Kunst som forsking, forsking som kunst
LUKK

DEBATT

Kunst som forsking, forsking som kunst

Av Forskerforum

Publisert 3. desember 2014 kl. 10:45

Vi bør vere vaktsame mot å setje metode framfor forskingsobjektet, meiner Asbjørn Grønstad i ein replikk til debatten om kunst, vitskap og forsking.

kunst-som-forsking--forsking-som-kunst


Internasjonal har diskusjonen om praksisbasert forsking gått føre seg lenge, skriv Asbjørn Grønstad.

Fakta
<

I dei siste par utgåvene av Forskerforum (8/14 og 9/14) har det vore tilløp til debatt om såkalla kunstnarisk forsking. Bakgrunnen er dels Nokut si akkreditering av Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) som vitskapleg høgskole, dels eit kort intervju med den nydisputerte biletkunstnaren Thomas Kvam. Den tidlegare stipendiaten ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) stiller seg avvisande til det institusjonelle forsøket på å kombinere kunst og forsking og nyttar ord som «teater» og «unntakstilstand» for å skildre si oppleving av praksisen. At denne måten å tenke og arbeide på utgjer «ei utvatning av forskingsomgrepet», som Kvam uttrykkjer det, er eit synspunkt som så fortenestefullt vert imøtegått av professor Edvin Østergaard i Forskeforum 9/14. I kronikken sin antydar Østergaard at motsetnaden mellom vitskap og kunst eigentleg er unødvendig og konstruert, og han påpeiker samstundes at kunstnariske tilnærmingar til kunnskapsspørsmål uanstrengt vil kunne passe inn i den tyske Wissenschaftstradisjonen, om enn i mindre grad i den angloamerikanske science-tradisjonen.

I ein breiare internasjonal samanheng har diskusjonen om praksisbasert forsking gått føre seg lenge, kanskje særleg i Storbritannia (til dømes ved Kingston University i London), der tallause studiobaserte studentar har blitt uteksaminerte med doktorgrad dei seinare åra. Det omfattande ordskiftet kring praksisstyrt forsking har mellom anna dreia seg om spørsmål som korleis ein skal forstå dette omgrepet, kva slags opplæring kandidatane skal ha, i kva grad dei bør kjenne til akademisk faglitteratur, kva type relasjon det enkelte kunstprosjektet bør utvikle til eit gitt teoretisk pensum, kva kriterium som skal vere oppfylte for at arbeidet kan reknast som eit sjølvstendig og originalt bidrag til kunnskapsakkumulasjonen, og korleis eit eventuelt skriftleg arbeid skal komplementere kunstverket – berre for å ha nemnt nokre av desse omsyna. I botnen av denne diskusjonen ligg så spørsmålet om korleis den praksisstyrte forskinga kan synleggjere sjølve prosessen som ligg til grunn for arbeidet, og som kan danne ein slags parallell til den metodiske transparensen som normalt er eit av krava konvensjonelle forskingsarbeid lyt innfri.

Både i akademia og i kunstsfæren har det skjedd ting dei siste åra som tydar på at dei to felta nærmar seg kvarandre.

Hovudsaka som ein forsøker å avklåre her, er om praksisstyrt forsking i tilstrekkeleg grad oppfyller vitskapsmetodiske kriterium. Men kanskje er dette òg ein litt nærsynt måte å handtere problematikken på? Kva om ein i staden såg spørsmåla den praksisstyrte forskinga genererer, som ein sjanse til å tenke gjennom kva former for kunnskapsproduksjon universiteta og dei vitskaplege høgskolane kan legge til rette for? Det kan jo hende at både institusjonar, akademikarar og kunstnarar sit fast i ei sjølvforståing som avgrensar heller enn oppmuntrar til fornying av vilkåra for kunnskapsproduksjonen. I så fall er det uheldig. Vi bør vere vaktsame mot den utviklinga Heidegger åtvara om for lenge sidan, at den moderne vitskapen ser ut til å vere kjenneteikna av trongen til å setje metoden framfor forskingsobjektet.

