Å eige det nyaste utstyret kan ha alt å seie for eit forskingsmiljø, men kampen om pengane er hard.

 

På Marineholmen i Bergen står ein firkanta boks med eit flunkande nytt NMR-spektrometer inni. NMR, eller kjernemagnetisk resonans, kan brukast til å finne strukturen til organiske molekyl og sjå korleis dei påverkar kvarandre. Då maskina (sjå biletkarusell øvst på sida) vart operativ i slutten av mai, var det eit resultat av fleire år med press og forhandlingar og flikking på søknader for å skaffe pengar til instrumentet. Alle hjarto, i alle fall dei som interesserer seg for molekylstrukturar, gledde seg. Endeleg hadde Noreg NMR-utstyr på nivå med resten av Europa.

Fekk nasjonalt utstyr

Marineholmen, Bergen 20160907: NMR-spektroskopimaskinen på Marineholmen i Bergen. Jarl Underhaug, Jose Carlos Guerrero. Øyvind Halskau. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN
Prøver av petroleumsprodukt er klare til å bli sette inn i NMR-maskina. Foto: Paul Sigve Amundsen

Maskina har eit magnetfelt som gjer at ein kan nå ein resonansfrekvens på 850 MHz for hydrogenatom, fortel førsteamanuensis Jarl Underhaug stolt – eit stort steg framover frå den gamle maskina på usle 600 MHz. Di sterkare magnetfelt, di større og meir komplekse molekyl kan ein studere.

– Før måtte ein til utlandet for å gjere slike testar. Det er alltid eit styr å reise med ei biologisk prøve som gjerne må pakkast i tørris. Så må ein bestille flybillettar og hotell og planleggje akkurat kva ein vil teste, lang tid i førevegen. Når instrumentet står her, er det mykje lettare å køyre det ei lita stund og sjå om datainnsamlinga fungerer slik du vil, eller om du må tilbake til laboratoriet og arbeide vidare med prøven din, seier Underhaug.

Det nye instrumentet i Bergen er flaggskipet i det som blir kalla den norske NMR-plattforma, og som Underhaug er manager for. Plattforma inkluderer også to 800 MHz-instrument, eitt ved Universitetet i Oslo og eitt ved NTNU. Pengane kom frå Forskingsrådets nasjonale satsing på forskingsinfrastruktur: Vel 50 millionar kroner til instrument og drift i ein prosjektperiode på åtte år.

Nei og atter nei

magnus-per-fhi
– Brukarmedverknad er viktig for å få forskingsstøtte, og infrastrukturmidlar ville ha hjelpt oss med det, seier Per Magnus. Foto: Folkehelseinstituttet

I midten av oktober går fristen ut for ein ny søknadsrunde i infrastruktursatsinga. Dersom eit forskingsmiljø treng dyr infrastruktur, og institusjonen ikkje kan skaffe det med eigne midlar, er det hit ein lyt vende seg. Fagmiljøa som nyttar NMR-teknikkar i forskinga, nådde opp i konkurransen og fekk pengar i førre runde. Så heldig var ikkje Per Magnus ved Folkehelseinstituttet.

– Vi har søkt to gonger og fått avslag begge gongene, seier han.

Han og samarbeidspartnarane søkte om eit prosjekt kalla «Cohorts for Research». Prosjektet er knytt til dei store befolkningsbaserte helseundersøkingane som er til dels unike for Noreg, slike som Mor og barn-undersøkinga og Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT). Det er undersøkingar som samlar data ved hjelp av spørjeskjema, innsamling av biologisk materiale, og intervju med eit utval av deltakarane. Infrastrukturpengane skulle brukast til digitale verktøy for å følgje opp deltakarane i undersøkingane, og til system som kunne gjere det lettare for forskarar å hente ut data til forskingsprosjekta sine, som i dag er tidkrevjande og vanskeleg.

«Ein får prosjektmidlar, men ikkje støtte til den grunnleggjande infrastrukturen som gjer prosjekta moglege.»

– Slike helseundersøkingar krev stor innsats både i form av pengar og arbeidskraft, og målet med dei er å studere årsaker til sjukdommar, seier Magnus.

