Forskarane ueinige om tilsett rektor
LUKK
Annonse
Annonse

Forskarane ueinige om tilsett rektor

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. mai 2015 kl. 09:58

Regjeringa vil ha tilsetting av rektorar i staden for val. I Forskerforbundet er meiningane delte.

forskarane-ueinige-om-tilsett-rektor


– Eg er tilhengar av vald leiing på rektornivå, seier Kristian Mollestad.

Fakta
<

– Skal vi gå bort frå standpunktet om at vald rektor er å føretrekke, må vi ha ein grundig gjennomgang av kvifor vi gjer det. Forskerforbundet sentralt bør vere tydelege i dette spørsmålet, seier Kristian Mollestad, hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved Universitetet i Oslo (UiO).

I den nye strukturmeldinga foreslår regjeringa at tilsett rektor og ekstern styreleiar skal vere hovudmodell ved universitet og høgskolar.

– Regjeringa har ikkje kome fram med nye argument som tilseier at vi bør gå bort frå vald rektor som hovudnorm. Ein snakkar om at det har skjedd endringar dei siste ti åra, men kva har skjedd som gjer at vi må endre standpunkt? Om ein skal la prinsipp falle, må det vere ein grunn til det, seier Mollestad.

Han meiner det må kome tydeligare fram i arbeidsprogrammet til Forskerforbundet at ein går inn for vald rektor.

Lokalt sjølvstende

Petter Aaslestad, leiar i Forskerforbundet, seier framlegget frå regjeringa om at tilsett rektor skal vere norma, så langt ikkje har hatt støtte i forbundet.

– Institusjonane har også i dag full fridom til å tilsetje rektor om dei ønskjer det, og eg ser ingen grunn til å endre på dette prinsippet. Lovverket vi har, sikrar autonomien ved institusjonane, meiner han.

– Fram til no har det stått klart i arbeidsprogrammet at Forskerforbundet går inn for vald rektor. Er dette standpunktet i ferd med å endre seg?

– Etter kvart er det ganske mange høgskolar og enkelte universitet som har gått over til å tilsetje rektor. Det viktigaste for Forskerforbundet er å ta best mogleg vare på medlemmene uavhengig av styreforma institusjonane har vald. Vi må bruke energien på å sikre at dei tilsette får medverknad i viktige styringsorgan, og at lokale tillitsvalde får mest mogleg innverknad i dei vanskelege fusjonsprosessane mange no skal gå inn i.

– Er det ikkje lenger eit klart mål for Forskerforbundet å kjempe for vald leiing?

– Det er ikkje aktuell politikk for Forskerforbundet å prøve å få NTNU eller andre til å endre styringsform. Dette må kome frå institusjonen sjølv. Så skal NTNU gå tilbake til vald rektor, må institusjonen sjølv ta initiativet, seier han.

Her kan ein nemne at Høgskolen i Østfold hadde tilsett rektor i ein periode frå 2003 til 2007, men gjekk seinare tilbake til å velje rektor.

– Må vere mindre bastant

Hovudtillitsvald Rolf Borgos ved Høgskolen i Lillehammer (HiL) meiner ein lagar eit kunstig skilje når ein set vald eller tilsett rektor opp mot kvarandre.

– Ein forventar at tilsett leiing vil vere meir utfordrande med tanke på medverknad. Men dette er ein litt for enkel analyse. Erfaringa vår er at også vald leiing kan gje store utfordringar når det gjeld medverknad og moglegheit til å påverke prosessane, seier Borgos.

Han presiserer at Forskerforbundet ved HiL framleis støttar vald leiing.

– Men eg ønskjer å få den debatten opp, og stikk hovudet fram. Eg meiner arbeidsprogrammet til Forskerforbundet bør vere meir nyansert på dette punktet, og ikkje så absolutt og bastant som tidlegare. Eg støttar Aaslestad, som seier vi må hanskast med det at verda endrar seg, og at fleire og fleire går over frå vald til tilsett rektor. Det må vere opp til kvar enkelt institusjon å ta desse vala.

– HiL har vedteke å gå over til tilsett rektor. Kvifor?

– Den største grunnen er nok at det er vanskeleg å finne kandidatar. Det er eit underskott på demokrati med tanke på rektorval. Vi har hatt vald rektor, men tilsette dekanar og studieleiarar. Dette fører til ei kortslutning i demokratirekka. Tradisjonelt har ein jo henta rektorkandidatar blant dekanane. Men når tilsette dekanar har jobba nokre år på åremål, er det ikkje naturleg for dei å stille til val.

– Sikrar demokratiet

Borgos stiller seg tvilande til at ein rektor som også er styreleiar, kan levere objektive og uavhengige forslag til avgjerder.

– Rektor som styreleiar sit med bukta og begge endar og har veldig stor makt med dobbeltstemma si, seier han.

Men Mollestad forsvarer vald leiing på rektornivå:

– Tradisjonen med å velje øvste leiar for verksemda blant våre eigne gjev ein heilt annan legitimitet enn ein tilsett rektor. Ved å velje rektor sikrar ein det kollegiale demokratiske sjølvstyret, medan tilsett rektor og ekstern styreleiar i større grad fjernar seg frå dette.