Dokumenterer overtramp
LUKK

Dokumenterer overtramp

Av Silje Pileberg

Publisert 29. september 2014 kl. 09:25

Svenske Academic Rights Watch har dei to siste åra registrert fleire titals overtramp mot tilsette i akademiske institusjonar. - Vi ser den same utviklinga i Noreg, seier Kristian Gundersen.

dokumenterer-overtramp


Forskarar har mista jobben fordi dei har nytta seg av ytringsfridomen, seier lektor Jens Stilfhoff Sörensen ved Göteborgs universitet.

dokumenterer-overtramp


– Eg forstår at fagleg tilsette blir uroa, seier Kristian Mollestad, hovudtillitsvalt ved Universitetet i Oslo.

dokumenterer-overtramp


– Vi har hatt fleire slike saker i Noreg, seier Kristian Gundersen.

Fakta
<

Sverige, hausten 2012: Kjemiprofessor Ulfur Arnason ved Lunds universitet sender eit brev til leiinga ved universitetet der han kritiserer planane om nedskjeringar innanfor forskingsfeltet hans. Arnason er pensjonert og knytt til universitetet som emeritus. Brevet skal få store konsekvensar: Han får melding om at han mistar kontorplassen sin, og at han ikkje lenger skal vere knytt til universitetet.

Saka får kollegaene Erik J. Olsson og Magnus Zetterholm til å reagere. Olsson er professor og Zetterholm dosent og universitetslektor, begge ved Lunds universitet. Dei vil starte ei nettside der saker som denne får merksemd.

– Ytringsfridomen er truga

To år seinare har organisasjonen Academic Rights Watch (ARW) dokumentert totalt 35 overtramp mot studentar og tilsette i universitets- og høgskulemiljøa. Eit døme er professoren i Gävle, som fekk heile emnet sitt lagt ned etter å ha uttalt seg kritisk om rektor. Eit anna døme er forskarane ved Sveriges lantbruksuniversitet, som vart dikterte av ein minister då dei skulle halde framlegg på FN-konferansen Rio+20.

– I fleire tilfelle har vi sett forskarar bli kasta ut av høgskular. Nokre har mista kontorplassen, andre har mista jobben. Dette har skjedd fordi dei har nytta seg av ytringsfridomen, ein grunnleggande rett i europeisk rettspraksis, seier lektor Jens Stilhoff Sörensen ved Göteborgs universitet.

Han vart kontakta av initiativtakarane Olsson og Zetterholm i 2012 fordi han hadde vist engasjement for temaet tidlegare. I dag er han ein av fem forskarar bak organisasjonen ARW. 

– I tillegg til enkelttilfelle der ytringsfridomen er blitt slått ned på, har vi mellom anna dokumentert akademisk uakseptable tilsetjingar og interne reglar som hemmar ytringsfridomen, seier Sörensen.

– Eit gufs

Kristian Gundersen er fysiologiprofessor, medlem av universitetsstyret ved Universitetet i Oslo og tidlegare formann for Akademisk forum. Han meiner at utviklinga i Sverige liknar på den norske.

– Vi har hatt fleire slike saker i Noreg dei siste åra. Til dømes har tilsette blitt kalla inn på teppet for ei tilrettevising, og forskingsaktive emeritusar har mista kontorplassen fordi dei har gått ut og meint noko som har stridd mot meininga til leiinga. Slikt blir for meg eit gufs frå land vi ikkje liker å samanlikne oss med, seier han. 

Gundersen får støtte av hovudtillitsvald ved Universitetet i Oslo, Kristian Mollestad. 

– Vi har ikkje hatt store saker av denne typen i institusjonen vår, men eg veit at det er noko fleire er urolege for. Særleg dei mellombels tilsette fryktar at det skal få konsekvensar dersom dei uttalar seg kritisk, seier Mollestad.

– Rektor har makta  

Jens Stilhoff Sörensen meiner at utviklinga i Sverige har to hovudårsaker: Den eine er marknadsorienteringa av offentleg sektor, der universiteta ikkje berre skal forske og undervise, men også løne seg. Den andre årsaka er Autonomireformen frå 2010. Ved fleire svenske lærestader kan rektor no tilsetjast utan støtte frå dei vitskaplege tilsette.

– Reforma har gjort universiteta til toppstyrte organisasjonar, der rektor og administrasjonen har makta. Kombinert med marknadstankegangen inneber dette at felt som ikkje er økonomisk lønsame, kan leggast ned. I tillegg blir den fridomen dei fagleg tilsette har hatt til å meine noko om verksemda, innskrenka, seier Sörensen.

Han meiner at den største fagforeininga for akademikarar i Sverige, Sveriges universitetlärarförbund (SULF), har vist lite interesse for problema. Forbundsjurist Carl Falck i SULF er usamd.

– SULF har vore med og hjelpt medlemmer som har møtt problem. I tillegg har vi teke opp endringane i styringsstrukturen på mange måtar, og på fleire nivå. Vi meiner at det kollegiale styret burde halde fram, men dessverre deler ikkje den svenske regjeringa denne oppfatninga, seier Falck.

Strukturelle endringar i Noreg

Medan Autonomireformen  opna for strukturendringar i Sverige, har den norske Kvalitetsreforma fjerna det akademiske fleirtalet i universitetsstyra og opna for at rektorar kan tilsetjast. Førebels er det få institusjonar som har nytta seg av denne mulegheita. 

Hovudtillitsvalt Kristian Mollestad meiner at endringane i den norske styringsstrukturen påverkar forholda ved institusjonane.

– Leiinga skjer no ovanfrå og ned, i staden for nedanfrå og opp. Eg forstår at fagleg tilsette blir uroa, særleg når ein ser kva som skjer i Sverige, seier Mollestad.

I 2013 vart det foreslått å innføre eit vitskapsombod ved Universitetet i Oslo, som kan tre inn når det oppstår konfliktar mellom leiinga og fagleg tilsette. Forslaget vart fremja av professorane Kristian Gundersen og Johan F. Storm.