– Trur tjuvane ikkje heilt var klar over kva dei fekk tak i
LUKK
Annonse
Annonse

– Trur tjuvane ikkje heilt var klar over kva dei fekk tak i

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 30. november 2017 kl. 14:11

Dei stolne vikingskattane i Bergen er uerstattelege for museet, men nær verdilause på den opne marknaden.

I august vart kring 400 gjenstandar frå vikingtida stolne frå Universitetsmuseet i Bergen. Tjuvane hadde kome seg inn ved å klatre opp i eit stillas. Spekulasjonane gjekk høgt om tjuveriet var utført av internasjonale ligaer på bestilling, eller om det var lokale folk som sto bak. Nyleg arresterte politiet personar knytte til rusmiljøet i Bergen, og om lag to tredelar av gjenstandane er komne til rette. Asbjørn Engevik, instituttleiar ved Avdeling for kulturhistorie ved museet, vonar resten av gjenstandane også let seg spore opp.

– Nokre av dei stolne gjenstandane stamma frå Irland, så det var ikkje berre den norske kulturarven som leid skade, seier Asbjørn Engevik.
Foto: Dag Hellesund / På Høyden

– De har fått tilbake mesteparten av dei stolne gjenstandane, men dei har vore dårleg behandla, og mange har fått skadar. Kva gjer de no?

– Vi jobbar intenst med å sjekke kva vi har, kva tilstand det er i, prøve å pusle saman delar som høyrer i hop. Vi må finne ut om den kulturhistoriske verdien er blitt mindre. Det kan vere at dekor er øydelagd, eller at materiale og framstillingsteknikk og andre eigenskapar som gjev informasjon om gjenstanden, er blitt forringa.

Les også: Alarmen gikk to ganger. Tyvene stakk av med uvurderlige vikingskatter.

– Ja, kva er eigentleg verdien på desse gjenstandane?

– Vi arkeologar likar ikkje å snakke om pengeverdi, for dette er vår felles kulturarv og er jo eigentleg uerstatteleg. Og fordi gjenstandane er ulovlege å omsette i den frie marknaden, kan ein ikkje setje ein kroneverdi på dei. Lenge var det store spørsmålet om tjuvane var profesjonelle som visste akkurat kva dei var ute etter. Men eg tykte politiadvokat Linn Revheim uttrykte det godt på pressekonferansen: Dette var eit ordinært tjuveri, med eit ekstraordinært utbyte. Vi trur tjuvane ikkje heilt var klar over kva dei fekk tak i. Hadde dei berre teke pc-ane våre, hadde det vore enkelt, då kunne vi berre kjøpt nye. Men dette er gjenstandar som ikkje kan erstattast.

Denne spenna vart stolen. Foto: Universitetsmuseet

Då tjuveriet vart oppdaga, gjekk de raskt ut i sosiale medium med bilete og etterlysing av gjenstandane. Er det lurt, eller kan det like gjerne freiste andre til å prøve seg?

– Ja, det er eit tviegga sverd, og noko vi har diskutert mykje. I denne saka har det synt seg å vere ein vellukka strategi. Når det no viste seg at innbrotet var gjort av lokale folk, så har denne spreiinga i sosiale media heilt øydelagt marknaden deira. Det vart for vanskeleg å omsette gjenstandane. Men ei utfordring er at dette er gjenstandar som høyrer til «vårt» distrikt, som folk er opptekne av, og som museet har ansvar for å ta vare på på vegner av folket som bur her. Difor får vi ein del spørsmål om den og den tingen frå den og den plassen er godt teken vare på. På den andre sida, når tjuveriet først er eit faktum, har jo samfunnet krav på å få vite kva som skjer.

Nøkkel. Foto: Universitetsmuseet

– Sjølv om de har fått tilbake ein stor del av gjenstandane, så er det framleis ein del som manglar, til dømes nokre som var laga av gull. Kva var det typiske materialet i vikingtida?

– Det var to typiske material i denne perioden, det eine var bronse og bronselegeringar. Nokre av dei har vore forgylte med ei tynn gullforgylling. Det andre typiske materialet var sølv. Smykke og armringar var ofte i sølv. Gullgjenstandar var relativt sjeldne i vikingtida, dei var meir utbreidde i eldre jernalder. Difor er det synd at handleddsringen i gull framleis er borte. Den var eitt av få objekt i reint gull. Den relative mangelen på gullgjenstandar hadde nok delvis med tilgjengelegheit å gjere, men også med at sølv var utbreidd som betalingsmiddel. Dette var jo før den reine pengeøkonomien. Sølvgjenstandar kunne kappast opp, og sølvvekta kunne brukast som betaling. Og så kunne ein enkelt smelte det om til nye gjenstandar.

Armring. Foto: Universitetsmuseet

– Museumstjuveri er ikkje ukjent, sjølv om det er blitt færre av dei dei seinare åra. Er det trendar i kva folk prøver å stele med seg frå museum?

– I dette tilfellet ser vi ikkje nokon samanheng mellom tjuveriet og den auka vikingtidsinteressa ein kan sjå i samfunnet. Men eg veit at andre museum i Skandinavia og elles i Europa har merka eit større trykk mot vikingtidssamlingane sine og har måtta skjerpe tryggleiken. Det har nok ein samanheng med at mange grupperingar er opptekne av norrøn kulturarv no for tida.

Halsring. Foto: Universitetsmuseet

– Vil de bli meir forsiktige med å vise fram gjenstandane no?

– Nei, det har vi ingen planar om. Vi har lært ei lekse når det gjeld å tenkje på tryggingstiltak. Men å vise dei fram er kanskje viktigare enn nokon gong. Vi merkar allereie auka interesse. No har folk fått eit forhold til desse gjenstandane, dei er blitt aktuelle. Slik sett er dette gratis publisitet, som vi likevel gjerne skulle vore forutan.

Les også: