– Mogleg eg var litt for tilgjengelig for media
LUKK

Mannen:

- Mogleg eg var litt for tilgjengelig for media

Av Silje Pileberg

Publisert 2. desember 2014 kl. 10:17

Sjefgeolog Lars Harald Blikra valde å vere open om rasfaren i Romsdalen. Men usikkerheita han sat med, kom ikkje til syne i overskriftene.

--mogleg-eg-var-litt-for-tilgjengelig-for-media


Lars Harald Blikra følgjer med, men atterhalda hans når ikkje ut. Foto: Åknes/Tafjord Beredskap

Fakta
<

I oktober vart eit lite område i Romsdalen Noregs midtpunkt. Sjefgeolog Lars Harald Blikra var ikkje budd på all mediemerksemda.

– Det eksploderte jo kraftig, av ein eller annan grunn. For oss var situasjonen avklart fordi folk var evakuerte. Det gjalt også eit ganske lite område. Men telefonen min stod ikkje. Eg var opptatt av å formidle kunnskapen vår og det vi tenkte. Vi var samde med kommunen og politiet om å vere opne.

Journalistar var utplasserte med sovepose og videokamera, nyheitskanalar rapporterte døgnet rundt. Fjellpartiet Mannen skulle falle søndag. Nei, unnskyld tysdag. Tysdag kveld! Men ein månad seinare låg fjellpartiet Mannen framleis på plassen sin i fjellsida. Og Lars Harald Blikra hadde fått seg nokre døgn med kvile.

Nesten tilfeldig

I november spurte Forskerforum om forskarar sitt ansvar ved ulykker og naturkatastrofar. I same perioden merka Blikra og kollegaene noko uvanleg.

– Det var nesten tilfeldig. Mannen er berre ein liten del av eit større parti vi overvakar. Vi bestemte oss for å sjå nærare på den delen av fjellet, og då oppdaga vi store rørsler, seier han.

Eg fekk berre med meg bitar av mediedekninga. Eg hadde ikkje tid!

Målingane vart gjorde frå avstand, med radar. Først venta geologane berre eit mindre ras. Dei kontakta kommunen og vart samde om å lage eit notat og ei pressemelding. Så viste nye målingar at raset kunne ramme bustadhus og jernbane. Eit nytt notat og ei ny pressemelding følgde. Politiet evakuerte innbyggjarar og stansa togtrafikken. 

– Politiet og kommunen bestemte alt. Vi fortalde berre om korleis fjellet rører på seg, om farenivået og om når raset kan kome, seier Blikra.  

Usikkerheita og overskriftene

– Media serverte nokså konkrete tidspunkt for raset. Korleis var desse bodskapane samanlikna med det de sa?

– Eg fekk berre med meg bitar av mediedekninga. Eg hadde ikkje tid! Men vi formidla det vi trudde ut frå kunnskapen vi sat med. Spesielt natt til 28. oktober såg vi store rørsler i fjellet, og vi sa klart at viss rørslene held fram i same utvikling som no, vil skredet gå om ikkje altfor lenge, kanskje i løpet av kvelden. Samtidig sa vi at det kunne endre seg.

– Du tok eit atterhald?

– Ja, men det kom ikkje ut, sjølvsagt. Usikkerheita kjem sjeldan ut, iallfall ikkje i overskriftene. Eg ville sagt det same igjen, men det er mogleg eg var litt for tilgjengeleg for media.

– Det er vel alltid lurt å vere open …?

– Ja, men vi stiller oss for hogg, naturlegvis.

Ville hjelpe kommunen

– Har de fått negative tilbakemeldingar?

– Overraskande få. Kommune og politi er veldig fornøgde. Dei seier heilt klart at vi ikkje hadde noko val. Så er det vel nokre oppslag histen og pisten om at vi var overivrige. Det vi gjorde på slutten, var å prøve å hjelpe kommunen og politiet ved å gje eit mest muleg konkret tidspunkt.