Diskriminerer me dyslektikarar?
LUKK

KRONIKK

Diskriminerer me dyslektikarar?

Av Steinar Bøyum, Universitetet i Bergen

Publisert 2. september 2015 kl. 07:38

Er det urettferdig å trekkje nokon i karakter fordi dei har dårleg språk? Studentar med dysleksi lever i ei gråsone, meiner kronikkskribenten.

diskriminerer-me-dyslektikarar-


Steinar Bøyum er førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, Universitetet i Bergen.

Alle veit at det er mykje dårleg språk hjå studentane (eg er ikkje gamal nok til å seie om det var betre før). Enten så har dei ikkje lært å skrive godt, det vil seie rett og klart, eller så bryr dei seg rett og slett ikkje om det. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle. Dessutan har nokre av dei dysleksi, sjølv om det i praksis kan vere vanskeleg å skilje desse frå dei som ikkje har det. Dysleksi er ein diagnose som stiller ein overfor normative utfordringar, særleg i høgare utdanning. Eit vanskeleg spørsmål er kva ein skal gjere når ein vurderer og sensurerer skriftlege oppgåver av dysleksistudentar. Er det diskriminering av dyslektikarar å leggje vekt på språk i karaktersetting? Er det urettferdig å trekkje nokon i karakter fordi dei har dårleg språk? Skal ein vurdere dyslektikarar etter andre kriterium enn ikkje-dyslektikarar?

Det finst mange dyslektikarar i høgare utdanning, og det kunne vore endå fleire.

To ytterpunkt bør vere ukontroversielle. På den eine sida er det ikkje rett å vere så opphengt i rettskriving at ein set ein student ned ein karakter eller to berre fordi han har orddelingsfeil frå tid til anna eller ikkje er heilt stø i skiljet mellom «å» og «og». Det er ikkje berre fagleg vindskeivt, men ei urettferd mot dyslektikarar å leggje så stor vekt på språklege detaljar i karaktersetting. På den andre sida: Dersom språket er så dårleg at det ikkje er klart kva studenten meiner, så må ein sjølvsagt la det påverke karakteren. Dersom feila blir så mange, og setningsstrukturen så vrang at meininga ikkje kjem fram same kor velvillig innstilt ein er, så må det få følgjer for vurderinga. Her kan ikkje studenten seie «men du forstår jo hva jeg mener!», sidan det er nettopp det sensor ikkje gjer.

Kva er skilnaden mellom desse to ytterpunkta? Her kjem det inn eit omgrep om relevans. Å skrive klart og forståeleg er relevant på ein måte som eit feilplassert komma ikkje er det. Eit liknande resonnement ligg under ei sak som vart handsama av Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2014. Ein psykologistudent med dysleksi klaga på at Universitetet i Tromsø ikkje hadde oppfylt plikta si til individuell eksamenstilrettelegging. Ho ville ha munnleg eksamen i staden for skriftleg, men fekk ikkje lov til dette. Då sensor så skulle grunngi karakteren som han gav studenten på den skriftlege oppgåva, skreiv han:

«Selv om en skriftlig eksamen tester kandidatens kunnskap i faget, og ikke generelle skriveferdigheter, så vil språket være viktig fordi kunnskapen formidles gjennom det. Noen skrivefeil er ok, men dersom det blir mange av dem, og viktige fagord brukes feil, så fører det til at besvarelsen blir vanskelig å lese og at viktige sammenhenger ikke kommer frem for sensor. Det er også en del setninger som er uforståelige. Her kan man dessverre ikke som sensor legge godviljen til og anta at svaret egentlig er bra.»

Studenten, her kalla «A», var ikkje einig med universitetet:

«Tilretteleggingen UiT har innvilget … kompenserer ikke tilstrekkelig for hennes nedsatte funksjonsevne. Dette vises for eksempel ved at A på eksamen av flervalgsvarianten oppnår karakteren A, mens på skriftlig eksamen kun oppnår karakteren C. Hun behersker altså faget, men begrenses av sin evne til å fremstille dette skriftlig. Strenge krav til skriftlig fremstilling er en indirekte diskriminering av studenter som har begrensninger i sitt skriftspråk.»

