– Høgskolen i Finnmark blir lagd ned
LUKK

Fusjonsplanar i nord:

- Høgskolen i Finnmark blir lagd ned

Av Johanne Landsverk

Publisert 1. oktober 2012 kl. 08:03

Universitetet i Tromsø vil legge Høgskolen i Finnmark under seg. - Det vi ser, er ein klassisk hersketeknikk, seier professor.

--h-gskolen-i-finnmark-blir-lagd-ned


– Det er ikkje er snakk om fusjon, men om overdraging av høgskolen, seier Merethe Giertsen.

Fakta
<

 

– Dette er ei form for ny-kolonialisering. Det er ei maktutøving der dei som det blir utøvd makt over, får ei oppfatning av at det som skjer, er til deira eige beste, seier Nils Aarsæther. Han er professor i samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø (UiT) og har engasjert seg i debatten om den planlagde samanslåinga mellom UiT og Høgskolen i Finnmark (HiF), blant anna gjennom innlegg i avisa Nordlys.

Merethe Giertsen ved HiF er skeptisk:

– Her er det ikkje er snakk om fusjon, men om ei overdraging av Høgskolen til UiT. Høgskolen som institusjon blir lagd ned, seier Giertsen, som er representant for dei tilsette i høgskolestyret.

Då saka var til behandling i høgskolestyret i juni, foreslo dei to representantane for fagleg tilsette å utsetje saka.

– Vi meinte tempoet i prosessen er for høgt i ei så viktig sak, og vi ønskte ei grundigare utgreiing frå eit eksternt miljø, seier Giertsen.

Overfører makta til UiT

Rektor Sveinung Eikeland ved HiF stadfestar at Høgskolen etter planen vil gå inn i den eksisterande strukturen ved UiT.

– Høgskolen vil bli del av universitetet, som eit eige fakultet, seier Eikeland.

Planen er at tre ulike institutt skal høyre inn under «Finnmarksfakultetet».

– I Finnmark er det foreslått tre universitetsinstitutt innan ulike fagfelt: idrett, sosialarbeidarutdanningar og eit institutt med reiseliv, nordområdestudiar, innovasjon og økonomi.

– Men HiF blir lagd ned?

– Ja, formelt blir Høgskolen nedlagd, og autonomien blir overført til UiT. Både lærarutdanninga og sjukepleieutdanninga ved HiF vil bli del av tilsvarande institutt ved UiT, seier Eikeland.

– Men kva vil Finnmark vinne?

– Vi treng sterke regionale institusjonar for å gjere det godt i nordområdepolitikken. Skal høgskolen spele ei rolle her, er det viktig å gjere det saman med universitetet.

– Instituttet for idrett skal liggje ved HiF, men den nye idrettshøgskolen skal få nybygg i Tromsø, 50 mil unna?

– Ja, men instituttleiinga kan likevel liggje i Finnmark. Ei opprusting i Tromsø er ein føresetnad for å få til ei skikkeleg idrettssatsing i dei to nordnorske fylka.

Eg er bekymra for høgare utdanning i Finnmark.

Vil ha nordområdesatsing

UiT-rektor Jarle Aarbakke har også tidlegare ivra for fusjon mellom utdanningsinstitusjonane i nord, men denne gongen er ikkje Høgskolen i Harstad med. Initiativet kjem frå dei to rektorane ved UiT og HiF.

– Aarbakke går av som rektor neste år. Er det difor saka blir køyrd fram i slikt tempo?

– Vi har faktisk halde på med dette i tre år, før vi tok tak i saka på nytt. Vi er to rektorar som tenkjer likt kring nordområdesatsinga, og då var det ei gyllen anledning til å køyre prosessen no. Og vi har departementet i ryggen i denne saka, seier Eikeland.

Men Giertsen ved HiF trur det er lite realistisk at leiinga over lengre tid vil satse på Alta.

– Eg er bekymra for høgare utdanning i Finnmark. Hovudargumentasjonen til dei to rektorane er at samanslåinga er ledd i nordområdestrategien, men med unnatak av turisme og kultur er dette fag som berre støttar opp om verksemda ved UiT. Og korleis kan ei nedlegging av HiF bidra til å bygge nordområda?

– Ein kjend hersketeknikk

Aarsæther ved UiT meiner det ville vore betre for HiF å halde på styringsretten for å utvikle høgare utdanning i Finnmark.

– Den oppsplittinga av Høgskolen det er lagt opp til, er ein klassisk hersketeknikk: lærarutdanninga og sjukepleiarutdanninga blir lagde under fakultet i Tromsø, medan resten av fagtilbodet blir ført vidare som eit «Finnmarksfakultet» i Alta underlagt Universitetet i Tromsø.

Det blir lettare for oss å rekruttere studentar.

Aarsæther trur ikkje samanslåinga får store konsekvensar for UiT. Men han synest det er merkeleg at motstanden ved HiF ikkje er større.

Jørund Greibrokk, leiar ved Institutt for økonomi- og reiselivsfag ved HiF, trur svært mange tilsette er positive til planane.

– Når Finnmark får eit eige universitetsfakultet, blir det lettare for oss å rekruttere studentar. Som universitet vil vi også kunne oppfylle rolla vår i regionen på ein betre måte, meiner Greibrokk.

Ordførar Laila Davidsen (H) i Alta seier saka skal opp i kommunestyret i oktober. Ho er ikkje kjend med framlegget om å flytte leiinga for lærarutdanninga og sjukepleieutdanninga til Tromsø.

– I så fall må vi jo diskutere om dette er noko vi kan gå inn for, seier ho.

 

Denne artikkelen er henta frå Forskerforums papirutgåve. 
Etter at bladet gjekk i trykken, har UiT og HiF diskutert saka i eit felles styremøte. Vedtak om samanslåing vart utsett til 31. oktober