Dei er private og kjendisorienterte. No prøver høgskular nedst på rangstigen å bygge akademisk status.
LUKK

Dei er private og kjendisorienterte. No prøver høgskular nedst på rangstigen å bygge akademisk status.

Av Johanne Landsverk og Erik Norrud (foto)

Publisert 7. januar 2016 kl. 09:43

Medan Universitetet i Oslo tronar på toppen, kaprar Høyskolen Kristiania folk som er synlege i media.

utfordrar-hierarkiet

– UiO er nøydd til å tilsetje mange ukarismatiske personar berre fordi dei har publisert mykje internasjonalt. Men Markedshøyskolen har greidd å tilsetje ein del karismatiske folk som har gjort mykje anna enn å tenke på teljekantar, seier Karl-Fredrik Tangen. Han er utdanna samfunnsgeograf frå Universitetet i Oslo (UiO) og er førstelektor ved Markedshøyskolen, som frå 1. januar i år heiter Høyskolen Kristiania, og er godkjend av Nokut.

Så er du karismatisk nok, ville du kanskje fått jobb her? Ein privat høgskule med vekt på merkantile fag er ikkje særleg høgt rangert i akademia. Og den optimale draumen er vel fast jobb ved UiO?

– Faktisk blir eg stadig overraska over kor mange akademikarar som er villige til å jobbe her, seier Tangen. Som mange andre ved Høyskolen Kristiania er han synleg i media, blant anna som spaltist i Dagens Næringsliv.

Inntrykket mitt er at undervisningskvaliteten på andre institusjonar er meir variabel.

Rektor Trond Blindheim seier det har vore viktig å tilsetje aktive debattantar for å profilere høgskulen i media.

– Vi ønskjer å knyte til oss folk som kan vere meiningsberarar innanfor fagområda våre, og som deltek aktivt i samfunnsdebatten. Mange har ein sterk posisjon i fagmiljøet, seier Blindheim, og nemner blant andre Erling Dokk Holm og tidlegare statssekretær Ketil Raknes, som stadig er ute med kronikkar. For ikkje å gløyme Elin Ørjasæter.

– Ørjasæter har skreve bøker og kronikkar, og held ofte foredrag om faget sitt. Vi likar dei som har evne til å sjå skrått på ting og tale Roma midt imot, seier han.

Ørjasæter vart henta inn til høgskulen i 2013.

– Eg kom inn på dette kriteriet, ja, og eg er evig glad for det, seier Ørjasæter, som er førstelektor og underviser i HR og personalleiing.

Ho seier høgskulen legg vekt på å rekruttere folk som kan stå i eit auditorium og er gode til å kommunisere.

– Her blir det stilt høge krav til undervisningskvalitet, og vi blir evaluerte av studentane. Inntrykket mitt er at undervisningskvaliteten på andre institusjonar er meir variabel. Nokre forelesarar er glitrande, medan andre er forferdeleg dårlege.

Professorar og poteter

Blindheim presiserer at høgskulen også ønskjer folk med andre eigenskapar:

– Vi rekrutterer sjølvsagt reinspikka forskarar som publiserer i tidsskrift vi ønskjer å bli sett i, og som kan undervise, spesialistar med praksiserfaring og høg bransjekompetanse og dei eg kallar «potetene», som kan ta alle undervisningsfaga.

Ei av dei tilsette er Helene Tronstad Moe, som har doktorgrad i teknologi og vitskapsstudium.

– Eg vart oppmoda til å kome hit. Eg har vore synleg som jobbekspert med eiga spalte i Aftenposten, og det var høgskulen som kontakta meg. Eg søkte ikkje, seier Moe.

Etter studiane ved NTNU har ho jobba i næringslivet som konsulent.

– Så for meg var det ganske nærliggjande å begynne her. Eg er ansvarleg for eit fag som heiter «rekruttering og prestasjonsutvikling», noko eg også har jobba med i næringslivet.

Forskarane skal av og til seie noko glupt om omverda, men dei må ikkje jobbe i næringslivet, for då blir dei skitne.

Men korleis ser akademikarar frå universitetet på at ho jobbar her? Har det mindre status?

– Ja, nokre meiner heilt sikkert det. Den tradisjonelle tankegangen i akademia om at dei gode og reine forskarane skal sitje høgt oppe i eit elfenbeinstårn, er ganske utdatert. Forskarane skal av og til seie noko glupt om omverda, men dei må ikkje jobbe i næringslivet, for då blir dei skitne. Dette er jo eit misforstått og gammaldags ideal.

Høyskolen Kristiania har i dag fleire tilsette med professorkompetanse innan marknadsføring, leiing, helse og kreativitet.

Førstelektor Tangen fortel at nokre av professorane ikkje fekk jobb ved universitetet då dei var ferdige.

– 68-argenerasjonen ville ikkje slutte, og dette har vore bra for oss, for vi har fått mange flinke folk som sannsynlegvis aldri ville hatt denne høgskulen som førsteval.

– Men var det førstevalet ditt?

