Hoppar til Spekter
LUKK

Hoppar til Spekter

Av Johanne Landsverk

Publisert 11. juni 2015 kl. 09:37

Nasjonalmuseet melder seg ut av Virke og inn i Spekter. - Vi kallar det tariffhopping, og vi likar det ikkje, seier forhandlingssjef i Unio.

hoppar-til-spekter


– Det er ofte er vanskeleg i slike prosessar å halde ved lag den offentlege tenestepensjonen, seier Klemet Rønning-Aaby i Unio.

Fakta
<

– Hovudmotivasjonen for å melde seg ut av arbeidsgjevarorganisasjonen Virke er som regel å kome vekk frå kravet om offentleg tenestepensjon. Eg synest det er rart om det fremste museet i Noreg skulle gå inn for å kverke pensjonen til dei tilsette, seier Klemet Rønning-Aaby. Han er forhandlingssjef i Unio, hovudorganisasjonen til Forskerforbundet.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design har nyleg vedteke å skifte arbeidsgjevarorganisasjon. Rønning-Aaby fortel at stadig fleire verksemder innanfor helse-, utdannings- og kulturområdet melder seg ut av Virke og inn i Spekter eller NHO.

Kan ramme pensjonen

– Vi kallar det gjerne tariffhopping. Verksemdene melder seg ut av ein arbeidsgjevarorganisasjon der ein har tariff-festa offentleg tenestepensjon, og inn i ein arbeidsgjevarorganisasjon der dei ikkje har dette som plikt.

Rønning-Aaby seier at eit skifte av arbeidsgjevarorganisasjon kan gje dårlegare arbeidsvilkår, men ikkje nødvendigvis.

– Eg veit ikkje kvifor Nasjonalmuseet melder seg ut av Virke. Men vi ser at det ofte er vanskeleg i slike prosessar å halde ved lag den offentlege tenestepensjonen, som er ei kostnadskrevjande pensjonsordning, seier han.

Ikkje for å spare

Astrid Aksnessæther, direktør for administrasjon ved Nasjonalmuseet, er ikkje med på at museet gjer dette for å unngå tenestepensjonsordninga.

– Den viktigaste grunnen er at vi kjenner større interessefellesskap med verksemdene som er organiserte i Spekter, det vil seie nasjonale kulturinstitusjonar som Den norske opera og ballett, teatera og dei store orkestra, seier Aksnessæther.

– Så det er ikkje for å spare pengar?

– Nei. Men dette med pensjonsordningar vil kome opp i alle fall, heilt uavhengig av organisasjonstilknyting, seier ho.

Ida Bronken, hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved Nasjonalmuseet, seier at leiinga ikkje har kome med signal om at skifte av arbeidsgjevarorganisasjon er eit sparetiltak.

– Dette er vi glade for. Det ville ha vore grunnleggande feil om dei tilsette skulle ta rekninga for dei store kostnadene med å flytte til nytt museumsbygg, seier Bronken.