I framtida blir det færre og større einingar i instituttsektoren, seier Anders Hanneborg i Forskingsrådet.

Forskerforum har tidlegare skrive om at fleire små forskingsinstitutt har planar om å slå seg saman til store forskingsgigantar med nærare tusen tilsette. I Forskingsrådet er er konklusjonen klar: det vil bli færre og større einingar i framtida.

– Dette vil tvinge seg fram. Den samfunnsvitskaplege arenaen består av mange mindre aktørar, og nokre greier seg godt, medan andre har ein meir krevjande situasjon, seier direktør Anders Hanneborg i Divisjon for vitskap i Forskingsrådet.

Han seier det spesielt er fleire av dei små regionale institutta som slit i konkurranse med andre aktørar.

– Det finst private bedrifter som konkurrerer med institutta om oppdraga, og nokre institutt rapporterer om at Universitets- og høgskulesektoren kjem inn på marknaden deira, seier han.

– Vil presset om å fusjonere med andre bli større?

– Presset vil først og fremst kome innanfrå. Fleire av dei små ser at dei får problem med å finansiere eiga verksemd. Det skjer ei ganske stor endring i sektoren no, der fleire slår seg saman eller jobbar tett saman med andre miljø. Om fem–ti år trur eg at biletet er betydeleg endra. Då har vi fått fleire store fagmiljø som vil ha lettare for å hevde seg i konkurransen, både nasjonalt og internasjonalt.

Fakta

Tal på forskingsinstitutt med basisfinansiering

Talet har variert dei siste ti åra etter som nokre har slått seg saman og andre har delt verksemda opp.

  • 2008–2011: 47
  • 2012:            51
  • 2013:            50
  • 2014:            48
  • 2015:            45
  • 2016:            44
  • 2017:            43

– Nokre små gjer det godt

Grensa for at eit institutt får basisløyvingar frå Forskingsrådet er på 20 årsverk.

– Minimumsgrensa på 20 årsverk er sett lågt, fordi det finst nokre små institutt som gjer det veldig godt. Dei er spesialiserte og held eit høgt fagleg nivå. Men vi vil nok vurdere denne grensa når vi neste år skal revidere retningslinene for statleg basisfinansiering, og eg trur ikkje grensa blir sett lågare, seier Hanneborg.

Han seier det likevel ikkje er noko krav om instituttstorleik for å få tildelt eit forskingsprosjekt.

– Om eit institutt får avslag, er det fordi søknaden ikkje er god nok. Men i praksis ser vi at mange av dei små hevdar seg svakare i konkurransen.

– Prosjekta som er lyste ut av Forskingsrådet, er blitt større, noko som gjer det vanskeleg for dei små?

– Ja, nokre av dei større satsingane krev anten eige tverrfaglege miljø eller tett samarbeid med andre for å kunne løysast. Også når det gjeld EU-prosjekt, trur eg dei små institutta strever med å skaffe midlar. I dag går ein stadig større del av norske forskingsmidlar gjennom EU.

Ingen fusjonsplanar

Eitt av dei regionale institutta som framleis står aleine, er Vestlandsforsking. Instituttet, som held til i Sogndal i Sogn og Fjordane, har mellom tjue og tretti forskarårsverk.

– Vi har tru på framtida, seier Merete Lunde i Vestlandsforsking.

– Vi har ingen planar om å slå oss saman med andre. Vi fekk nyleg tildelt to EU-prosjekt, og vi har tru på framtida, seier direktør Merete Lunde.

– Vil det ikkje bli vanskeleg for dei små ute i distrikta?

– Nei, ikkje for dei som er dyktige. Eg trur dei regionale institutta vil ha ei viktig rolle framover ved å vere så tett på kommunar og næringsliv. Vi har ei pådrivarrolle for forsking i regionane, og så lenge vi publiserer vitskapleg på høgd med dei store, er det ingen skilnad.

I 2017 vart forskingsinstitutta evaluerte, blant anna dei samfunnsfaglege institutta.

– Vestlandsforsking fekk gode evalueringar, og vi vart råda til å fortsetje strategien vår, som er å halde på både breidd og spiss innanfor dei tre hovudområda våre, som er klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn.

Vart ikkje einige

Andre har valt ein heilt annan strategi. Østlandsforskning, som er eit regionalt samfunnsvitskapleg institutt med hovudsete i Lillehammer, har planar om å bli større. I 2016 hadde instituttet 19,2 forskarårsverk.

– Den regionale marknaden er ikkje stor nok, og den nasjonale og internasjonale marknaden krev fagleg spissing, så det er vanskeleg å fortsetje aleine når konkurransen blir skjerpa. Om vi skal ha sjanse til å overleve aleine som eit lite institutt, må forskarane våre jobbe tett innanfor same fagfeltet, seier direktør Roger Lian.

Planen dei siste to åra har vore at Østlandsforskning skal bli ein del av ei større eining.

– Vi har hatt mål om å byggje alliansar og sjå på moglege fusjonar med andre institutt. Men dette har vi ikkje fått til, blant anna på grunn av kompliserte eigarstrukturar ved dei ulike institutta, samt ulike interesser og fagprofilar. Så no arbeider vi for at Østlandsforskning blir ein del av Høgskolen i Innlandet.

Høgskulen vedtok sist sommar å greie ut ei verksemdoverdraging av instituttet til høgskulen. Konklusjonen vil kome i løpet av våren 2018.

– Vanskeleg å samle eigarane

Roger Lian sluttar snart som direktør i Østlandsforskning.

– Ein av grunnane til at eg går av, er at det har vore vanskeleg å samle alle eigarane bak strategien for fagleg spissing, seier Lian til Forskerforum.

Østlandsforskning er regionalt forankra, og har fem ulike eigarar, blant anna to fylkeskommunar.

– Politiske prioriteringar og satsingsområde regionalt matchar ikkje alltid dei forskingsbehova og kompetanseføresetnadene instituttet har for å levere høg kvalitet. Instituttet har satsa på å utvikle ei tydelegare rolle i det nasjonale forskingslandskapet. Då må vi prioritere nisjekompetanse som treffer både ein regional og ein nasjonal etterspørsel, seier han.

Frå nyttår byrjar Lian som administrerande direktør i NTNU Samfunnsforskning i Trondheim.

Les også: 

– Vi er ikke forskere fordi det er så glamorøst og vi tjener så mye penger