aktiviteten har vore styrt etter faglege premiss og ikkje etter marknad og strøymingar i samfunnet. Det er ikkje oppløftande at NHO innbiller seg at dei skal bestemme kva for fag som skal undervisast ved universitet og høgskular. Men endå meir skremmande er det at universitetsrektorane i landet ikkje tek til motmæle. Nettopp difor trengst meir universitetsdemokrati og mindre einevelde frå rektors kontor, meiner han.

 Konflikt med leiar

Blant dei som frå 1. januar har kutta ut instituttstyra, er Universitet i Stavanger (UiS). I styrepapira som følgde saka, kjem det fram at direktøren også ønskte å leggje ned fakultetsstyra. Slik gjekk det ikkje, men UiS-direktør John Branem Møst legg ikkje skjul på at det tidvis har vore konfliktar mellom leiarar og styre.

– Når vi har tilsette dekanar og instituttleiarar som skal ha heilskapleg ansvar, kan det bli problematisk med eit styre som bestemmer noko anna enn det dekanen meiner er nødvendig. Styra på institutt- og fakultetsnivå har hatt ansvar for strategi og fastsetting av budsjett, og særleg på institutta har det vore vanskeleg når styra vil bestemme meir enn dei har mandat til, seier Møst.

– Grunnen til at vi slit med å oppretthalde styra, er at universiteta i dag er mykje meir resultatstyrte enn før. Departementet kan styre den interne aktiviteten gjennom tildelingane sine. Tidlegare var det faglege fokuset viktigast, men i dag får vi jo pengar etter det vi produserer. Det betyr faktisk at institusjonane er nøydde til å ha ei bedriftsøkonomisk tenking i tillegg.

Like bra utan styre?

Men kva har det å seie for tilsette om ein institusjon har styre eller råd? Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitetet (UiT) har fakultetsstyre. Assisterande universitetsdirektør Odd Arne Paulsen fortel at delen instituttstyre ved UiT har gått ned frå 72 til 59 prosent sidan 2012. I 2013 gjennomførte UiT ei spørjeundersøking blant alle tilsette om dei opplevde å ha medverknad.

– Det var overraskande liten forskjell på svara frå dei som hadde instituttstyre, og dei som var utan styre. 58 prosent av dei tilsette ved institutt med styre meinte at medverknad og openheit i avgjerdsprosessar fungerte godt, og 54 prosent av tilsette utan styre svarte det same. Vi tolkar det slik at andre ting er vel så viktige som styre, som til dømes god informasjon, gode leiarar og gode prosessar, seier Paulsen.

Alle ser det ikkje slik. Ved Institutt for medier og kommunikasjon (IMK) i Oslo er styremøtet ferdig. Marika Lüders har fått informasjon om orienteringssaker, diskusjonssaker og vedtakssaker, og om kva som er hennar ansvar i saker som gjeld tilsettingar, planar og økonomi.

– Vi fekk orientering om kva styret har gjort før, og vi vedtok årsplanen for IMK. Det vil seie at ingen hadde innvendingar mot planen, seier ho.

– Så dette er ikkje eit «supperåd» som ikkje tek avgjerder?

– Eg håpar ikkje det. Og ut frå det eg har lært om tidlegare saker i styret, trur eg ikkje det. Eg vel å tru at mandatet til styret er reelt, og at det å ha eit styre, faktisk har noko å seie.

 

– Kva har det å seie om den næraste leiaren er vald eller tilsett?

Mona-Iren Hauge (førsteamanuensis ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo)

Hauge, Mona-Iren (Tron Trondal)

– Vi har hatt vald leiar før. Så vi er spente på om den tilsette leiaren vil ta mest omsyn til forskarane og vilkåra for forsking ved instituttet, eller om argumenta om sterk styring vil bli tungtvegande.

Arild Folkvord (professor ved Institutt for biologi, Universitetet i Bergen)

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

– Eg er nøgd med tilsett leiar, eg har prøvd begge delar. Lojaliteten til ein vald leiar er ofte illusorisk. Fagmiljøa gjer alt for å få inn sine folk uavhengig av kvalifikasjonar, og dei store miljøa vinn alltid.

Kaja Borthen (professor ved Institutt for språk og litteratur, NTNU)

Trondheim 07.11.2016 : NTNU, Det humanistiske fakultet, dragvoll. Foto: Thor Nielsen

Trondheim 07.11.2016 : NTNU, Det humanistiske fakultet, dragvoll. Foto: Thor Nielsen

– Som vald leiar føler ein lojalitet nedover, og sjansen er då større for at avgjerdene blir tekne ut frå faglege vurderingar. Kven innførte produksjonsmetaforane på universitetet? I alle fall ikkje ein vald leiar.

Les også: