Vil kutte ut dosentløpet i høgare utdanning
LUKK

Vil kutte ut dosentløpet i høgare utdanning

Av Johanne Landsverk

Publisert 9. mai 2018 kl. 14:48

Eit utval leia av Arild Underdal foreslår å fase ut dosentløpet i høgare utdanning. Utvalet vil ha eit nytt forskar/lektor-løp.

Tilsette i høgare utdanning skal i framtida jobbe i eitt av tre karriereløp, ein professor-stige, ein forskar/lektor-stige eller ein fagstøtte-stige.

Dette er anbefalinga i rapporten frå Underdal-utvalet, som på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet har kome med forslag til ny stillingsstruktur i høgare utdanning. Forskerforum har fått tilgang til rapporten.

Dosentar på veg ut

Det har vore mykje debatt om dosentstillinga, som i dag er ei toppstilling på same nivå som professor. No ser det ut til at dosentane vil forsvinne.

– Dosentstillinga er veldig lite brukt, og det er berre omlag 170 dosentar i Noreg. Høgskulane har etter kvart langt fleire professorar, så vi foreslår ei utfasing av den noverande dosentstillinga. Men dei som har fått tittelen, kan velje å behalde denne, seier utvalsleiar Arild Underdal.

– Den mest interessante nyskapinga, er ein forskar/lektorstige, meiner han.

Dette er ein fleksibel stige som kombinerer forsking og undervisning, og som skal gje forskarar og undervisarar fleire moglege karrierevegar uavhengig av professorstigen. Den kombinerer trekk frå den tidlegare dosentstigen samtidig som det lagast ein stige for den veksande gruppa av forskarar i sektoren.

Kombinerer forskar og lektor

Underdal seier utvalet har meint å lage forskar/lektorstillinga veldig fleksibel.

– Stillingskategorien forskar er i universitetssystemet særleg knytt til ekstern finansiering som ofte er tidsbegrensa, og der forskarane er tilsette i reine forskarstillingar. Vi ønskjer ei oppmjuking av systemet, der forskarane også kan delta i undervisninga.

Utvalet ser føre seg at forskar/lektorstigen vil bestå av to stillingstypar med glidande overgangar mellom forskar og lektor.

Denne stigen vil ha fire nivå. Inngangsnivået vil ikkje krevje doktorgrad, men frå nivå to og oppover er det krav om ph.d. eller tilsvarande.

– Kva for karrieremål vil dei ha som vel forskar/lektor-stigen?

– Tanken er jo at for forskar/lektor-varienten er systemet det same, bortsett frå at vi ikkje har etablert ein klar toppstilling. Dei kan også søke seg over i professorstigen om dei har nok kompetanse. Men vi reknar med at ikkje alle har den kompetansen, seier Underdal.

I følgje rapporten vil den nye forskar/lektorstigen også svare på fleire behov i profesjonsutdanningane, som har eit delt ansvar mellom utdanningsinstitusjon og arbeidsliv/praksis i opplæring av profesjonsstudentar.

Satsar på topprofessor

Professor-stigen

Forsker/lektor-stigen

Fagstøtte-stigen

Fakultetsprofessor Fakultetslektor

Fakultetsforsker

Fagansatt 1 (lederstilling)
Professor Seniorlektor

Seniorforsker

Fagansatt 2 (seniorstilling)
Førsteamanuensis Førstelektor

Forsker

Fagansatt 3
Lektor

Forskningsassistent

Professorstigen blir omtrent som i dag, men utvalet foreslår ein meir aktiv bruk av eit tredje steg over professornivået. Ein variant av dette eksisterer allereie i dagens stillingskodesystem, men er lite brukt. Eit forslag er å ta i bruk tittelen fakultetsprofessor (Faculty professor) om professorane på toppnivå.

Heilt nytt er også fagstøttestigen, som skal synleggjere tilsette som arbeider i stillingar som understøtter forsking og utdanning.

  • Les meir: