– «Unorsk», men nødvendig
LUKK

– «Unorsk», men nødvendig

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 1. september 2016 kl. 14:57

For å få utteljing i EU-prosjekt trengst nettverk og lobbyering. Nye arbeidsmetodar set forskarane på prøve.

For eitt år sidan opna NTNU, Universitetet i Bergen og Sintef kvar sine kontor i same bygget i EU-hovudstaden Brussel. Målet for institusjonane er å få meir ut av deltakinga i EUs rammeprogram for forsking, Horisont 2020.

– Ved å vere til stades i Brussel får du ei stemme. Du kan påverke EU-kommisjonens strategiar og vere med på å avgjere kvar pengane skal gå. Då er du halvveges til gjennomslag når du seinare søker på midlane, sa leiaren av NTNUs Brussel-kontor, italienaren Massimo Busuoli, då Forskerforum vitja kontoret i sommar.

Kjennskap og venskap

Busuoli har vore på plass på kontoret sidan januar i år, og er godt i gang med å kople NTNU-fagmiljø med passande partnarar i Europa. Ein av dei som har hatt nytte av kontoret, er Kay Gastinger. Han leier NTNU si strategiske satsing på nanovitskap og funksjonelle materialar, og også den nasjonale infrastrukturen for mikro- og nanofabrikasjon, NorFab.

Gastinger, Kay

– Å finne partnerar er ei kjempeutfordring, seier Kay Gastinger. Foto: Jesper Löfman

– Gjennom NorFab har vi bygd opp eit nordisk nettverk for nanoteknologi som vi vil utvide mot Europa, både for å få inn meir kompetanse og for å jobbe mot Horisont 2020. Det har vi fått god hjelp med. Vi har til dømes arrangert konsortiemøte på Brussel-kontoret og fått hjelp til å finne foredragshaldarar, og Busuoli har hjelpt til med å gjere oss kjende med det europeiske strategiforumet for forskingsinfrastruktur, som han kan mykje om, seier Gastinger.

Å kjenne nokon som kjenner nokon, er heilt sentralt for å få ein fot innanfor i EUs forskingssystem, fortel Gastinger.

– Ein kan lese seg til mykje, men ikkje korleis dei ulike menneska er. Tidspunktet er også viktig. Kven skal ein kontakte i den tidlege fasen, og kven kontaktar ein når ein har konseptet klart? Busuoli kjenner alle i Brussel og veit korleis systemet fungerer.

God søknad ikkje nok

Brussel-kontoret er viktig fordi EU-forsking medfører at forskarane må ty til andre arbeidsmetodar enn dei er vande med i Noreg. Det hevdar Jostein Mårdalen, leiar for Institutt for materialteknologi ved NTNU.

«I Noreg tek vi for gitt at alle veit kven NTNU er. Det kan vi ikkje gå ut ifrå i EU.»

– Mitt institutt har gode føresetnader for å vere aktiv i EU-forsking, og har vore det lenge. Men det er krevjande fordi det er ein annan måte å jobbe på, seier han.

Norske forskarar er godt kjende med verkemiddelapparatet i Noreg. Ein sender søknader baserte på gitte kriterium, og får tilslag eller avslag.

– I EU er nettverksbygging, det å vere kjent, og å finne og søke i lag med dei rette partnarane, på sett og vis viktigare. I Noreg tek vi for gitt at alle veit kven NTNU er. Det kan vi ikkje gå ut ifrå i EU.

Mårdalen trur at den sterke vekta på nettverksbygging kan opplevast som litt unorsk.

– Norske forskarar har gjerne lyst til å skrive ein knakande god søknad som skal få tilslag etter ein objektiv evalueringsprosess. Men i EU er den evalueringa så kompleks, og objektiviteten så vanskeleg å få til, at nettverksbygging uunngåeleg vil vere viktig. Difor lyt vi drive litt vaksenopplæring på oss sjølve og måten vi jobbar på. Der er bidraget frå brusselkontoret uvurderleg, seier han.

NTNU har allereie lenge vore involvert i EU-forsking og ligg på ingen måte bakpå når det gjeld å få midlar. Mårdalen trur likevel at det er i EU hovudpotensialet for forskingsmidlar no ligg. Ein kan ikkje rekne med ein dramatisk auke i forskingsmidlar som kjem gjennom Forskingsrådet eller norsk industri. Med det som utgangspunkt er det viktig å lære seg spelereglane som gjeld i EU-forsking, meiner han.