– Vi tenkte at Forskingsrådet kanskje ville vere med på å leggje til rette for å gjere datamaterialet frå undersøkingane meir tilgjengeleg for forsking, men fekk ikkje gjennomslag. Det Forskingsrådet har løyvd pengar til, er helseregistera og biobankdelen av undersøkingane. Men ein biobank har liten verdi dersom ein ikkje har ein aktiv kohort som ein kan følgje opp og samle inn data og bakgrunnsinformasjon frå.

Forsking på sparebluss

Då Magnus kom til Forskingsrådet midt i nittiåra og bad om støtte til Mor og barn-undersøkinga, fekk han til svar at det ikkje var pengar å få til slikt, men at det gjekk an å få støtte i form av stipendiatstillingar og prosjektmidlar når ein først hadde data å forske på.

– Og det har vi fått. Ein får prosjektmidlar, men ikkje støtte til den grunnleggjande infrastrukturen som gjer prosjekta moglege, seier han.

Dermed går helseundersøkingane vidare på sparebluss. No satsar forskarane på at alle gode ting er tre: Ein ny søknad skal sendast inn i haust, denne gongen basert frå Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. UiT er medansvarleg for Tromsøundersøkinga, ei anna helseundersøking som skulle inngå i kohort-prosjektet.

– Dersom vi ikkje når opp denne gongen heller, er det ikkje så mange andre infrastrukturmidlar å søke på i Noreg. Vi får ein del finansiering frå USA fordi dei ser den forskingsmessige verdien av helseundersøkingane våre, undersøkingar som er vanskelege å utføre i land som USA. Og vi er heilt avhengige av pengane frå vårt eige institutt. Elles er det nokre få mesenar som gjev pengar til forsking, men kanskje helst til flotte og spektakulære maskiner. Personleg meiner eg at datainnsamlinga og databasane er det viktigaste å støtte. Utan det blir det inga forsking, seier Magnus.

Datasystem er infrastruktur

kvalheim-vigdis-njord-svendsen2
– Mange infrastrukturprosjekt gjeld deling og gjenbruk av data så ein får utnytta ressursane betre, seier Vigdis Kvalheim. Foto: Njord V. Svendsen

Då er det ei fattig trøyst at andre har fått støtte nettopp til nye datasystem for røkting av forskingsdata. NSD – Norsk senter for forskingsdata er i desse dagar i gang med å nyutvikle system for deponering og tilgjengeleggjering av forskingsdata, i tråd med nasjonale og internasjonale krav om open tilgang til forskingsdata. Prosjektet heiter NORDi og har fått 26 millionar kroner frå Forskingsrådet.

– NSD er i seg sjølv ein forskingsinfrastruktur som har til oppgåve å lagre og formidle forskingsdata og har gjort det i fleire tiår, først frå samfunnsvitskapane, og seinare for alle fagfelt. Men med desse midlane kan vi gjere løft som strekker seg utover vanleg drift, seier avdelingsdirektør Vigdis Kvalheim.

I tillegg til å lage ny søkeportal arbeider dei med å gjere det enklare for forskarar å arkivere data, å sitere datasett i publikasjonar, og å lage datahandteringsplanar for forskingsprosjekta sine. Brukarmedverknad og kursing skal gje forskarane eigarskap til infrastrukturen og etablere ein kultur for deling av data.

– Open tilgang til forskingsdata er ikkje mogleg utan langsiktig lagring og forvalting. Det trengst fornying heile tida. Så desse infrastrukturmidlane er viktige for oss, ikkje minst for å kunne få fullt utbyte av dei investeringane som er lagde ned i å samle, lagre og formidle forskingsdata gjennom meir enn førti år. Filosofien no er at ein investerer i felles infrastruktur for å utnytte investeringane i dataproduksjon og forsking betre, seier Kvalheim.