For å avgjere om dette handlar om indirekte diskriminering er det ifølgje lova avgjerande om godt språk er eit «saklig formål»:

«Med indirekte diskriminering menes enhver tilsynelatende nøytral bestemmelse, betingelse, praksis, handling eller unnlatelse som fører til at personer på grunn av nedsatt funksjonsevne stilles dårligere enn andre, jf. § 4 tredje ledd. Forskjellsbehandling som er nødvendig for å oppnå et saklig formål, og som ikke er uforholdsmessig inngripende overfor den eller dem som forskjellsbehandles, anses ikke som diskriminering etter loven her, jf. § 4 fjerde ledd.»

På bakgrunn av dette tok ikkje Likestillings- og diskrimineringsombodet klagen til følgje. Ombodet aksepterte universitetet si oppfatning av at skriftleg framstilling er ein del av det studentane skal lære, og at det difor er ein sakleg grunn til å ha skriftleg eksamen.

Nokre meiner at tankar blir skapte gjennom å bli uttrykte, medan andre ser på språket som eit verktøy til å få fram fiks ferdige tankar.

Problemet er sjølvsagt at det er usemje om kva som er relevant eller sakleg, og her er det ei stor gråsone mellom dei to ytterpunkta. Kvar ein plasserer seg i denne gråsona, heng mellom anna saman med korleis ein ser på språket. Nokre meiner at tankar blir skapte gjennom å bli uttrykte, medan andre ser på språket som eit verktøy til å få fram fiks ferdige tankar. Lat oss for å gjere det enkelt kalle det første for ekspressivisme og det andre for instrumentalisme. I eksempelet over hadde sensor eit ekspressivistisk språksyn, medan studenten («A») hadde eit instrumentalistisk syn.

Ifølgje ekspressivismen kan ein ikkje skilje mellom språk og innhald. Difor bør godt språk vere både eit læringsmål og eit vurderingskriterium. Ifølgje instrumentalismen kan ein skilje mellom språk og innhald. Språket er berre eit middel til å få fram innhaldet, og så lenge innhaldet kjem fram, er godt språk berre noko reint overflatisk som ikkje bør ha innverknad på karakteren. Ein instrumentalist vil ha lettare for å støtte dyslektikaren som seier: «Men jeg kan ikke noe for at jeg har alle disse feilene! Du kan ikke trekke meg for det!» Ekspressivisten vil sjølvsagt ha sympati for dyslektikaren, men vil til sjuande og sist måtte seie: «Sorry, slik er det berre. Godt språk er vesentleg, og om ein kan noko for språket sitt eller ikkje, er irrelevant».

Denne problematikken er ikkje avgrensa til dyslektikarar. Eg har også høyrt det bli sagt at ein gjer minoritetsspråklege urett når ein legg for stor vekt på språket i sensurering av skriftlege oppgåver. Er språkleg fintføleri berre ein eksklusjonsmekanisme, eller er godt språk ein vesentleg dugleik? Og kva med dyskalkuli: Er det diskriminering mot dei talblinde å krevje matte på vidaregåande og til dømes for å kome inn på medisinstudiet?

Slike spørsmål har kanskje ikkje generelle svar, men må i stor grad avgjerast frå fag til fag. Det finst mange dyslektikarar i høgare utdanning, og det kunne vore endå fleire dersom det hadde vore meir merksemd rundt denne typen spørsmål. Det første steget er å arbeide seg gjennom læringsmål og læringsutbyte og ta stilling til om godt skriftspråk verkeleg er ein nødvendig dugleik i emnet og faget, og dersom det er det, om ein likevel kan leggje betre til rette for denne studentgruppa. Noko anna vil vere å gjere dei urett.