Analysane av leiarrolla er høgst relevante for forståinga av det norske samfunnet i 2012.
velorganisert-om-leiing

Fakta

Jan Ketil Arnulf
Hva er ledelse
Universitetsforlaget, 2012
135 sider
Rettl. pris: kr 179  

Leiaren er ein viktig figur i norsk yrkesliv, og det er stadig debatt om kva som er god og dårleg leiing. Difor er det lurt av Universitetsforlaget å gje ut ei «Hva er»-bok om leiing.

Jan Ketil Arnulf er førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, og han har skrive ei velorganisert bok med gode historiske og teoretiske forklaringar på leiingsfenomenet. Tilnærminga er psykologisk snarare enn økonomisk, og Arnulf legg stor vekt på ’mjuke’ og fortolkande trekk ved leiing. Boka har eit tankevekkande kapittel om kor gale det kan gå når autoritære leiarar kjem til makta, og Arnulf diskuterer også forskjellen på leiingskulturar i Noreg og Kina.

Arnulf framhever at ein god leiar klarer å skapa resultat ved hjelp av tillitsfull innsats frå andre. Historia om leiing viser at det lenge var karismatiske høvdingar og ’store menn’ som mobiliserte til slik innsats, men no vert det oppfatta som noko ein kan læra viss ein er flink. Den gamle leiaren dreiv fabrikken med høg fagkunnskap i førti år, medan den nye leiaren har låg fagkunnskap og driv han i fem år.

Leiarens fagkunnskap er i våre dagar nettopp det å leia, skriv Arnulf. Den profesjonelle leiaren er ei amerikansk innretning, og han har fyrst og fremst ansvar for resultatet til eit aksjeselskap. Dermed kan nesten alle framgangsmåtar utgjera god leiing, så lenge det fører til auka avkastning på kapitalen.

Arnulf skriv interessant om tre «harde» dimensjonar ved leiing. Makt er evna til å få andre til å gjera som ein sjølv vil, uansett kva desse andre vil. Styring handlar om korleis arbeid skal organiserast, ressursar fordelast, kven som skal samarbeida, og korleis ein skal tena pengar. Autoritet er enkeltpersonars rett til å ta avgjerder som angår styringa. Kven har autoritet til å sparka folk, eller til å kjøpa aksjar for ein milliard? Til saman er makt, styring og autoritet dei viktigaste instrumenta for leiaren.

Men leiing er ikkje enkelt, og det kjem blant anna av at usikkerheit er ei konstant utfordring for leiaren, seier Arnulf. Dette gjer det viktig at leiaren tenkjer langsiktig. «Strategier innebærer at man må forstå at framtiden er usikker, og at organisasjonen må velge hvilken usikkerhet man aksepterer.»

Arnulf får godt fram kor viktig menneskeforståing er i leiingssamanhengar. Dét er fordi det alltid dreier seg om å mobilisera folk på frivillig basis. Det dreier seg om å fortolka andre menneske si åtferd, å skapa oppslutning hjå folk som kunne vilja gjort noko anna, og såleis påverka til innsatsvilje og samarbeid mot eit felles mål som kanskje ingen av dei andre hadde sett føre seg. Den gode leiaren må vera imøtekomande, open for andres erfaringar, ha eit behageleg vesen og vera samvitsfull.

Arnulfs analysar av leiarrolla er høgst relevante for forståinga av det norske samfunnet i 2012. Han går mykje djupare inn i gode og dårlege trekk ved leiing enn kva dagspressas gjer i analysane av leiarstilen til ein Mark Zuckerberg eller Petter Stordalen. Eg tilrår boka varmt til alle som følgjer utviklinga av politikk og samfunnsliv.