– Kastar ut ekspertisen
LUKK
Annonse
Annonse

- Kastar ut ekspertisen

Av Johanne Landsverk

Publisert 9. juni 2015 kl. 07:39

Kunstmusea i Bergen står aleine om å kvitte seg med konservatorane sine. Andre museum tilset fleire.

--kastar-ut-ekspertisen

– Det at KODE legg ned heile konserveringsavdelinga, vitnar om eit utdatert syn på kva ei konservatorstilling er. Ein konservator er ikkje berre ein leverandør av tenester, men har i tillegg djup kunnskap om verka i ei samling. Det er noko langt meir enn å reinse eit maleri på oppdrag, seier sjefskonservator Kari Greve ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Det vekte oppsikt at KODE–Kunstmuseene i Bergen før jul sa opp dei faste konservatorane, dei som tidlegare vart kalla tekniske konservatorar. KODE har lagt ned heile konserveringsavdelinga, og tenestene skal setjast ut til fagpersonar utanfor huset.

– Dette er ein heilt meiningslaus ting å gjere. Her snakkar vi om eit av dei største musea i landet med ei av dei flottaste kunstsamlingane, som rett og slett kastar ut ein viktig del av ekspertisen sin, seier Greve.

 Dette er eit hårreisande døme, og det vitnar om ei defensiv haldning til konservatoryrket.

Einsame i Bergen

– Men er dette uttykk for ein ny trend?

– Nei, eg kjenner ingen andre museum i Noreg som har gjort noko liknande. Men i nokre  land, der dei er meir avhengige av den private marknaden og har fått store nedskjeringar i kulturbudsjetta sine, har det vore ein trend. Eitt døme er Frankrike, som i høg grad driv med tenesteutsetjing av konserveringstenester.

Greve meiner musea i Noreg heller går motsett veg.

– Både Munchmuseet og Nasjonalmuseet har nyleg lyst ut nye konservatorstillingar. Eg trur dei blir einsame i Bergen om å kvitte seg med ekspertisen, og med tida vil dei oppdage at dette var ei uhaldbar avgjerd. Eg trur museet vil måtte gjere om på vedtaket.

Styrkar staben

Suzette Paasche, som er administrativ direktør ved Musea i Sør-Trøndelag (MiST), er einig i at musea må ta vare på eigen kompetanse:

– Vi har eit stort ansvar for å ta vare på samlingane, og då er det viktig å ha kompetansen innanfor eigen organisasjon. Det er mogleg at Bergen har denne kompetansen utanfor museet, men slik er det ikkje i Trondheim. Kompetansen finst jo nesten ikkje i Noreg eingong! Ved MiST har vi måtta hente konservatorar frå andre land.

Ho fortel at MiST har styrkt konservatorstaben etter 2008, då åtte museum vart slått saman.

– Vi har større vekt på samlingsforvaltning, og i den samanhengen ser vi at museet er nøydd til å styrke staben når det gjeld teknisk konservering, seier Paasche.

– Eit hårreisande døme

Også konservator Vigdis Vingelsgaard ved Anno museum meiner KODE vil stå  temmeleg aleine.

– Dette er eit hårreisande døme, og det vitnar om ei defensiv haldning til konservatoryrket, seier Vingelsgaard, som sit i styret for Nordisk konservatorforbund – Noreg.

Ho trur det som skjer i Bergen, er eit unntak.

– Vi skal likevel vere merksame på dette, for i einskilde land er det meir privat konservering enn i Noreg. Men her i landet har konserveringsavdelingane ved musea vorte bygde ut dei seinare åra, fordi musea viser større interesse for å ta betre vare på samlingane sine. Det er også ein del konservatorar som i større grad er involverte i forskingsprosjekt.

Ikkje mogleg å tilsetje

Karin Hindsbo er direktør ved KODE.

– I avdelinga som vart lagt ned, var arbeidsmengda så stor at det ikkje var mogleg å drive med anna enn rein teknisk konservering, seier Hindsbo.

– Samlinga vår er svært differensiert, og konserveringsavdelinga hadde berre kompetanse innan måleri og papir. Vi har vurdert korleis vi kunne få inn meir kompetanse, men dette var ikkje mogleg. Vi meiner outsourcing er den beste løysinga.

– Andre store museum i Noreg tilset fleire faste konservatorar?

– Det var ingenting eg heller ville, enn å tilsette ti faste konservatorar. Men det har vi ikkje budsjett til.

– Kven skal løyse oppgåvene no?

– Institusjonane i Hordaland fylke har gått saman om ei felles konserveringsteneste i Salhus utanfor Bergen, seier Hindsbo.

– Men ifølgje Vingelsgaard har ikkje senteret i Salhus kompetanse i målerikonservering?

– Nei, men denne skal vi bygge opp i samarbeid med andre institusjonar som også treng kompetansen. Dessutan har vi framleis ein målerikonservator i huset som er tilsett i ei anna avdeling.