Ei stor omorganisering er på gang i Arkivverket, og mange tilsette er urolege.

– Det er stor uro i heile organisasjonen, og leiinga har ikkje gjort noko som helst for å dempe uroa, seier førstearkivar Jo Rune Kristiansen Ugulen, som er avdelingstillitsvald for publikumsavdelinga i Riksarkivet.

Ugulen fortel at ein stor strategi- og omorganiseringsprosess er på gang i Arkivverket, som i tillegg til Riksarkivet består av åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv.

Les òg: Ynskjer ny eining for forsking i Arkivverket

– Mange tilsette er engstelege. Veldig mykje er uklart, og inntrykket mitt er at dette går veldig fort. Dei tilsette er særleg uroa over at kompetansen på viktige fagområde forsvinn. Arkivverket er ein kunnskapsorganisasjon med høgt kompetente folk både i Riksarkivet og statsarkiva. Likevel opplever vi at når flinke fagfolk går av med pensjon, blir dei ikkje erstatta, seier han.

Prioriterer IT-kunnskap

For det er ikkje lenger kunnskap om mellomalderen eller nyare historie som blir prioritert i Arkivverket, men IT-kunnskap.

Det som skjer, er at kompetansen forvitrar.

– Dei tilsette er einige i at det må gjerast noko med opprustinga av elektroniske arkiv. Men no har vi kjensla av at kostnadene ved ei slik prioritering kan bli for store. Svært mange føler at kulturarvbiten blir nedprioritert. Det som skjer, er at kompetansen forvitrar, og då får vi eit kjempeproblem på lengre sikt.

– Kan omlegginga føre til at nokon mistar jobben?

– Det veit vi ikkje. Men det hadde vore reieleg av leiinga å seie ifrå dersom det vil kome omstillingar som gjer at nokon kan miste jobben. Og om ingen av oss mistar jobben, burde vi fått informasjon om det også.

Ny modell i november

Riksarkivar Inga Bolstad meiner dei tilsette får informasjon.

– Det vi har gjort, er å skissere eit framtidsbilete, der vi ser for oss korleis Arkivverket skal utvikle seg fram mot 2020. Vi har brukt dette året til å utføre analysar av korleis ting fungerer, og i løpet av hausten skal vi finne ut korleis vi skal organisere oss, seier Bolstad.

Ho fortel at den nye organisasjonsmodellen vil vere klar i løpet av november.

– Dei tilsette meiner dei ikkje får god nok innsikt i det som skjer?

– Eg synest vi er ganske gode til å informere. Vi har faste møte med tillitsvalde og verneombod, og allmøte ein gong i månaden. Og den viktigaste kanalen er informasjon og kommunikasjon med nærmaste leiar.

Inga avgjerd enno

– Burde ikkje dei tilsette fått informasjon om dei står i fare for å miste jobben?

– Førebels har vi ikkje teke avgjerder om noko som helst. Det er altfor tidleg å seie noko om stillingar og konsekvensar for den einskilde.

– Arkivverket satsar stort på elektroniske arkiv. Mange er redde den kulturfaglege kompetansen blir svekt?

– Elektroniske arkiv er den største utfordringa vår, og Arkivverket har hatt som strategi i mange år at dette må gjerast noko med. Arkivverket skal framleis vere ein kulturinstitusjon, og ein viktig del av arbeidet er å ta vare på kulturarven, seier Bolstad.