Kva skjer med dei siste høgskulane?
LUKK
Annonse
Annonse

Kva skjer med dei siste høgskulane?

Av Johanne Landsverk

Publisert 1. februar 2016 kl. 09:56

Nokre vurderer fusjon, andre ønskjer seg allianse. Og presset frå departementet aukar.

kva-skjer-med-dei-siste-h-gskulane-


– Vi må etter kvart slutte å ri to hestar samtidig, seier Lillehammer-rektor Kathrine Skretting. Foto: Gro Vasbotten, HiL

kva-skjer-med-dei-siste-h-gskulane-


– Vi er framleis i villreie dersom departementet seier nei til ein allianse, seier Molde-rektor Hallgeir Gammelsæter. Foto: Panorama, HiMolde

kva-skjer-med-dei-siste-h-gskulane-


– Det er oppsiktsvekkande at Røe Isaksen uttalte seg negativt før vi hadde laga alliansedokumentet, seier Volda-rektor Johann Roppen. Foto: Olav Standal Tangen

Fakta
<

– Rapporten frå NIFU slår fast at ein ikkje oppnår betre kvalitet berre ved å slå høgskulane i hop. Med tanke på kvalitetskrava er det arbeidet etter fusjonen som avgjer kva vinst ein har samanlikna med å stå aleine, seier Rasmus Stokke, rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). Han viser til ein ny rapport frå NIFU, som i fjor haust fekk i oppdrag å vurdere fordelar og ulemper ved ein fusjon mellom HiSF, Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH).

I NIFU-rapporten, som er betalt av Kunnskapsdepartementet (KD), blir høgskulane vurderte opp mot dei tolv kvalitetskrava i strukturmeldinga, Meld. St. 18 (2014–2015).

– Dei tre høgskulane er per i dag relativt like når det gjeld å oppfylle desse kvalitetskrava, seier Stokke.

Han meiner NIFU har laga ein nøktern og realistisk rapport, som kjem med argument i begge retningar.

– NIFU har likevel vurdert fordelane med fusjon som større enn ulempene?

– Ja, og det går mest på at ein som ein samla høgskule lettare kan få fram nye mastergrads- og doktorgradsstudium, der kan det vere ein vinst å hente.

Mangelfull rapport

Gunnar Yttri ved HiSF seier rapporten har to hovudargument for fusjon: Det er politisk vilje i KD til større og sterkare institusjonar, og større høgskular kan lettare tilby femårig lærarutdanning. Yttri, som er stipendiat og tidlegare dekan ved Avdeling for samfunnsfag ved HiSF, meiner rapporten har viktige manglar.

– Ein har ikkje sett på viktige skilnader mellom dei tre høgskulane. Høgskulen i det minst urbaniserte fylket i Noreg skal slå seg saman med høgskulen i Noregs nest største by. Dette er ikkje problematisert, jamvel om det ligg føre ny forsking på feltet. Det får konsekvensar for korleis ein skal drive rekruttering av studentar, og for kva rolle høgskulen skal ha for arbeids- og næringslivet i regionen. I dag rekrutterer HiSF studentar frå heile landet, og vi er heilt avhengige av å marknadsføre Førde og Sogndal som synlege og attraktive studiestader. Om ikkje slike ting betyr noko for ein fusjon, då kan ein lure, seier Yttri.

Sterkare press

HiSF har eit styrevedtak om at høgskulen aller helst vil halde fram som høgskule aleine. Stokke vart rektor ved HiSF 1. august 2015, og høgskulen har også ny styreleiar. Er dei to kanskje meir opne for fusjon?

– Vi er framleis restriktive, men det nye er at høgskulen i haust gjekk inn som part i fusjonsutgreiinga. I tillegg har vi hatt ei intern utgreiing ved høgskulen. Så vi har samla oss mykje meir kunnskap om korleis det kan bli å stå aleine samanlikna med å fusjonere.

Stokke legg ikkje skjul på at presset frå departementet om å fusjonere er sterkare enn nokon gong.

Han fortel at mange tilsette ved HiSF er redde for å miste identiteten og posisjonen som høgskulen har i fylket.

– Kor mykje sjølvstende vi får, er også avhengig av posisjonen vi får i ein fusjonert institusjon, og kva modell vi skal organiserast etter. Dette blir avgjerande for om vi vel å gå inn i ein fusjon eller ikkje, seier han.

Det viktigaste argumentet for å tilrå fusjon er at departementet sjølv ønskjer det.

Vest-aust-allianse

Men også andre høgskular ventar no på viktige avgjerder. Høgskulen i Volda (HVO), Høgskolen i Molde (HiMolde) og Høgskolen i Lillehammer (HiL) ønskjer å gå saman i ein allianse.

