– Prisauke trugar forskingskvaliteten
LUKK
Annonse
Annonse

Registerdata:

- Prisauke trugar forskingskvaliteten

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 10. juni 2014 kl. 09:47

Kvalitetsforsking skal ikkje vere bestemt av betalingsevna til forskaren, meiner Universitetet i Bergen. Dei vil ha debatt om kjøp av registerdata for forsking.

--prisauke-trugar-forskingskvaliteten


– Størst mogleg tilgang til registerdata er viktig for å få mest mogleg ut av dei, seier rektor Dag Rune Olsen.

Fakta
<

Norske forskarar har i prinsippet tilgang til verdas beste datamateriale i sitt slag. Persondata frå til dømes trygde- og skatteregister gjer det mogleg å forske på problemstillingar som forskarar i andre land berre kan drøyme om. Men den siste tida har fleire forskarar opplevd ei mangedobling av prisane på tilgang til slike registerdata.

Større potensial

– Ettersom registera er blitt fleire og har samla data over mange år, er det blitt mogleg å ta ut tidsseriar og samankoplingar av variablar frå fleire register, seier Elisabeth Nørgaard, fagdirektør i Avdeling for personstatistikk i Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Forskarar har sett potensialet i dette, og dei siste åra har etterspurnaden etter komplekse datauttak auka utan at vi hadde kapasitet til å handtere det innanfor vårt ordinære driftsbudsjett.

Det er SSB som har ansvaret for å leggje til rette og levere ut registerdata til forsking. For å handtere oppdragsauken har SSB tilsett fleire folk og oppretta ein eigen seksjon frå byrjinga av 2013. Data er gratis, men oppdragsgjevarane betaler for arbeidet som går med til å sjekke at søknadane oppfyller alle formalia, til å hente ut og tilpasse variablar frå ulike register og organisere dei for forskingsføremål. Prisane har difor auka etter at SSB sette fleire folk på desse oppdraga.

Prishoppet kan i verste fall føre til at forskingsprosjekt blir sette på vent eller fell bort fordi det ikkje finst pengar på budsjettet til å betale dei nye prisane.

Data gjev forskingskvalitet

– Registra våre har fått norsk samfunnsfagleg og økonomisk forsking inn i dei beste fagtidsskrifta i verda. Forskarar i utlandet er imponerte over kva vi kan forske på. Då bør dette datamaterialet vere mest mogleg tilgjengeleg for forsking, innanfor dei reglane som finst for personvernomsyn og forskingsetikk, seier professor Kjell Vaage ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen (UiB).

I og med at SSB er i ein monopolsituasjon og sjølv set prisane på oppdraget, er det uråd å vite kva som ligg bakom prisfastsettinga, hevdar kritikarane.

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, kjem til å ta opp prinsippspørsmålet om tilgang til registerdata på det neste nasjonale rektormøtet i midten av juni.

– Ein ting er at auken i arbeidsmengde reint konkret fører til at datauttak kostar meir enn før. Men det er viktig å diskutere prinsippa her: Er det rett at verksemda til SSB til dels skal vere finansiert gjennom sal av data som er offentleg eigedom? Eller skal slike data gjerast mest mogleg tilgjengeleg for eit størst mogleg forskingsmiljø, slik at dei kan bli brukte på best mogleg vis i forsking og offentleg meiningsutveksling?

Debatt om kostnadsfordeling

Førebels har ikkje UiB teke opp saka med andre institusjonar. Men debatten om tilgang til data har ulma i forskingsmiljøa lenge, før han vart aksentuert av den brå prisauken.

– Vi meiner at data som er offentleg finansierte, bør stillast til rådvelde for så mange som råd. Det er jo ikkje alltid dei rikaste forskargruppene som har dei beste ideane til korleis eit slikt materiale kan nyttast vitskapleg. Men det krev at denne delen av verksemda til SSB får ei større offentleg løyving. Alternativt kunne ein tenkje seg ein modell der institusjonar kunne gå saman og abonnere på data. Då ville ein unngå at tilgangen varierer med betalingsevna til den einskilde forskaren, seier Olsen.

Ifølgje Nørgaard arbeider SSB med å standardisere tenesta for å gjere henne meir effektiv.

– Vi må bruke mykje tid på å sjekke at søknadane oppfyller alle formalia. Det er viktig av personvernomsyn at vi tek ansvaret vårt for dette på alvor. Vi planlegg å tilby kurs for forskarar i korleis ein skal utforme søknaden slik at dette blir enklare. Vi samarbeider også med Norsk samfunnsvitskapleg datateneste om eit grensesnitt der forskarar sjølve kan hente ut enklare anonymiserte registerdata. Det vil frigjere kapasitet til dei som treng meir komplekse datauttak.

Nørgaard trur at Finansdepartementet neppe vil auke SSB sitt budsjett for å handtere forskingsdata.

– Dei fleste oppdraga gjeld prosjekt som er finansierte av Forskingsrådet. Om dei vel å gje forskarane pengar til dette som prosjektstønad, eller finansiere SSB si teneste direkte, er opp til Forskingsrådet.