Åleine enn så lenge
LUKK
Annonse
Annonse

Åleine enn så lenge

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 6. april 2016 kl. 11:04

Høgskulane i Volda og Molde står begge utan fusjonspartnarar. Volda trivst med det, Molde vil helst til NTNU.

-leine-enn-s--lenge


– No skal det bli godt å bruke tid på det vi eigentleg skal drive med, seier Johann Roppen. Foto: Olav Standal Tangen

Høgskulane i Volda og Molde har begge kontakta moglege partnarar dei siste månadene, som følgje av eit sterkt opplevd ytre press for å fusjonere.
 
For HiMolde var fusjon med NTNU mest nærliggande. Ei førebels sondering klargjorde at NTNU berre er interessert i fusjon dersom det er eit klart og fagleg fundert ønske frå fagmiljøa i Molde. Men så langt er fagmiljøa splitta. Avdelinga for logistikk har frykta at ho blir delt på fleire fakultet ved ein eventuell fusjon med NTNU. Logistikkmiljøet har i staden lufta tanken om fusjon med Noregs handelshøgskole. Ei slik løysing er per i dag uaktuell, ikkje minst fordi det er underforstått at HiMolde i så fall må delast og helsefaga finne ei anna løysing.
 
Styrer mot NTNU
 
HiMolde hadde strategisamling 8. og 9. mars, og vedtok då at sjølvstende ikkje bør vere førstevalet, at høgskulen skal gå samla vidare i prosessen, og at NTNU er mest aktuell som fusjonspartnar.
 
– Sporet mot NTNU heng i stor grad på logistikkmiljøet. Vi har ein prosess gåande ved alle avdelingane for å klarleggje motivasjonen for å gå vidare med desse sonderingane, seier rektor og styreleiar ved HiMolde, Hallgeir Gammelsæter.
 
HiMolde har neste styremøte 20. april, og då må motivasjonsgrunnlaget hos avdelingane vere avklart.
 
Riggar seg for åleinegang
 
HiVolda inviterte tidleg i mars Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) til fusjonsforhandlingar, men dette avviste HiSF fordi dei er i gang med fusjonsprosessen med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. 
 
– Dermed kan eg ikkje førestille meg at vi er fusjonert med nokon 1. januar 2017, seier rektor ved HiVolda, Johann Roppen.
 
– No må vi sjølv rigge oss med tanke på å møte dei nye krava til lærarutdanninga og andre krav som vil kome dei neste åra. Det skjer mykje i sektoren no, og personleg er eg glad for at vi no kan fokusere på kvalitetsutvikling og sleppe å tenkje på struktur dag og natt.
 
HiVolda er i ferd med å utvikle eit fagleg samarbeid med Universitetet i Bergen på fleire område.
 
– Samtidig kan vi ikkje slutte å tenkje på struktursaka, og vi vil følgje med på kva for endringar som skjer omkring oss, seier Roppen.