EU satsar på datadeling
LUKK
Annonse
Annonse

EU satsar på datadeling

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 15. april 2016 kl. 18:31

Dei største hindringane for deling og gjenbruk av forskingsdata er sosiale, ikkje teknologiske. Det viser arbeidet med ei europeisk skyteneste for forskingsdata.

Eit digitalt område der forskarar innanfor alle fagområde trygt kan lagre, dele, analysere og gjenbruke forskingsdata er eitt av dei viktigaste konkrete tiltaka på EU-kommisjonens forskingsagenda. Ideen om skytenesta, kalla European Open Science Cloud, vart lansert på forsommaren i fjor. EU-kommisjonær for forsking og innovasjon, Carlos Moedas, har gjort det klart at målet hans er at innan 2020 skal alle forskarar i Europa ha moglegheiten til å dele og gjenbruke forskingsdata gjennom ein slik felleseuropeisk infrastruktur.

Dette er også eitt av handlingspunkta i «Amsterdam Call for Action on Open Science», ein plan for korleis EU skal nå målsettinga om open tilgang til forsking og forskingsdata innan 2020.

Forskingsdata går tapt

Sidan i fjor har ei ekspertgruppe arbeidd med å finne ut korleis ei slik skyteneste kan utviklast i praksis. No er dei viktigaste framlegga klare. Gruppa presiserer at den teknologiske infrastrukturen for lagring og deling av data allereie finst, men er for fragmentert. Det som manglar, er samkøyring, standardisering av rutinar og ikkje minst insentiv for å dele data.

– I dag går den store majoriteten av forskingsdata tapt fordi forskarane har insentiv til å publisere artiklar, ikkje til å gjere datamaterialet tilgjengeleg, sa den nedelandske bioinformatikaren Barends Mons, som har leia ekspertgruppa, då han presenterte arbeidet på ein konferanse nyleg.

Vil gjere datadeling obligatorisk

Gruppa tilrår difor at planar for datahandtering – ikkje berre i løpet av forskingsprosjektet, men for ettertida – må bli ein obligatorisk del av prosjektsøknader. Samstundes tilrår gruppa at reglane for å få tilgang til skytenesta, må vere så få og enkle som råd. Det er viktig at ein «Open Science Cloud» er minst mogleg toppstyrt og gjev mest mogleg fridom til brukarane, seier ekspertgruppa.

– Dei tekniske byggeklossane for ei slik teneste er på plass, men dei snakkar ikkje med kvarandre. Vi treng meir moderne finansieringsverktøy, insentiv til å dele data, og vi treng å utdanne fleire ekspertar på datahandtering, sa Mons, som estimerer at det i gjennomsnitt trengst éin slik ekspert per 20 forskarar som produserer data.

Skytenesta skal i hovudsak rette seg mot forskarar, men den bakanforliggande infrastrukturen – superdatamaskinar, programvare, og nettverk med høg kapasitet – skal også vere tilgjengeleg for næringslivet og for publikum.