Kortsiktig finansiering viktig årsak til mellombelse tilsettingar
LUKK

Kortsiktig finansiering viktig årsak til mellombelse tilsettingar

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 2. februar 2016 kl. 08:30

- Vi har fått dokumentert at ein del kjelder til mellombelse tilsettingar er uproblematiske. Men likevel står vi nok att med eit nivå som ikkje er bra.

kortsiktig-finansiering-viktig--rsak-til-mellombelse-tilsettingar


– ksternt finansierte forskarar er den største gruppa av mellombels tilsette ved UiO, seier Irene Sandlie. Foto: UiO/Anders Lien

kortsiktig-finansiering-viktig--rsak-til-mellombelse-tilsettingar


– Eksterne midlar er ikkje ein reell grunn til mellombels tilsetjing, seier Kristian Mollestad.
Foto: Torgeir S. Holen

Fakta
<

Det seier statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet. I fjor auka delen mellombels tilsette forskarar ved universitet og statlege høgskular til 18,5 prosent. Ei fersk kartlegging gjev meir detaljkunnskap om situasjonen.

Rett før jul fekk kommunal- og moderniseringsministeren eit framlegg til endringar i tenestemannslova, som også ser på mellombelse tilsettingar i UH-sektoren. Midt i januar fekk framlegget altså følgje av ein rapport frå Kunnskapsdepartementets arbeidsgruppe for mellombelse stillingar i UH-sektoren. Gruppa har kartlagt bruken av mellombelse tilsettingar ved fire institusjonar (sjå faktaboks).

KOMMENTAR: Når personalpolitikk utøves i rettssalen.

– Kan spisse verkemidla

Kartlegginga viser at ein stor del av dei mellombelse stillingane er bistillingar og vikariat.

– No har vi eit kunnskapsgrunnlag som gjer det mogleg å spisse verkemidla. Vi har jo ikkje noko ønske om å stramme inn på bruken av permisjonar eller gjere det vanskelegare for høgskulelektorarar å kvalifisere seg til førstelektor- eller førsteamanuensisstillingar, sjølv om dette genererer eit behov for vikarar, seier statssekretær Haugstad.

Mellombelse tilsettingar blir ofte grunngjevne med at dei er finansierte av kortvarige, eksterne midlar. Men kartlegginga viser at mange slike stillingar også er internt finansierte, og at forskarar går like lenge i mellombelse stillingar anten midlane kjem gjennom grunnløyvinga eller gjennom eksterne prosjektmidlar.

– Eg er litt overraska over at det er så liten skilnad mellom ekstern og intern finansiering når det gjeld lengda på tilsettingsforholda, seier Haugstad.

Finansiering får skulda

Hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved UiO, Kristian Mollestad, er samd i at vikar- og bistillingane i hovudsak er uproblematiske, sjølv om fleire bistillingar kan gjerast faste enn dag.

– Problemet er tilfella der arbeidet eller finansieringa er tidsavgrensa. Der er det mykje misbruk. Det uroar meg også at delen mellombelse tilsette på intern finansiering er så stor. Han burde ha vore mykje mindre, seier han.

Mollestad viser til at institusjonane grunngjev dei mellombelse forskarstillingane med uvissa knytt til finansiering og framtidig arbeid.

– Men vi ser jo at den delen av arbeidslivet som ikkje er dekt av tenestemannslova, tilset fast i slike situasjonar, og heller seier opp dersom arbeidsoppgåvene fell bort. UH-sektoren må kunne skjele til privat sektor her.

Etter UiO si oppfatning er finansieringssystemet den største årsaka til bruken av mellombelse tilsettingar, fortel personaldirektør ved UiO, Irene Sandlie, på e-post. Ho har vore representant for UiO i arbeidsgruppa.

– Ein stadig større del av verksemda består av tidsavgrensa prosjekt med kortvarig finansiering frå eksterne kjelder, og høg individuell spesialisering hos prosjektdeltakarane gjer det vanskeleg å omdisponere dei til andre oppgåver etterpå. Då UiO i 2014 utarbeidde ein handlingsplan for å redusere mellombelse tilsettingar, gav vi uttrykk for at det ikkje er realistisk med ein større reduksjon i bruken av slike stillingar for denne forskargruppa.

Innarbeidd praksis

Arbeidsgruppa konkluderer med at dei mellombelse tilsettingane har relevante heimlar, og er knytt til rammevilkåra for og samfunnsoppdraget til UH-sektoren. Kristian Mollestad er skeptisk til påstanden om at samfunnsoppdraget kviler på høvet til å bruke mellombelse tilsettingar.

– Arbeidsgruppa skriv at å avgrense høvet til å bruke mellombelse tilsettingar ikkje nødvendigvis er eit udelt gode for dei tilsette. Seier ein då at valet må stå mellom mellombels jobb eller ingen jobb? Det tykkjer eg er tvilsamt.

Heller ikkje Bjørn Haugstad i KD vil konkludere med at samfunnsoppdraget avheng av mellombelse stillingar.

– Det er ei genuin oppleving i sektoren av at det er lettare å gjere nødvendige nedbemanningar i næringslivet og instituttsektoren som kjem inn under arbeidsmiljølova, men spørsmålet er om det må vere slik? Det er eitt av momenta vi må sjå på framover, i lag med partane og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Rapporten frå tenestemannslov-utvalet og kartlegginga av mellombelse tilsettingar er begge grunnlag for samtalen mellom partane framover.

– Eg ser for meg at vi framleis har eit omfattande arbeid framfor oss, seier Haugstad.