Rektor Gunnar Bovim ved NTNU held fast ved at universiteta må gjere dosentløpet meir attraktivt.  

 

– Vi fekk ein nobelpris i forsking, men eg er ikkje sikker på om vi ville fått det i utdanning, seier Bovim til Morgenbladet.

Morgenbladet har nyleg kåra ti fantastiske forelesarar, for å rette merksemd mot tilstanden for undervisinga i høgare utdanning. Dosent er ein stillingskategori som legg stor vekt på god undervising, men det er ikkje mange dosentar ved UH-institusjonane.

– Vi bør vitalisere dosentstigen, seier Bovim til Morgenbladet.

Ved NTNU har fusjonsprosessen gjort problemstillinga meir aktuell. Medan NTNU har tradisjon for forsking, har høgskulane som inngår i fusjonen, vektlagt undervising meir. Bovim antyder at framtida vil innebere meir samarbeid mellom spesialiserte stillingstypar.

– Framover vil vi få faggrupper, der somme er gode forskarar, somme er gode til å skrive søknader, somme er gode til å skrive manuskript og somme er gode til å undervise.

Bovim held dermed fast ved tankar han har uttrykt i Forskerforum tidlegare i år, om at det er viktig at undervising ikkje må bli oppfatta som annanrangs innanfor det fusjonerte NTNU, og at utdanningsprestasjonar må bli premierte ved lønsoppgjera på same måte som forskingsprestasjonar. I tillegg må det gjerast eit kulturelt arbeid for å heve statusen til førstelektor- og dosentstillingane.

– Vi kan gje dei utanlandsopphald, og syte for å framsnakke dei, sa Bovim i Forskerforum 3/2016, der han også peika på at forsking på utdanning har vore ignorert.

– Universitetet brukar 50 prosent av tida si på utdanning, men har nesten ikkje forsking på korleis vi brukar dei 50 prosentane. Det burde det vere sjølvsagt å forske på – akkurat som nye behandlingsformer i helsetenesta, sa Bovim til Forskerforum.

Også leiar i Forskerforbundet, Petter Aaslestad, har etterlyst sterkare satsing på førstelektor- og dosentløpet. Han meiner UH-sektoren i lang tid har vore oppteken av å premiere forsking, til skade for undervisinga. Meir bruk av førstelektor- og dosentstillingar er ein enkel måte å merittere undervising på, som allereie ligg klar til bruk.

– Eg kan ikkje forstå anna enn at ein rett og slett har nedprioritert ein viktig del av samfunnsoppdraget, nemleg undervisinga, meiner Aaslestad.