– Vi har kome med ei frivillig løysing som svarar på dei viktigaste utfordringane i sektoren når det gjeld kvalitet. Tre av høgskulane i alliansen ligg kvar for seg svært høgt oppe når det gjeld kompetanseutvikling, og då bør departementet heie på oss. Men eg har vel ei kjensle av at det viktigaste for KD er større einingar, og at kvalitet har kome i bakgrunnen, seier Johann Roppen, rektor ved HVO.

– Ein allianse er ein mjukare måte å opptre på enn fusjon. Dei tre høgskulestyra vil halde fram som i dag, men styra vil samarbeide fagleg for å stå sterkare i lag.

Av dei tre høgskulane er det berre HVO som har lærarutdanning.

– Alliansepartnarane har heile tida vore klar over at når det gjeld lærarutdanning, må HVO også samarbeide utanfor alliansen, til dømes med HiSF og Universitetet i Bergen. Vi har venta lenge på kriteria for den nye femårige lærarutdanninga, men førebels veit vi ikkje kor store og breie fagmiljø vi må ha.

– Kva gjer du om KD seier nei til ein allianse?

– Ein kan vel heller spørje kva KD vil gjere. NIFU-rapporten som har greidd ut fusjonsspørsmålet mellom HiB, HiSF og HSH, er interessant. Det viktigaste argumentet for å tilrå fusjon er at departementet sjølv ønskjer det. I åtte av dei tolv kvalitetskriteria som er vurderte, har ikkje fusjon noko å seie. Og når det gjeld dei andre kriteria, vil ein berre oppnå fusjonsfordelar om ein flyttar ressursar frå forsking til undervisning.

– Burde gje oss tillit

Roppen seier at det blant tilsette og i styret ved HVO er lite entusiasme for ein høgskulefusjon på Vestlandet.

– Skulle Volda bli med i ein fusjon på Vestlandet, måtte det bli etter ei heilomvending i styret ved HVO.

Han meiner dei tre høgskulane burde få godkjend alliansen.

– Det mest oppsiktsvekkande er at Røe Isaksen så tidleg uttalte seg negativt om alliansen, trass i at vi ikkje hadde laga ferdig alliansedokumentet. Eg synest han kunne vore litt meir open, i tråd med oppmodinga frå eit samla storting.

Vi trur at store institusjonar som NTNU, og også ein stor fusjon på Vestlandet, ikkje vil ta vare på regionen.

Rektor Hallgeir Gammelsæter ved HiMolde vonar også på ein allianse.

– Gjev ikkje KD oss eit klart svar på alliansemodellen, er vi framleis i villreie. Kva som skjer vidare, er heilt avhengig av heile kabalen, ikkje minst kva som skjer med resten av Vestlandet.

Gammelsæter trur KD ønskjer ein konsentrasjon av høgskulane på Vestlandet, kanskje i lag med Volda.

– I Molde ville vi i utgangspunktet helst stå aleine, for vi trur at store institusjonar som NTNU, og også ein stor fusjon på Vestlandet, ikkje vil ta vare på regionen. Men ein allianse vil ivareta den regionale rolla som høgskulane har i dag.

To hestar

I Lillehammer sit HiL-rektor Kathrine Skretting og tenkjer på fleire ting enn allianse med HVO og HiMolde.

– Vi har hatt heilt uformelle samtalar med Høgskolen i Hedmark, seier ho.

Etter at planane om Innlandsuniversitetet gjekk i vasken, har ikkje fusjon mellom institusjonar i innlandet vore eit naturleg val, seier rektoren.

– Men no har tida gått, og mange tilsette hjå oss ser på Hedmark som ein naturleg samarbeidspartnar, også på grunn av den geografiske nærleiken. Vi har mykje fagleg samarbeid som har eksistert lenge, og mange ser nok dette som det viktigaste.

Men Skretting meiner framleis at ein allianse med Volda og Molde er interessant.

– I alliansemodellen har vi laga ei fin plattform for korleis dei ulike styra kan ta eit regionalt ansvar, og der vi kan samarbeide om næringsliv og offentleg sektor.

Skretting ventar no på svar frå KD.

– Vi må etter kvart slutte å ri to hestar samtidig, og berre ri ein hest, seier ho.

Statssekretær Bjørn Haugstad seier KD har hatt eit konstruktivt møte med dei tre alliansepartnarane.

– Vi er i alle fall glade for at dei ønskjer å ta grep for å heve kvaliteten. Samstundes er det delar ved alliansemodellen som eg er skeptisk til. Til dømes sikrar han ikkje nok styrke i lærarutdanninga, og eg er ikkje overtydd om at tre institusjonar med tre leiingar og tre styre klarer å ta vanskelege avgjerder saman på ein effektiv måte. No skal vi gå grundig gjennom materialet vi har fått frå alliansepartnarane, seier Haugstad.