– Lite å spare på fusjonar
LUKK

- Lite å spare på fusjonar

Av Silje Pileberg

Publisert 1. desember 2014 kl. 09:27

Det er ikkje sjølvsagt at samanslåingar vil spare forskings- og utdanningssektoren for kostnader. Danskane har erfart det motsette.

--lite---spare-p--fusjonar


– Eg lurer på kvar stordriftsfordelane skal kome frå om ein ikkje skal seie opp nokon, seier professor Bjørn Jamtveit. Foto: UiO.

--lite---spare-p--fusjonar


– Fusjonane i Danmark kan ha ført til stordriftsulemper, seier forskar Kaare Aagard. Foto: Aarhus universitet.

Fakta
<

Den norske regjeringa vil ha større forskings- og utdanningsinstitusjonar, med «solide fagmiljø og utdanningar av høg kvalitet, og ein sektor som brukar ressursane meir effektivt», ifølgje Kunnskapsdepartementets tilråding til statsbudsjett for 2015.

Erfaringar frå historia tyder likevel på at større institusjonar ikkje treng å bety meir effektiv ressursbruk. Forskar Kaare Aagaard ved Aarhus universitet følgjer feltet i Danmark. 

– Administrative stordriftsfordelar ser ikkje ut til å ha funne stad etter samanslåingane i Danmark, seier han.

Færre universitet, større utgifter

Danskane gjennomførte store, hastige fusjonar for nokre år sidan. Gjeldande frå 2007 vart talet på universitet redusert frå tolv til åtte, og dei fleste sektorforskingsinstitutta vart innlemma på universiteta.

Etterpå har fleire undersøkingar blitt gjort for å finne ut om regjeringa eigentleg sparte pengar. Svaret er eit tvilande nei. Ifølgje interesseorganisasjonen Danske Universiteter utgjorde administrasjonskostnader 15 prosent av budsjetta til universiteta i 2007, mot 16,5 prosent i 2009. Ei undersøkinga laga for Dansk Magisterforening viste til ein administrasjonsdel på 16,1 prosent i 2005 og 18,5 i 2009. Tala er usikre, og andre har presentert andre tal.

Undersøkingane skil seg mellom anna i kva oppgåver dei reknar som administrasjon. Nokre er blitt kritiserte for at til dømes studierettleiing og bibliotekdrift blir rekna med. Trass i ulike føresetnader: Tala peikar i éi retning.

– Det er semje om at administrasjonsutgiftene har auka i perioden etter fusjonane. Ein er berre ikkje samde om kor stor auken har vore, seier Aagaard.

Treng ein ny stab

I ein studie frå 2009 kom tre danske universitet ut som dei universiteta i Skandinavia der delen ikkje-vitskaplege stillingar var størst. Forskarane, med den norske professoren Bjørn Jamtveit i spissen, meinte at delen ikkje-vitskapelege stillingar auka med storleiken på universiteta.

– Det er vanskeleg å svare på kvifor det er slik. Men ofte vil eit samfunn med god råd inkludere begge partar i ein fusjon utan å kutte. I tillegg trengst det ein ny stab for å hjelpe til med internkommunikasjonen, seier Jamtveit.

Han trur at større einingar kan auke den vitskapelege kvaliteten inntil eit visst punkt. Men han ser det som vanskeleg å spare pengar samtidig.

– Forskarar ved små institusjonar kan ha nytte av fleire flinke kollegaer. Men det er grenser for kor mange ein klarer å snakke med. I tillegg krev auka kommunikasjon gjerne ei iverksetjing av tiltak, som kostar. Eg lurer på kvar stordriftsfordelane skal kome frå om ein ikkje skal seie opp nokon, seier Jamtveit.

Stordriftsulemper

Ein Nifu-rapport frå 2010 går gjennom ei rekke internasjonale studiar. Medan ein del tyder på at samanslåingar ikkje gjev økonomisk gevinst, tyder andre på at samanslåingar gjev gevinst inntil ein viss storleik. Nokre foreslår òg eit økonomisk ideelt studenttal, gjerne mellom 10 000 og 13 000.

Kaare Aagaard trur at dei danske institusjonane er blitt så store og komplekse at krava til leiing og administrasjon har vakse.

– Dette kan ha opna opp for stordriftsulemper, mellom anna på grunn av auka behov for samordning og koordinering, seier han.

Han peikar på at kostnadsauken i Danmark også kan ha andre forklaringar.  Til dømes har dei statlege krava til kvalitetssikring, måling og rapportering stige.

Lar seg ikkje skremme

Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet seier at regjeringa vil gjennomføre fusjonar på ein heilt annan måte enn danskane. Han ventar at ressursane vil utnyttast betre i Noreg.

– Fenomenet stordriftsulemper finst. Men eg har vanskeleg for å sjå for meg at det er ei relevant innvending i Noreg. Den største fusjonen som kan skje, er mellom Høgskolen i Sør-Trøndelag og NTNU, med totalt 32 000 studentar. University of Toronto blir rekna som eit av verdas beste, og det har over 80 000 studentar. Det er vanskeleg å sjå for seg at ein veldig stor institusjon skulle vere ein veldig god institusjon viss det innebar vesentlege stordriftsulemper, seier Haugstad.