Kan ikkje dekke behovet

Fakta

Kriterium for utstyr

Nasjonal satsing på forskingsinfrastruktur finansierer satsingar som:

  • har brei nasjonal interesse
  • kan danne grunnlag for internasjonalt leiande forsking
  • finst éin eller få stader i landet
  • er tilgjengelege for relevante forskingsmiljø og næringar

Nemninga forskingsinfrastruktur inkluderer:

  • e-infrastruktur, som tungreknemaskiner eller elektroniske løysingar for datahandtering
  • vitskaplege databasar, som registerdata og tidsseriar
  • vitskaplege samlingar, som biobankar eller gjenstandsamlingar
  • vitskapleg utstyr, frå basisutstyr til avanserte instrument
  • store forskingsfasilitetar og installasjonar

(Kjelde: Forskingsrådet)

NSD har fleire søknader på trappene til årets søknadsrunde. Ideelt sett skulle Kvalheim ønskje seg at grunnløyvinga til NSD var stor nok til at dei kunne sette av midlar til nyutvikling når det trengst.

– Men når finansieringssystemet er slik det er, er vi glade for at vi nådde opp i konkurransen om desse midlane.

Masterplanen for vitskapleg utstyr heiter Norsk vegkart for forskingsinfrastruktur, seinast oppdatert i 2016. Der finn ein Forskingsrådets strategi for infrastruktur fordelt på temaområde, og dessutan ei oversikt over dei infrastrukturprosjekta som anten har fått støtte eller er blitt vurderte som støtteverdige, men som førebels står på vent.

– Behovet er stort fordi det heile tida skjer teknologisk utvikling som gjer at utstyr må fornyast og oppgraderast. Det gjeld alle fagområde, men kostnadane og fornyingstakta er spesielt høge innanfor dei eksperimentelle naturvitskapane, i vid forstand, seier spesialrådgjevar Solveig Flock i Forskingsrådet.

For nokre år sidan vart behovet for investeringar i infrastruktur estimert til å liggje på gjennomsnittleg 800 millionar kroner i året, eit anslag som Forskingsrådet meiner framleis gjeld. Men det finst berre 500 millionar i året til utdeling over Forskingsrådets budsjett. For å utnytte pengane best mogleg krev Forskingsrådet at søknader om infrastruktur skal vere av nasjonal interesse. Søker du om eit instrument som berre kjem ditt eige institutt til gode, kan du gløyme å få pengar. Men sjølv nasjonal interesse er ikkje nødvendigvis nok.

– Må ha noko å tilby

kjøniksen, anna-lena (bjørn gitle hauge)
– Utan utstyret vi har søkt om, blir det vanskeleg å få til samarbeidsprosjekt, seier Anna-Lena Kjøniksen. Foto: Bjørn Gitle Hauge

– Prosjektet vårt fekk veldig god score  av ekspertpanelet, og eg har vore i kontakt med mange forskarar som var interesserte i å bruke utstyret, og som er lei seg for at det ikkje vart noko av, seier professor Anna-Lena Kjøniksen ved Avdeling for ingeniørfag ved Høgskolen i Østfold (HiØ).

Søknaden hennar i førre runde av infrastruktur-utlysinga gjaldt ei pakke med avanserte instrument for måling av lysspreiing frå partiklar, som skulle samlast ved HiØ under nemninga Norwegian Center for Advanced Light Scattering.  Det er viktig for alle som jobbar med små partiklar og treng å vite nøyaktig kor store dei er, som når ein skal lage legemiddel eller studere og endre på eigenskapane til eit material.

– Det er snakk om avanserte instrument som enno ikkje er kommersielt tilgjengelege, utstyr som ein må kunne litt om for å kunne bruke det. Ideen min var å bygge opp eit senter her hos oss der vi kunne ha alle instrumenta på same stad, og dermed måle ulike ting med komplementære teknikkar.

«Det er enormt vanskeleg å henge med i kapplaupet om ein ikkje investerer.»

Men søknaden slapp ikkje igjennom nålauget, og resultatet er at mykje forsking ikkje kan utførast. Alternativet er å reise til andre laboratorium.

– Men det er ikkje så mange stader som har denne typen instrumentering, og spesielt ikkje den pakkeløysinga som eg ønskte meg. For å få same resultat må ein kanskje reise til fem ulike stader. Og sjølv om det går an å reise, så blir du ikkje ein interessant samarbeidspartnar om du ikkje har noko å tilby i retur.

Vanskeleg å henge med

Infrastruktur kan bety vinn eller forsvinn for eit forskingsmiljø, meiner Kjøniksen.