Treng industripartnerar

Til Forskerforum seier Busuoli at ei av dei viktigaste oppgåvene hans er å hjelpe forskarane til å finne si rolle på vegner av institusjonen, og ikkje berre sjå seg sjølve som representantar for sitt eige fag.

– Ingen kan ha fullt kjennskap til dei tverrfaglege vurderingane som ligg bakom initiativa som kjem frå EU. Dersom ein vil delta, er ein heilt nøydd til å snakke med folk frå andre institusjonar og fagfelt, seier han.

Massimo Busuoli, NTNUs brusselkontor

– Ein kan tenkje på Horisont 2020 som eit lotteri, og det gjeld å kjøpe så mange lodd som råd for å sikre størst mogleg gjennomslag, seier Massimo Busuoli. Foto: Kjerstin Gjengedal

Det stemmer med erfaringane til Kay Gastinger ved NTNU NanoLab. Ei stor utfordring er at dei fleste programma i EU er bruksretta, og det er ein føresetnad at kommersialisering skal skje så tidleg som råd.

– Det vil seie at det, med nokre viktige unntak, er vanskeleg å byggje EU-prosjekt berre på grunnforsking. Ein må ha industripartnarar, og då blir det fort tverrfagleg. Nettverket til professorar kan vere nokså smalt, dei går på konferansar innanfor sitt eige forskingstema og møter folk der. Til eit EU-prosjekt treng du ein mykje breiare portefølje av partnarar. Å finne dei er ei kjempeutfordring, seier han.

Sparer reising

Som andre aktørar i UH-sektoren har NTNU lokal forskingsstøtte som gjev råd og hjelp med EU-søknader. EU-rådgjevarane får tilgang til utlysingane og spelar ei viktig rolle i arbeidet med å sjekke kva fagmiljø dei kan passe for, og stimulere dei til å søke. Kvifor er det likevel nødvendig å ha ein filial i Brussel?

– I Europa skjer det så mykje, det er heile tida nye konsortium under oppsegling, og det er stadige møte mellom teknologiplattformer, industriaktørar og politikarar. Ein person i Brussel kan delta på fleire slike møte i veka og sende innspel til Trondheim, eller hjelpe med å finne ut kva for møte det er lurt for forskarane å vere med på. Det kan spare store kostnader og mykje reising, seier Gastinger.

Menneska viktigast

Massimo Busuoli, som sjølv har lang erfaring frå EU-prosjekt, meiner at det ikkje er pengane som er den viktigaste grunnen for norske forskarar når det gjeld å delta i EU-forsking. Andre aspekt er minst like viktige.

– Ein får kjennskap til andre kulturar, lærer andre måtar å gjere ting på. Det gjev karrieremessig sjølvtryggleik. Eg var 27 år første gong eg koordinerte eit EU-prosjekt og oppdaga at eg kunne levere på nivå med dei beste i Europa. Det hadde enormt mykje å seie for meg.

Gastinger er samd i det. Fordi nålauget til EU-forsking er så trongt, samarbeider ein med dei aller beste, fortel han.

– Eg har vore koordinator på EU-prosjekt, og det beste ved det, er å få arbeide saman med så flinke folk som jobbar med litt andre ting enn ein sjølv gjer. Det inneber konstant problemløysing og møte med andre synsmåtar. Det er i skjeringspunkta mellom fagfelta at dei store nyvinningane skjer i dag, etter mi meining.

Bryt ned barrierar

Jostein Mårdalen går ikkje med på at forskingsmidlar er uviktige, men det er ikkje det einaste som betyr noko. Han peikar på at ein ikkje kan realisere ein visjon som «Kunnskap for ei betre verd», som er namnet på NTNU sin strategi, dersom ein berre sit heime og forskar på eigne spesialitetar.

– Då må ein ut og konkurrere på dei internasjonale arenaene. Men det føreset at ein greier å lage EU-prosjekt der det å samarbeide, faktisk er viktig. Det er ikkje nok å lage ein paraply der alle leverer delprosjekt uavhengig av kvarandre. Ein må løfte samarbeidet, slik at ein gjer kvarandre betre. Det gjer det utfordrande å koordinere slike forskingsprosjekt.

Mårdalen er overtydd om at å jobbe i lag kring ein felles tematikk, kan bryte ned mentale barrierar og ruske opp i gamle vanar.

– Difor er målet om meir EU-forsking også ein viktig del av NTNU sin internasjonaliseringsstrategi, seier han.