– Eg kom frå jobb i eit reklamebyrå, så for meg var det ikkje noko problem. Ein kan jo delta i den akademiske verda og søkje på forskingsmidlar som alle andre. Men etter mange år her blir det nok vanskelegare å få jobb ved eit universitet.

Vil ikkje til UiO

Er det då likevel UiO som er det høge målet? Marlen Ferrer har doktorgrad i historie og er tilsett ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA).

– Det er nok dei færraste innanfor mitt felt som får jobbe som akademikarar i det heile, så eg var eigentleg berre glad for å få jobb ved HiOA, seier Marlen Ferrer. Ho har tidlegare vore stipendiat ved Historisk institutt ved UiO.

Eg var «heldig» som fekk vere stipendiat ved UiO, men eg likar meg betre ved HiOA, seier Marlen Ferrer. Her som fagekspert i NRK-serien Big Bang. Foto: Rubicon TV Her som fagekspert i NRK-serien Big Bang. Foto: Rubicon TV

Så var draumen hennar fast jobb der?

– Ja, kanskje. Då eg var stipendiat, var eg liksom «heldig» som fekk lov til å jobbe ved UiO. Men det var så mange konfliktar ved instituttet som trekte ned inntrykket av universitetet som arbeidsplass.

Før ho vart fast tilsett ved HiOA, søkte Ferrer likevel ein jobb ved UiO innan historiedidaktikk.

– Då eg ikkje fekk jobben, vart eg veldig letta, for eg hadde ikkje lyst til å jobbe ved UiO. Det er faktisk mykje betre her ved HiOA. Her er det dyktige leiarar som ser deg.

Ferrer har delteke som fagekspert i TV-serien Big Bang, eit vitskapleg underhaldningsprogram på NRK. Så hadde ho hatt dei rette faga, kunne ho då ha tenkt seg å bli «headhunta» av Høyskolen Kristiania?

– Det blir jo hypotetisk, men eg ville ha vore skeptisk. Eg ser på meg sjølv som fagformidlar når eg er i media. I ein høgskulejobb er undervisninga det viktigaste, så eg synest det er eit rart kriterium å tilsette folk ut frå. Kanskje går ein då glipp av folk som ikkje er så synlege? Og er det kva dei skrik, eller kor høgt dei skrik, som tel?

Merkenamn i panna

Ser ein på studenttalet, har BI vore den store private høgskulen i Noreg. Men no har også den fusjonerte Høyskolen Kristiania blitt større. Innan same fagområda finn ein også Westerdals Oslo School of Arts, Communication and Technology.

– Westerdals har ganske høg status innanfor reklamebransjen. Men ingen av dei har høg prestisje i akademia. Likevel kan ein argumentere for at dei har ein viktig nyttefunksjon. Mange fag leitar etter nytten sin, og ved HF ved UiO må dei no rettferdiggjere at faga er lønnsame, seier Tangen.

I Noreg har det gjeve høgare status å jobbe i det offentlege enn det private.

– Men dette forklarer ikkje at statusen er ulik. Du kan finne høgt rangerte private institusjonar og lågt rangerte offentlege institusjonar. Går du til utlandet, er problemstillinga mellom privat og offentleg heilt borte, seier han.

Også kristne private høgskular kan ha låg status i akademiske miljø. Torkel Brekke, som er religionshistorikar ved Institutt for kulturstudiar og orientalske språk ved UiO, meiner status handlar om andre ting:

– Eg har kollegaer ved private kristne høgskular som er utruleg flinke. For meg er status knytt til enkeltpersonar og det dei presterer som forskarar og lærarar. Eg har tidlegare jobba ved universitet i Oxford, som er eit ekstremt sterkt merkenamn. Men ein blir ikkje ein betre forskar eller lærar av eit merkenamn i panna, seier Brekke.

– Når ein har fått jobb ved eit etablert universitet, til dømes i Oslo eller Bergen, har ein nådd toppen av det akademiske næringskjeda i Noreg. Det er litt urettferdig å seie at vi blir slappe av det, men då er det vi som set standarden, og det er kanskje bra å bli utfordra.

Det er ikkje gjort med eit kunstgrep å bli ein akademisk institusjon.

Forsterka hierarki

Historieprofessor Fredrik Thue jobba i mange år ved UiO, men i fjor haust overtok han stillinga etter Rune Slagstad ved Senter for profesjonsstudiar ved HiOA.

– Eg ser farar ved akademiseringa av utdanningsinstitusjonane, blant anna faren for å bli «kvasivitskapleg», seier Fredrik Thue.

– Etter mange periodar i midlertidige stillingar ved UiO var det greitt å få fast jobb, og denne stillinga var svært relevant for meg. Dette er eit forskingsorientert miljø, og det betyr lite for meg om andre synest det er mindre prestisjefylt å jobbe ved ein høgskule, seier Thue.

Han seier det fortsatt er slik at UiO ser seg sjølv på toppen i det hierarkiske systemet.

– Men som deltakar i dette systemet vil eg seie det er mange mytar her. På ein måte er det rett, men det er store kvalitetsforskjellar i ulike fagmiljø, og eg trur mange forskarar overvurderer verdien av den institusjonelle prestisjen.