– Ja, definitivt. Det er enormt vanskeleg å henge med i kapplaupet om ein ikkje investerer. For å skaffe denne pakken eg drøymer om, er vi nøydde til å ha ei stor løyving frå Forskingsrådet. No prøver eg i staden å få til ein light-versjon og skaffe pengar til eitt av instrumenta, i det minste. Men det er ikkje så mange andre stader å søke. Vi har sterk støtte frå leiinga ved HiØ, men dei kan ikkje ta på seg ei så stor investering.

Kjøniksen spekulerer på om det at ho representerer ein liten høgskule, kan ha hatt noko å seie.

– Inntrykket eg fekk ved å lese mellom linjene, var at Forskingsrådet ikkje er interessert i å gje ein stor infrastruktur til ein liten høgskule, så dersom vi skal prøve på nytt, må vi nok samarbeide med eitt eller fleire av universiteta. Men då endar det gjerne med at ein må fordele instrumenta mellom institusjonane, og min intensjon var tvert imot å ha alt på éin stad så ein kan få gjort alt ein treng der.

Må samarbeide

Forskingsrådet inviterer ikkje institusjonane til å søke om spesifikke infrastrukturar, men forventar at søknadene spring ut frå behova i forskingsmiljøa og dessutan støttar opp om dei prioriterte forskingssatsingane i Noreg. Det fortel direktør ved Avdeling for forskingsinfrastruktur, Asbjørn Mo.

– Vi nyttar internasjonale ekspertpanel som uttalar seg om verdien av vitskapen ein forventar at infrastrukturen kan føre til. Det er også eit element at forskingsmiljøa samarbeider der det er nyttig, slik at vi ikkje får konkurrerande søknader innanfor same område. Dersom ulike miljø søker om tilnærma same infrastruktur, vinn ikkje søknaden fram i konkurransen, og søkarane bør bli samde om éin felles søknad i neste utlysing, seier Mo.

«Ein ventar at dei første 1,2 GHz-instrumenta snart vil vere klare. Då snakkar vi prisar i hundremillionarsklassen.»

Det var grunnen til at kjemikarane og molekylærbiologane i Bergen drog ut på friarferd til UiO og NTNU. Før søknaden fekk gjennomslag, var det ikkje reint lite av dragkampar og forhandlingar mellom institusjonane som måtte til. Støtte frå leiinga var viktig for at UiB enda som vertsinstitusjon for plattforma, trur Jarl Underhaug. UiB forplikta seg til å bidra med eigne midlar, og har finansiert bygget der maskina står, og tre stillingar knytte til instrumentet, inkludert hans eiga.

Kjøp er berre byrjinga

Marineholmen, Bergen 20160908: NMR-spektroskopimaskinen på Marineholmen i Bergen. Jarl Underhaug. FOTO: PAUL S. AMUNDSEN
– No søker vi om pengar til å byte ut eit eldre NMR-instrument som ikkje kan reparerast lenger, seier Jarl Underhaug. Foto: Paul Sigve Amundsen

Men pengar til investeringar er berre første steget. Neste utfordring er å sikre pengar til drift. Det dekker ikkje Forskingsrådet, bortsett frå i unntakstilfelle.

– Det er meininga at drifta av NMR-plattforma skal betalast av brukarane gjennom prosjektmidlar. Men så er det jo ikkje alle prosjekt som får finansiering. Problemet for Kjemisk institutt, som er vert for instrumentet, er at det er dyrt å ha det ståande anten det er i bruk eller ikkje. Då vil det trass i alt vere betre å la forskarar få bruke det gratis, slik at det i alle fall kjem data og publikasjonar ut av det, seier Underhaug.

Som manager er han ansvarleg for at NMR-plattforma har ein sunn økonomi, og han ser for seg at det å hjelpe folk med søknadsskriving vil vere ein del av ansvaret.

– Det blir viktig å kome inn på eit tidleg tidspunkt og hjelpe forskarane å tenkje igjennom kva dei eigentleg treng, seier han.

Så spørst det berre kor lenge den skinande nye 850 MHz-en vil vere god nok.

– Ja, sei det. Ein ventar at dei første 1,2 GHz-instrumenta snart vil vere klare. Då snakkar vi prisar i hundremillionarsklassen. Men vi håpar jo at prisen vil gå ned med tida.