Kjøpt tid
LUKK
Annonse
Annonse

BOKMELDING

Kjøpt tid

Av Oddgeir Osland

Publisert 4. april 2014 kl. 10:51

Viktig bok om spenninga mellom demokrati og kapitalisme i Europa.

kj-pt-tid

Fakta
<

Det svenske forlaget Daidalos omset og presenterer både dei klassiske tekstane i den europeiske intellektuelle humanistiske tradisjonen og viktige samtidige intellektuelle bidrag frå Skandinavia, Europa og USA. Slik er forlaget også eit bidrag til den norske akademiske og politiske offentlegheita, dersom vi evnar å løfte fram viktige intellektuelle arbeid som felles referansar i diskusjonen om vitale samfunnsproblem. Boka Köpt tid, skriven av den tyske sosiologen Wolfgang Streeck, omsett av Joachim Retzlaff, er eit slikt arbeid.

Vi kan ikkje overvinne tida. Men vi kan kjøpe litt tid – med pengar. Som når lønnskontoen er tom og vi dreg kredittkortet. Slik er det også med statar og overnasjonale institusjonar. Dei kan kjøpe tid. Og det er nettopp det dei har gjort i Europa og USA dei siste 40 åra, ifølgje Streeck. Og dei har gjort det på ein måte som har øydelagt framtida til mange som no er stengde ute frå arbeidsliv, hus og heim, men på ein måte som også har skapt ein ufatteleg rikdom for dei som spekulerer i nauda til andre.

At dei sosiale skilnadane har auka i Europa og USA, ja, i sistnemnde tilfelle slik at 80 prosent av velstandsutviklinga dei siste 40 åra har gått til den rikaste femprosenten, er det inga usemje om. Om det er bra eller dårleg, kan det vere ulike syn på. Men for dei av oss som meiner det er ille, er det interessant å forstå mekanismane bak – og kva ein kan gjere.

Tesen til Streeck er at ein har kjøpt seg tid gjennom fleire stadium, der utviklinga i USA er paradigmatisk: inflasjonen i 1970-åra, avløyst av statleg skyldsetting, deretter gjennom ekspansjon av dei private kredittmarknadene og ditto privat gjeld, og endeleg gjennom sentralbankane sine oppkjøp av stats- og bankgjeld. Og i kvar av desse fasane har politikken også svekt etablerte institusjonelle ordningar som har teke hand om sosial rettferd, som fagforeiningane si relative makt og gjennom privatisering av sosiale rettar.

Boka bør ha minst like stor interesse hjå liberale og konservative som hjå sosialdemokratar og demokratiske sosialistar.

Dersom denne analysen høyrest ut som ein litt slapp laurdagskommentar av ein litt slapp venstreorientert akademikar i avisa Klassekampen, er det litt rett, men mest feil. Rett i den forstand at det er den finansielle og fiskale krisa i dei rike kapitalistiske demokratia som står i sentrum for analysen, og tesen her er at variasjonar i samfunnsutviklinga i dei kapitalistiske demokratia vert tolka som variasjonar av ein grunnleggande, felles utviklingsdynamikk. Og rett fordi analysen går attende til visse nøkkelomgrep hos Marx, men her omformulerte som nøkkelkategoriar på etterspørselssida: som konfliktar mellom dei kapital- og lønsavhengige og deira relasjon til og innverknad på staten.

Men mest feil, fordi analysen er lærd, klartenkt og lettlesen. Lærd gjennom både omfattande empirisk dokumentasjon og ein dialog med sentrale teoretiske posisjonar som vi kjenner frå Hayek og Polanyi og samtidige statsvitskaplege og økonomiske analysar. Dermed bør boka ha minst like stor interesse hjå liberale og konservative som hjå sosialdemokratar og demokratiske sosialistar, gjeve at dei to førstnemnde meiner at sosial rettferd normativt lèt seg grunngje utover som marknadsrettferd (grenseproduktivitet).

I sentrum for analysen står altså det historiske ekteskapet mellom kapitalisme og demokrati, eit gjensidig, men spenningsfylt forhold. Grunnlaget for demokratiet har vore dei røysteføre, borgarane. Men når skattestaten vert avløyst av gjeldsstatsfasen, vert demokratiet utfordra av ei ny «veljargruppe»: Dei transnasjonale investorane som kan agere overfor nasjonale styresmakter som om dei var aksjeeigarar, mellom anna gjennom dei årlege auksjonane av statsobligasjonar. Og det som står på spel, er kven som skal betale kostnadene når gjelda skal sanerast: borgarane eller finansmarknadane.

Det mest kontroversielle ved boka er nok tesen om at vi nå er inne i ein fase med omfattande forsøk på å utvikle ein konsolideringsstat, der den kapitalistisk økonomien er fristilt frå demokratiet. Det teoretiske argumentet er at føderalstaten som organisasjonsprinsipp styrkjer vilkåra for liberalisering av økonomien, realitetspåstanden er at EU har utvikla seg til ein motor for ytterlegare liberalisering av økonomien. Drivstoffet i denne motoren er euroen – «det frivole eksperimentet». Og blant alternativa Streeck foreslår, er innføring av eit fleksibelt valutasystem i Europa. Bak dette forslaget ligg ei forståing av at demokratiet må vere forankra i nasjonalstatlege rammer, med sine særeigne institusjonar som grunnlag for sosial rettvise.

Høyrest det ut som søt musikk for norske EU- og euromotstandarar i norsk Europa-debatt? Boka bør verte noko meir og anna enn det, også i det oljefinansierte kreditorlandet Noreg.