Thue meiner det akademiske hierarkiet har forsterka seg.

– Før snakka ein om to ulike system: eit akademisk system med universitet og vitskaplege høgskular på eine sida og eit yrkesorientert system med høgskular på andre sida. Det låg i korta at universiteta hadde mest prestisje. I dag skal alle ha universitetsstatus, og alle skal drive med forsking, noko som fører til at vi på eit vis får eit meir eintydig hierarki.

Tangen ved Høyskolen Kristiania meiner hierarkiet i utdanningssystemet skaper taparar.

– Når alle utdanningsstader vil ha akkreditering som universitet, bidreg det til at alle konkurrerer etter den same dimensjonen, der høg akademisk kvalifisering er målet. Eg ønskjer meg tilbake til den gongen det var sjukepleiehøgskule og lærarhøgskule. I dag er det graden av kor mislukka du er til å levere til eit diffust såkalla «kunnskapssamfunn», som avgjer rangeringa.

Unorsk å bli eksellent

Thue minner om at dei marknadsorienterte høgskulane har sitt eige hierarki, med Norges handelshøyskole og BI på toppen og Høyskolen Kristiania, den tidlegare Markedshøyskolen, lenger ned:

– Sosiologen Bourdieu såg det hierarkiske systemet ut frå det franske samfunnet. Men i Noreg er prestisjehierarkiet ulikt avhengig av miljø. Her har vi motkulturar med alternative oppfatningar av kva som er bra og dårleg. Så det er noko unorsk over eit akademisk hierarki der alle skal vere eksellente og konkurrere på dei same premissa. Det støyter mot det norske likskapsidealet og også mot det mangfaldige, der ein type kulturmiljø set noko på toppen av hierarkiet, medan andre typar miljø set andre ting på topp. Forretningseliten og den statlege eliten tenkjer til dømes ganske ulikt.

Thue seier han ikkje kjenner Høyskolen Kristiania særleg godt, men i ein akademisk kultur vil ein slik institusjon liggje langt nede på skalaen.

Høyskolen Kristiania kaprar folk som er synlege i media.

– Det er ikkje gjort med eit kunstgrep å bli ein akademisk institusjon. Samtidig er dette ein høgskule som utdannar folk til næringslivet, og i mange delar av næringslivet er det ei utbreidd oppfatning at folk frå universiteta med humanistisk og samfunnsvitskapleg bakgrunn ikkje er særleg brukande. «Dei har sosa bort for mykje tid i systemet, og har fordjupa seg i problem som er irrelevante.»

Di fjernare faga er frå den praktiske røyndomen, di høgare status får dei.

– Ingen snarveg til omdømme

Og kanskje er rektor Blindheim ganske einig?

– Di fjernare faga er frå den praktiske røyndomen, di høgare status får dei. Filosofifaget, som gjev meir danning enn utdanning, har høgare status enn dei jordnære faga vi har her.

Blindheim seier dei tilsette ved skulen hans underviser og rettleier mykje meir enn dei gjer ved offentlege universitet.

– Vi likar dei som har evne til å sjå skrått på ting og tale Roma midt imot, seier rektor Trond Blindheim, som sjølv stadig er i media som omdømmeekspert.

– Og her er det 43 studentar per fagleg tilsett. Likevel publiserer forskarane like mykje hjå oss. Så ein kan jo lure på kva dei bruker tida til ved universiteta.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen meiner det ikkje finst nokon snarveg til bygging av omdømme.

– Godt omdømme kan berre byggast stein på stein, gjennom det daglege kvalitetsarbeidet innan forsking og utdanning. Det er ein framand tanke ved UiO å rekruttere folk primært fordi dei er synlege i media. Dette betyr ikkje at vi ikkje legg vekt på formidlingserfaring ved tilsetjingar. Forsking og utdanning av høg kvalitet er grunnlaget både for tilsetjingar og formidling, seier han.

Men om UiO framleis tronar på toppen av hierarkiet, får andre uttale seg om, seier Ottersen.

Låg kulturell kapital

I alle fall skal Tangen søkje opptak på doktorgradsprogram ved UiO.

– Eg vil heller til universitetet enn til BI. Delvis har det med fagområdet mitt å gjere, men eg ønskjer også å ha ein doktorgrad frå UiO. Men hadde valet stått mellom Universitetet i Agder (UiA) og BI, då hadde nok BI vore meir nærliggjande.

– Så BI har høgare status enn UiA?

– I fag begge har, ville eg valt BI. Men uansett plass på rangeringar, vil BI vere ein skule som skårar lågt på kulturell kapital på grunn av fagområda sine. Merkantile fag er ikkje særleg høgt rangerte kulturelt når utdanningar skal knive om verdigheit. Dersom ein professor i sosialantropologi ved UiO og ein professor i sosialantropologi ved Markedshøyskolen var på same seminaret, ville nok UiO-professoren – om vilkåra elles var like – fått sitje høgare oppe ved bordet.

  • Les også: