– Vi treng ein ny innovasjonspolitikk
LUKK
Annonse
Annonse

– Vi treng ein ny innovasjonspolitikk

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 20. oktober 2017 kl. 11:48

Ein ny politikk for innovasjon må legge til rette for at dei samfunnsmessige konsekvensane av innovasjonen blir integrert i sjølve innovasjonsprosessen, meiner forskar.

Korleis bør forskings- og innovasjonspolitikken sjå ut i framtida? Det var hovudtema då Forskingsrådet inviterte til lanseringsseminar for Indikatorrapporten 2017. Sjølve rapporten trekk liner tjue år bakover og skildrar korleis det norske forskings- og innovasjonssystemet har endra seg i denne perioden. Det blir investert langt meir i forsking no enn for tjue år sidan, norske forskarar er meir produktive og samarbeider meir internasjonalt, og kvantitative mål tyder på at produksjonen held høgare kvalitet. Men er det nok?

– Dersom vi reknar det å skape gode samfunn som hovudmålet med forskinga, kan det jo ikkje stå så hakkande gale til, sidan vi ligg på topp på alle levekår-indeksar, sa Espen Solberg frå NIFU, som snakka om kva Indikatorrapporten seier om kor godt Noreg er rusta for omstilling.

Samtidig viste han til at Noreg må handtere dei same utfordringane som andre land: Klimaendringar, migrasjon og ressursknappheit, i tillegg til den særnorske utfordringa med å finne andre ting å eksportere enn olje og gass. Indikatorrapporten har sett spesielt på FoU-investeringar i energi, og viser at sjølv om investeringane i petroleumsforsking har gått noko ned, ser ein ikkje tilsvarande auke i forsking på fornybar energi.

«Kreativ destruksjon» kan vere utdatert

Forskingsrådet hadde invitert Johan Schot, direktør for Science Policy Research Unit ved University of Sussex, til å snakke om kva forskings- og innovasjonspolitikken må gjere i framtida. Han var ikkje i tvil om at det trengst eit nytt prinsipp for politikken.

– Eg brukar gjerne FNs berekraftsmål som eit objektiv å sjå endringane i verda gjennom. Problema dei skildrar, er kjenneteikna av at dei ikkje kjem til å forsvinne av seg sjølv, at det hastar å gjere noko med dei, og at dei er ein direkte konsekvens av måten vi lever og arbeider på.

Schot meinte at forskingssektoren lenge har fått lov til å leve avsondra frå dei grunnleggjande utfordingane i verda. Slik vil det ikkje vere i framtida.

– Tidlegare har ein tenkt at sjølv om innovasjon kan ha negative konsekvensar på kort sikt, som forureining eller arbeidsløyse, så vil dei positive konsekvensane på lang sikt meir enn vege opp. Det er prinsippet bak Schumpeters «kreative destruksjon». Spørsmålet er om dette lenger held vatn, sa han.

Han peika på at modellen så langt har gått ut på at ein først forskar og innoverer, så studerer ein konsekvensane i etterkant og innfører regulering om det trengst.

– No når vi veit at konsekvensane av innovasjon like gjerne kan vere negative som positive, er spørsmålet om vi kan greie å handtere konsekvensane i sjølve innovasjonsprosessen. Det vil innebere å involvere dei som vil merke konsekvensane, i innovasjonen, og det vil nødvendigvis føre til at vi må drive forsking og innovasjon på ein annan måte enn i dag, sa han.

Utviklar ny innovasjonspolitikk

Ved University of Sussex er Schot i ferd med å utvikle ein ny strategi for slik transformasjon av forskings- og innovasjonspolitikken. I første omgang skjer arbeidet gjennom eit konsortium av utvalde land, der Noreg er representert gjennom Forskingsrådet. Til no har konsortiet teke for seg konkrete politikkar for innovasjon og sett på korleis dei set retning for innovasjonen, om konsekvensane er integrert i innovasjonspolitikken, om det er eit klart samfunnsmessig mål med politikken, og om dei er eigna til å endre dei vanane og rutinene som eksisterande system kviler på.

– Transformasjon må innebere meir enn å berre gjere dei eksisterande systema meir effektive, sa han.

Dei neste fem åra skal konsortiet utvidast, og det skal lagast eit pilotprosjekt for transformasjon av forskings- og innovasjonssystemet.

Dilemma ved digitalisering

Arne Norheim, administrerande direktør i IBM Norge, brukte sitt eige selskap som døme på korleis krav til endring gjer at ein ikkje berre må ta i bruk nye metodar og teknologiar, men aktivt kvitte seg med dei gamle.

– I dag er vi omgitt av enorme mengder informasjon som er ustrukturert og usikker. Utviklinga går så fort at dei utilsikta konsekvensane blir tydelegare og meir alvorlege.

Han peika på at forskingsverda, like mye som samfunnet, står overfor store endringar som følgje av digitalisering. Mengda forskingsresultat er så stor at ein ikkje kan vone å gjere seg nytte av dei utan digitale system, men datamengdene og systema fører samtidig med seg dilemma som må løysast med regulering, til dømes slikt som gjeld personvern og eigarskap til informasjon.

Administrerande direktør i Forskingsrådet, John-Arne Røttingen, meinte at FNs berekraftsmål set ein god agenda for framtidig forskings- og innovasjonspolitikk.

– Skal vi vere konkurransedyktige i framtida, må innovasjonen skje i tråd med desse måla, meinte han.