Kunst og forsking er kulturelle praksisar som søker å få fram nye erkjenningar og kunnskap om tilhøve i verda. Det har dei felles. Begge praksisane er dessutan historisk omskiftelege; dei tyder ikkje lenger det same som dei gjorde for to hundre eller hundre år sidan. Når ein reserverer seg mot den hybridverksemda, om ein kan kalle det det, som praksisstyrt forsking representerer – slik til dømes Kvam gjer –, høyrest det ut som ein ikkje maktar å sjå forbi den naturvitskaplege forskinga og den romantiske kunstnarmyten. Men, som Østergaard allereie har understreka, så kan ikkje vitskap reduserast til science. Og det romantiske synet på kunsten er ein anakronisme som ikkje har nokon plass i samtidas kunstforståing.

Både i akademia og i kunstsfæren har det skjedd ting dei siste åra – både praktisk og mentalitetsmessig – som tydar på at dei to felta nærmar seg kvarandre, i alle fall på nokre vis. La meg heilt kort dele eit par observasjonar. Den første er tendensen mot tiltakande konseptualisering og teorisering som har prega store deler av det vestlege kunstfeltet heilt sidan modernismen, og særleg dei siste 40–50 åra. Når utøvarar og institusjonar vegrar seg for å omfamne praksisstyrt forsking, er det nærliggjande å hinte til denne utviklinga. Arbeidsmåtar og tenkjemåtar som kan minne om metodane til forskaren – idébaserte, systematiske, analytiske – er for lengst implementerte i kunsten sjølv. To tilfeldige døme på dette er engelske Simon Starlings installasjon Shedboatshed, som vann Turnerprisen i 2005 og som vart vurdert for ph.d.-graden, og den eksperimentelle filmskaparen John Akomfrah sin The Nine Muses (2010), som handlar om innvandring i 50- og 60-åra, og som er tufta på eit omfattande arkivarbeid. Det finst sjølvsagt døme på ei slik samansmelting av kunst og forsking overalt.

Men det går også andre vegen. Som forskar i fagfelta visuell kultur og filmvitskap kjenner eg etter kvart nokså mange både her i landet og utanlands som kombinerer forsking med kuratorverksemd, enkelte også med eigen kunstproduksjon. Hollandske Mieke Bal, eit kjent namn innanfor fleire humaniorafag, har dei seinare åra brukt like mykje tid på å lage kunstfilm som på å skrive fagbøker. Franske Bruno Dumont, ein av vår tids fremste regissørar, var opphavleg filosof. På Harvard-universitetet oppretta Lucien Castaing-Taylor for nokre år sidan The Sensory Ethnography Lab, eit eksperimentelt forskingssenter som blandar etnografi, kunst og naturvitskap. Sist, men ikkje minst går det no føre seg ei orientering innanfor film- og medievitskapen mot video-essayet, både eit arbeidsformat og eit formidlingsformat som gjer krav på å bli vurdert som likeverdig med ein vitskapleg artikkel (rett nok er ein del av denne produksjonen temmeleg streite mini-dokumentarar, men ein del ber også preg av å vere videokunst). Kva som tel som forsking i dei visuelle disiplinane, er òg noko som vert breitt diskutert i boka What is Research in the Visual Arts? (Michael Ann Holly & Marquard Smith, 2008), der nemnde Bal dristar seg til å spørje om ikkje imaginasjonen kan vere like viktig som det vitskapleg rasjonelle i forskingsaktiviteten.

Antropologen Arjun Appadurai har vist til det paradokset at forsking både skal vere original og på same tid underordne seg etablerte konvensjonar. Fenomenet praksisbasert forsking kan likevel utfordre desse konvensjonane på ein epistemologisk produktiv måte. Dei siste åra, og særleg sidan Hjernevask vart vist på NRK våren 2010, har det ofte blitt hevda at humanistiske fag bør sjå til naturvitskapane. Kanskje det, men samstundes er det slik at mange av dei humanvitskaplege fagområda nok har meir til felles med nettopp det arbeidet som vert utført rundt omkring på dei ulike kunst- og kulturinstitusjonane, både i forvaltninga av historisk kunnskap og i produksjonen av ny.