Isaksen stogga alliansedraumen
LUKK
Annonse
Annonse

Isaksen stogga alliansedraumen

Av Forskerforum

Publisert 4. februar 2016 kl. 14:37

Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer fekk nei frå kunnskapsministeren til den føreslåtte alliansen dei imellom. Vegen vidare er uviss.

Fakta
<

Dei tre høgskulane er mellom dei siste som enno ikkje har fusjonert etter Kunnskapsdepartementet sitt ønske om strukturendring. For å auke kvaliteten på forsking og utdanning, foreslo dei å gå saman i ein allianse, med sterkare fagleg samkøyring mellom høgskulestyra, men ikkje fusjon. Det negative svaret på allianseforslaget kom i eit brev frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i byrjinga av februar, skriv Khrono.

LES OGSÅ: Tre gonger ja til fusjon på Vestlandet.

I brevet skriv kunnskapsministeren at ein alliansemodell etter hans syn ikkje vil vere tilstrekkeleg til å hjelpe høgskulane til å gjere dei prioriteringane som blir nødvendige for å heve kvaliteten på utdanning og forsking.

Volda i tenkjeboksen

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, seier på bloggen sin at leiinga og styret ved høgskulen no går i tenkeboksen før ein bestemmer neste steg. Det er innkalla til allmøte for alle tilsette den 10. februar for å diskutere svaret frå departementet, og neste styremøte finn stad 10. mars. Eitt alternativ er å delta i sonderingar med tanke på fusjon eller fagleg samarbeid med ein eller fleire av  høgskulane på Vestlandet. Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok på styremøtet sitt 4. februar å invitere Høgskulen i Volda til eigne sonderingar, parallelt med at dei vil sondere grunnlaget for reelle fusjonssamtalar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Samstundes seier Roppen til UiB-avisa På Høyden at det ikkje er stor begeistring i Volda for å bli med på fusjonstoget til dei tre vestlandshøgskulane, dersom dei bestemmer seg for reell fusjon.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, tilrår Høgskulen i Volda å tenkje raskt, ifølgje På Høyden. Departementet har gjeve institusjonane på Vestlandet frist til 1. juni for å bestemme seg for nye samanslåingar.

Sjølvstende i Molde

Styret ved Høgskulen i Molde har tidlegare vedteke å halde fram som sjølvstendig institusjon, dersom allianse-alternativet ikkje fekk støtte frå departementet. Til høgskuleavisa Panorama seier rektor Hallgeir Gammelsæter at han reknar med at høgskulen no får halde fram på eiga hand. Høgskulen i Lillehammer skal bruke styremøtet sitt den 17. februar til å leggje ny kurs. Eit alternativ er å fusjonere med Høgskulen i Hedmark, som dei har vore i kontakt med.

– Vi har framleis samtalar med Høgskolen i Hedmark. Eg trur også vi må lage oss ein universitetsstrategi på sikt, seier rektor Kathrine Skretting til Khrono.