Den høflege maktbruken
LUKK

LEIAR

Den høflege maktbruken

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 7. mai 2015 kl. 09:46

Norske forskingspolitikarar kan kunsten å tvinge utan tvang.

den-h-flege-maktbruken


Kjetil A. Brottveit, redaktør i Forskerforum.

I Danmark knuste dei egg for å lage omelett. I 2007 vart 12 universitet reduserte til 8, og 25 forskingsinstitutt reduserte til 11. Høyringsfristen var kort og gjennomføringa rask. Institusjonane kunne meine noko om kven dei ville slå seg saman med, men ikkje om dei skulle.

Men eg skulle til Noreg og strukturmeldinga, som tek for seg korleis universitet- og høgskulesektoren (UH) bør vere oppbygd. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen la fram meldinga på ein Unio-konferanse før påske. Vel er han ein høfleg mann, men det var ikkje måte på kor audmjuk han var, eller framstilte seg. Gong på gong brukte han vendingane «i lyttemodus» og «på tilbodssida» om haldninga han og departementet hadde til UH-sektoren. Det kan godt vere sant. Det kan òg vere ein måte å få viljen sin på.

Essensen i meldinga er etter kvart kjend: Det bør verte færre og sterkare institusjonar. Fem større samanslåingar er planlagde alt frå 2016. Krava til oppretting av master- og doktorgrader vert skjerpa. Prinsippa for finansiering held fram, med basisløyving og ein resultatbasert del, den sistnemnde skal auke etter kvart.

Sektoren som nær samstemd hadde vore mot fusjonar, laga omelett friviljug.

Meldinga har fått betimeleg kritikk for å ikkje gå fundamentalt inn i spørsmålet om finansiering. Rekkefylgja var fornuftig: Eit finansieringsutval leverte innstilling i januar, men då utvalet ikkje gjekk nok inn i det mystiske «basis-landskapet», kunne heller ikkje strukturmeldinga gjere det. Ein kan diskutere kor stort det ugjennomtrengelege elementet i basisløyvingane er, og det har representantar frå gamle universitet (UiO-rektoren) og nye universitet (innlegg frå UiA) gjort. Men demokrati- og innsynsargument veg tungt nok aleine til at alle laga med historiske, politiske vedtak, som forklårar basisløyvingane, burde ha vore omsette til forståelege budsjettpostar.

At samanslåingar fremmer kvalitet er djupt diskutabelt, men tanken har brei politisk oppslutnad. SV-aren Steinar Stjernø leia utvalet som i 2008 føreslo tvangssamanslåingar. Framlegget møtte sterk motstand, og den rådande politikken vart mjukare, i ein periode ført av partifelle og statsråd Tora Aasland. SAK-politikken (samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon) gav incentiv til samanslåingar. Sektoren som nær samstemd hadde vore mot fusjonar, laga omelett friviljug.

No har altså Høgre overteke. Dei har òg overteke metoden, eg kan kalle det «å tvinge utan tvang». Så langt det går, vil regjeringa vere «i lyttemodus» og «på tilbodssida», eller framstille det slik. Men skruen er stramma noko: Institusjonar som står aleine, og heller ikkje ha fusjonsplanar, vil verte møtte med strengare kriterium ? til dømes om kor mange publiseringspoeng ein produserer. Den ultimate sanksjonen mot institusjonar som vert vurderte til å vere for svake er å ta frå dei akkrediteringa.

To observasjonar til slutt:

  • Ein konsekvens av den milde tvangen er at det norske UH-landskapet framleis ser ut til å verte brokete. Ingen sorterande prinsipp har vunne. Lengst nord har dei slått seg saman, hovudsakleg tufta på geografi, medan fusjonsplanen mellom NTNU og høgskulane i Gjøvik, Ålesund og Sør-Trøndelag hovudsakleg er tufta på fagleg slektskap. Når prinsippa er så ulike, kan ein òg lettare hamne utanfor.
  • At hovudregelen skal verte tilsett i staden for vald rektor har vekt mykje debatt, men det er underkommunisert at styreform kan ha mykje å seie nettopp for fusjonar. Ein tilsett rektor kan lettare navigere institusjonen til foreining med andre enn ein vald, som er bunden av mandatet. Spør den valde UiA-rektoren Torunn Lauvdal om kor lett det var å få til fusjon med Høgskulen i Telemark utan fleirtal frå dei tilsette. Spør tilsettrepresentantane i NTNU-styret om kor sterkt dei tykkjer universitetsdemokratiet står no som NTNU nyleg har vedteke samanslåing, mot alle røystene deira.

Slik vert den norske omeletten til. Frå redaksjonelt stoff til debattinnlegg – strukturmeldinga får stor plass denne månaden. God lesnad. God vår. Forskerforum er i lyttemodus og på di side.