Villfarne sjeler
LUKK

BOKMELDING

Villfarne sjeler

Av Oddgeir Osland

Publisert 4. oktober 2013 kl. 11:02

Lite ny innsikt, men ei påminning om at m-l-rørsla, og vi som var med, framleis vekkjer sinne og forakt.

villfarne-sjeler

Fakta
<

Kva var skilnadane mellom 68-opprøret i Vesten og kulturnasjonane i austlege sentral-Europa? Nina Witoszek gjev eit implikasjonsrikt svar i bokas siste kapittel: I Polen og Tsjekkoslovakia las nok studentar og intellektuelle sin Marx, men dei henta elles inspirasjon og tilflukt i dei kanoniske tekstane til den opposisjonelle humanistiske tradisjonen som har bore fram det europeiske demokratiet, slik han vart ført vidare av Arendt, Camus, Kolakowski og Milosz. Nokre førte tradisjonen vidare i eksil, mange brukte han som moralsk ressurs i sivilisert opposisjon mot og til slutt sivilisert revolusjon i dei Sovjet-styrte kommunistregima. I Vesten derimot, vart den kanoniserte Marx supplert med Marcuse, Mao, Freud, Chomsky og Lenin, ei leseliste som skapte ein mangslungen, men likevel sameinande kritikk av dei liberale vestlege demokratia som reelt sett manipulerande og autoritære system.

Dette samanliknande perspektivet vert utdjupa og nyansert i Nik. Brandal si oversiktlege, men finmaska historiske framstilling av den vestlege maoismen, og i Dag Einar Thorsens skildring av venstreekstrem terrorisme i Vest-Europa. Det venstre-intellektuelle landskapet var prega av uklare gråsoner mellom problematisering, opposisjon, mobilisering, undergraving og terror mot demokratiske rettsstatsinstitusjonar – gråsoner som Odd Nerdrums «Mordet på Andreas Baader» framleis står som eit malerisk symbol på.

Nerdrum er ikkje med i boka. Hovudemnet i ei elles sprikande bok er den norske maoistiske rørsla. Det er også emnet for denne meldinga. For det er eit velgrunna val. AKP (m-l), med ungdoms- og studentorganisasjonane, er den mest omfemnande venstretotalitære rørsla i Noreg etter 1950 (truleg har nesten 20 000 personar vore medlemmer). Partiet såg Noreg som ein del av ein imperialistisk verdsorden, prega av kapitalistisk utbytting også her til lands, ei verdsordning som skapte kriser og krigar, og som måtte styrtast og erstattast av proletariatets diktatur. Revolusjonen var uomgjengeleg. Og uomgjengeleg valdeleg, fordi demokratiet og rettsstaten berre er eit ferniss på ein borgarleg diktatur, som viser sitt sanne andlet når det vert truga. Dette sanne andletet er kuppet, fascismen, som i Hellas i 1967 og Chile i 1972. AKP forsvara Stalins Sovjet, Maos Kina og Pol Pots Kambodsja, forsvar som kombinerte det å bortforklare folkemord med å vise til historiske naudsyn på vegen mot kommunismen. Partiet var eit kaderparti, med ein totalitær diskusjons- og organisasjonskultur og sterk mobiliseringsevne, og stod i spissen for mange streikar og aksjonar i 1970-åra.

Den norske maoismen vert stilt fram i Øystein Sørensens analytiske innleiingskapittel, Bernt Hagtvets harmdirrande satire over AKPs safariar til Kina og Kambodsja, Bjørn Westlies sjølvframstilling av proletarisering og førebuing til ein sovjetisk invasjon gjennom partiet sine særeigne stay-behind-medlemmer, Odd Arvid Storsveens analyse av angrepa på ytringsfridommen i demonstrasjonane mot Green Berets og Entebbefilmane, og Hans Petter Sjølis framsyning av korleis AKPs hardcore-periode vart vidareført i smågrupper på venstresida.

Eg nøler ikkje med å tilrå boka som kjelde til innsikt i dei intellektuelle og moralske mistaka til m-l-rørsla. Men eg er overraska over kor lite ny innsikt eg finn i henne, samanlikna med artiklane i og i etterkant av boka (m-l), redigert av Terje Tvedt for snart 25 år sidan. Eit unnatak er, som elles dei siste åra, Nik. Brandals bidrag.

Eg trur det er to grunnar til det. Den første er redaksjonell: Dersom Witoszek, Brandal og Thorsens komparative perspektiv hadde innleidd boka, ville det ramma inn analysane av AKP og norsk venstreekstremisme og mogleggjort eit avsluttingskapittel som førte analysane vidare. Den andre grunnen er at oppgjerstrongen tidvis trumfar innsiktstrongen, og at det spekulative (som vandrehistorier om at AKP-arar ga foreldre og vener valet mellom ulike telefonstolpar dei skulle hengast i etter revolusjonen) og anekdotiske ofte får større merksemd enn det analytiske. Då mister ein også auge for det ålment interessante ved norsk maoisme.

Boka minner oss på at m-l-rørsla – og vi som var med – framleis vekkjer sinne og forakt, ikkje minst frå andre som utgjorde venstresida på universitet og andre lærestadar i 1970-åra. Men ho gjev lite ny innsikt i spørsmål som AKPs relative suksess samanlikna med maoismen i resten av Europa og kvifor norsk venstreekstremisme aldri har ført til terrorisme. Slik innsikt kan peike mot eit anna overordna spørsmål: Kva kan historia lære oss om slitestyrken og motstandskrafta til dei norske institusjonane overfor den ekstremismen vi stod overfor, ein ekstremisme som nok undergrov, men òg var voven inn kjerneinstitusjonane i det norske samfunnet. Og svar på det spørsmålet kan kanskje gje oss lærdommar om korleis vi bør møte nye generasjonar av villfarne, farlege sjeler – som vi i dag først og fremst finn i islamske og høgreekstreme miljø.