Vil leggje ned forskingsfelt som ikkje leverer
LUKK

Vil leggje ned forskingsfelt som ikkje leverer

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 11. februar 2016 kl. 16:16

Olja kan ikkje lenger garantere for velstanden vår. I staden må vi sette vår lit til forskinga, seier Produktivitetskommisjonen.

vil-leggje-ned-forskingsfelt-som-ikkje-leverer


– Ein del av framlegga vil nok skape debatt, men eg kjenner meg att i kommisjonen si skildring av dagens situasjon, sa finansminister Siv Jensen då ho mottok rapporten.

vil-leggje-ned-forskingsfelt-som-ikkje-leverer


– Forskingsmidlane frå departementa som blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet, skal tene alt for mange ulike mål i dag. Departementa framstår som aktivistiske når dei deler ut forskingsmidlar, sier professor Jørn Rattsø.

Fakta
<

Norsk økonomi står ved eit vendepunkt der vi ser slutten på den oljebaserte råvareøkonomien og må sjå oss om etter andre løysingar for å sikre framtidig vekst og velstand. Løysingane er å finne i kunnskap, teknologitilpassing og innovasjon.

LES OGSÅ: Tør vi prioritere kvalitet i forskning og utdanning?

Det var hovudbodskapen då professor Jørn Rattsø la fram den andre og siste rapporten frå Produktivitetskommisjonen torsdag. Kommisjonen har hatt til oppgåve å finne fram til konkrete tiltak som kan styrke produktiviteten og vekstevna i norsk økonomi.

Departementa er aktivistiske

I presentasjonen sin la Rattsø vekt på at eit lite land som Noreg er avhengig av å kunne utnytte teknologiutvikling som skjer i andre land for å auke produktiviteten. Evna til teknologiadopsjon avheng av kunnskap, gode rammevilkår for næringslivet, og gode koplingar mot internasjonal økonomi og forsking. Kommisjonen tilrår difor kraftig og målretta opprusting av norsk utdanning, forsking og innovasjon. Konkret tilrår kommisjonen:

  • Forsterking av strukturreforma og satsing på toppuniversitet.
  • Sterkare satsing på forskingskvalitet, konkurranse om forskingsmidlar og fagfellevurdering som grunnlag for finansiering.
  • Avvikle sektorprinsippet og skilje sterkare mellom oppdragsforsking og kvalitetsstyrt forsking.
  • Meir «kreativ destruksjon»: Legg ned forsking som ikkje leverer, og flytt ressursane til kvalitetsforsking.
  • Mindre billeg samfunnsvitskap som leverer kandidatar til ein oppblåst offentleg sektor, meir realfag og teknologi som kan bidra til innovasjon.

– Forskingsmidlane frå departementa som blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet, skal tene alt for mange ulike mål i dag. Det er for stor spreiing i målformuleringane, og det blir lagt mykje vekt på samfunnsutfordringar og mindre på kvalitet. Departementa framstår som aktivistiske når dei deler ut forskingsmidlar, sa Rattsø.

Han viste også til at Noreg ligg under OECD-gjennomsnittet både når det gjeld utdanningsnivå, prosentdel uteksaminerte kandidatar med naturvitskaplege og teknologiske fag, og prosentdel av forskingsmidlar basert på konkurranse. Det er ei utfordring at ikkje fleire enn i dag tek master- og doktorgrad med tanke på næringslivet sitt behov for kunnskapsrik arbeidskraft, hevda han.

– Har lenge satsa på kvalitet

Administrerande direktør i Forskingsrådet, Arvid Hallén, var samd i mykje av bodskapen frå kommisjonen.

– Dei seier at forsking og utdanning spelar ei nøkkelrolle i å halde ved like velstandsveksten, og det er eg samd i. Så peiker kommisjonen på nokre svake sider ved dagens system, som at sektorprinsippet gjev for mange ulike føringar for forskinga. Det har dei mykje rett i, men vi er ein prosess med Kunnskapsdepartementet der vi tek tak i akkurat dette og arbeider for å forenkle styringssignala, seier han til Forskerforum.

Derimot er han usamd med kommisjonen i at kvalitet ikkje er eit tilstrekkeleg viktig kriterium for tildeling av forskingsmidlar.

– Vi er samde i at programstrukturen i Forskingsrådet har vore for fragmentert. Vi har lagt mykje arbied i å utvikle ein meir heilskapleg verkemiddelstruktur. Samtidig må vi halde fast ved at historia om norsk forsking dei siste tjue åra er ei historie om systematisk satsing på kvalitet, ei satsing som har gitt svært gode resultat og som stadig peikar oppover. Slik sett tykkjer eg kommisjonen si skildring av Forskingsrådet si rolle ikkje treff så godt. Men konklusjonen deira om at det norske samfunnet har mykje å hente ut av forskingssektoren, er eg sjølvsagt veldig samd i, seier Hallén.

Naturvitskap meir produktivt

Professor ved NHH og medlem av Produktivitetskommisjonen, Kjell G. Salvanes, presiserer for Forskerforum at satsinga på kvalitet og toppforskingsmiljø har vore til det gode, men at det trengst meir av det.

– Dei gode nyhenda for norske forskingsmiljø er at kunnskap berre vil bli enno viktigare i framtida. Det er eit paradoks at vi i Noreg er opptekne av elitar innanfor idretten, men ikkje i forsking. Vi treng meir spissing også her. Det er avgjerande for at Noreg skal kunne gjere seg nytte av teknologiutvikling og innovasjon som skjer internasjonalt. Ein kjem ikkje i dialog med internasjonalt leiande miljø utan å ha noko å vise til heime, hevdar han.

– Kommisjonen vil vri forsking og utdanning meir vekk frå samfunnsvitskapane og mot naturvitskap og teknologi. Det er fagfelt som krev store utgifter i infrastruktur og drift. Kva får det å seie i eit produktivitetsperspektiv?

– Ja, slike fag er mykje dyrare per hovud, men vi trur det er ei god langsiktig investering, seier Salvanes.