Gjer døra høg
LUKK

LEIAR

Gjer døra høg

Av Kjetil A. Brottveit

Publisert 13. oktober 2015 kl. 16:23

Forskerforbundet har godt av meir debatt om eigen politikk.

Kvart tredje år har Forskerforbundet representantskapsmøte. No nærmar det seg eit nytt, 20. og 21. oktober. Representantskapet er det øvste organet i forbundet. To av dei viktigaste oppgåvene er å vedta arbeidsprogram for neste treårsperiode og å velje nytt hovudstyre. Møtet plar elles ha føredrag eller innslag frå eksterne bidragsytarar, ei oppdatering på stoda til forbundet, og kva politisk/samfunnsmessig tilstand forbundet er ein del av, kanskje til og med er i vekselverknad med. Møtet er elles rikt på formalia, ritual, prosedyrar. Det er mykje som tyder på at alt går rett for seg.

Representantskapsmøtet er i mindre grad ein arena for politikkutvikling. Formatet – eit par hundre utsendingar og eit møte på to dagar – legg ikkje til rette for mange djupe debattar om kva politikk Forskerforbundet skal føre og korleis han skal fremmast. Det nemnde arbeidsprogrammet er eit styrande dokument for hovudstyret, men alle praktikalitetar tilseier at svært mykje ansvar og makt over løpande politikk ligg i hovudstyret og særskilt hjå leiaren. Det sitjande hovudstyret lagar òg framlegg til ny valkomité, som vert lagt fram på representantskapsmøtet. I dette kan det liggje eit konserverande element, spesielt ettersom den avtroppande leiaren utmerka godt kan hamne i komiteen.

Snarare enn å uglesjå den vesle debatten som førekjem, bør ein debatt om kva politikk Forskerforbundet skal føre, skje heile tida.

Innstillinga frå valkomiteen har vore klar ei tid. Forskerforum.no presenterte framlegget 16. september. Petter Aaslestad er ikkje uventa føreslått som leiar i ein ny periode, elles er det mange utskiftingar. Mange vil likevel kjenne til kandidatane frå før. Eg liker at det er ei samling durkdrevne folk med svært mykje røynsle frå arbeidsliv og fagforeiningsarbeid, og mange av dei er vane med å stå i strid. Forskerforbundet er ein så mangslungen medlemsmasse at mykje av arbeidet med samansetjing nok går ut på ta omsyn til alle omsyna: fordeling ut frå kjønn, geografi, institusjonstypar og stillingskategoriar. Ein kan merke seg at UiO er med i framlegget, etter tre år utanfor styret. Helseføretak og instituttsektoren er representerte, medan høgskulane, ifølgje valkomiteen, må nøye seg med varaplassar. Mellombels tilsette, til dømes stipendiatar, er ikkje med, og sektorane arkiv, bibliotek og museum manglar òg.

Valkomiteen har laga utfyllande presentasjonar av kandidatane med grunngivingar for kvifor den enkelte er vald, men ingenting om kva dei står for. Det er ikkje tvil om at det er mange kvalifiserte folk. For å ta eit døme: Steinar Vagstad, som er føreslått som styremedlem, er samfunnsøkonom og lokallagsleiar ved UiB. Eitt av emna han kan mykje om er finansiering av forsking og høgare utdanning, han har til og med fått ein eigen rapport oppkalla etter seg. Men det er eit steg frå å kunne mykje om finansiering til å vite kva han meiner om finansiering, og slikt går ikkje fram av grunngivingane i det heile. For å sjå døme på meir reelle og politiserte val, treng vi ikkje gå lenger inn til eit anna forbund i Unio, Sykepleierforbundet, som no har 15 kandidatar til forbundsstyret. Berre seks av dei kan verte valde, medan seks andre kan verte vara. Forbundsleiaren har ingen motkandidatar no, men det finst fire kandidatar til to nestleiarverv. I medlemsorganet Sykepleien, svarar kandidatane på kvifor dei bør veljast og kva som er hjartesakene deira.

På representantskapsmøtet til Forskerforbundet er det for all del høve til å kome med andre framlegg til styre. Seinast for tre år sidan, vart utfallet eit anna enn framlegget frå valkomiteen. Den gongen høyrde eg frå fleire kantar: Ein skal ha respekt for valkomiteens arbeid. Her har dei møttest og diskutert i årevis – det er useriøst å skulle kome med andre framlegg på tampen. Eg er samd eit stykke på veg: Valkomiteen gjer eit viktig arbeid, og det skal ein del til å matche komiteen i oversyn og gjennomtenktheit. Men, snarare enn å uglesjå den vesle debatten som førekjem, bør ein debatt om kva politikk Forskerforbundet skal føre, skje heile tida, med eller utan tilknyting til leiar- og styreval. Ein slik debatt er velkomen i spaltene til Forskerforum. Det beste er ikkje andektig lytting til valkomiteen eller andre komitear. Meiningsbryting i ope rom er det beste grunnlaget for å kome vidare her i livet og politikken.

Godt møte. God debatt!