Med støtte frå kapitalistane
LUKK

Med støtte frå kapitalistane

Av Johanne Landsverk

Publisert 7. april 2015 kl. 10:23

Stadig nye forskingssenter får namn etter gåvmilde rikfolk. Styrer pengemakta forskinga?

med-st-tte-fr--kapitalistane


– Dette har jo ein propagandaeffekt for ei viss samfunnsklasse som har råd til å vise ei mesenside av seg sjølv, seier professor Knut Kjeldstadli ved UiO.

med-st-tte-fr--kapitalistane


en store vinsten er at vi fekk ein felles arena der alle som driv med brystkreft, kunne møtast, seier Anne-Lise Børresen-Dale, leiar for K. G. Jebsen-senter for brystkreftforskning.

med-st-tte-fr--kapitalistane


– Det er fantastisk at Trond Mohn har gjeve oss så stor ei gåve, seier rektor Anne Husebekk ved UiT.

med-st-tte-fr--kapitalistane


– Det eit kvalitetsstempel å få pengar frå Kreftforeningen, fordi søknadene er så grundig vurderte, seier generalsekretær Anne Lie Ryel.

med-st-tte-fr--kapitalistane


– Med pengane frå K. G. Jebsen samla vi inn tumormateriale frå 2000 brystkreftpasientar og har fått forska meir på kortare tid enn vi elles hadde gjort, fortel Gunhild M. Mælandsmo.

Fakta
<

– Med midlane frå K. G. Jebsen har vi fått gjort mykje god kreftforsking som vi elles ikkje hadde hatt råd til, seier professor Gunhild M. Mælandsmo.

Ho er forskar ved K. G. Jebsen-senter for brystkreftforskning, som i fire år har fått pengar frå stiftelsen K. G. Jebsen. Mælandsmo er leiar for seksjon for tumorbiologi ved Institutt for kreftforsking, Radiumhospitalet, Oslo universitetssjukehus.

Ho fortel at dei private pengane har vore viktige.

– Vi har kunna samle mykje kunnskap på kortare tid enn vi elles kunne gjort. Pengane frå K. G. Jebsen skal nyttast til såkalla translasjonsforsking, der vi nyttar ny kunnskap til å utvikle og skreddarsy betre behandling for kvar einskild kreftpasient, seier ho.

Propagandaeffekt

Den siste tida har mangemilliardæren Trond Mohn fått stor merksemd i media etter at han gav ein milliard til Bergens forskingsstiftelse, ei stifting han og familien står bak. Stadig fleire institusjonar har motteke store milliongåver frå Mohn. Nyleg kom også Olav Thon på banen med millionar til forsking og utdanning, og utdeling av forskingsprisar. Har det gått sport i gje til forsking? Eller er det viktigast at namnet skal blinke på eit skilt?

– Dette har jo ein propagandaeffekt for ei viss samfunnsklasse som har råd til å betale for å vise ei mesenside av seg sjølv. Det blir ei form for politisk reklame når dei rikaste får eit senter oppkalla etter seg, seier Knut Kjeldstadli. Han er professor i samtidshistorie ved Universitetet i Oslo, og har vore ein sterk kritikar av kapitalismen i akademia.

– Ein kan godt seie at vi ikkje burde hatt private gåver, fordi det burde vere eit offentleg ansvar å finansiere forsking. Det er eit uttrykk for at skattesystemet ikkje fungerer godt nok når vi har fått så store rikdomsopphopingar på nokre få private hender. Men det blir for stivt å seie at ein ikkje skal ta imot pengar frå privat finansiering, seier Kjeldstadli.

Lite frå private fond

Tal frå forskingsinstituttet NIFU viser at det er langt igjen før private overtek forskingsfinansieringa i Noreg. Av 16 milliardar som gjekk til forsking ved universitet, høgskolar og universitetssjukehus i 2013, kom berre 659,5 millionar frå næringslivet og 497,9 millionar frå private gåver, stiftingar og fond.

– Diverre har vi låg privat finansiering frå fond, stiftingar og donasjonar i Noreg, seier Arvid Hallén, administrerande direktør  i Forskingsrådet.

– Særleg har vi låg finansiering frå private bedrifter samanlikna med nabolanda Sverige og Danmark, der dei har heilt andre tradisjonar og eit næringsliv som har forska meir. Både i Sverige og Danmark er det etablert store fond med utgangspunkt i donasjonar frå store bedrifter, og som er ei stor finansieringskjelde for forskinga. Til dømes gjev Carlsbergfondet og Wallenbergfonda betydelege midlar til forsking. Den tradisjonen har vi ikkje hatt her i landet, så når Trond Mohn har gjeve fleire milliardar til forsking, er det i ein målestokk som ikkje har vore kjend i Noreg, seier Hallen.

– Treng forskinga private pengar?

– I Noreg har det offentlege teke stort ansvar på alle område, og mange har vore skeptiske til privat finansiering og samarbeid med private. Men innanfor mange samfunnssektorar er det i dag ei større forståing for eit slikt samarbeid.

– Så det er ønskeleg med meir private gjevarar?

– Ja, dei private gåvene bidrar til å auke forskingsvolumet, og for forskarane blir det fleire kjelder å søke på.

– Kvalitetssikra system

Hallén seier det i Noreg gjerne har vore familieeigde bedrifter som har etablert stiftingar for allmennyttige formål, også forsking.

– Bør dei private styre kva forskingspengane går til?

– Om eit universitet skulle bli dirigert av ønska til ein privat gjevar, vil det vere uheldig. Men vi er berre så uendelig langt unna den situasjonen. Dette er ikkje ei uro vi treng å ta inn over oss no. Det er etablert svært trygge system for forvaltning av midlane frå private gjevarar, på faga sine premiss.

Dagleg leiar Kåre Rommetveit i Bergens forskningsstiftelse seier pengane først og fremst har gått til rekrutteringstiltak for unge lovande forskarar ved Universitetet i Bergen.

Spørsmålet er om gåvene er gjevne utan føringar.

– Bergens forskningsstiftelse vil i åra framover dele ut mellom 70 og 100 millionar kroner årleg til forsking ved UiB og Haukeland universitetssjukehus.

– Både Trond Mohn og fleire i Mohn-familien sit i styret. Styret vil leggje føringar for tildelinga?

– Ja, dei sit i styret, men det er universitetet som nominerer søkjarane i samsvar med prioriteringane i fagmiljøa. Søknadene går gjennom ei omfattande kvalitetssikring med rådgjevande utval og fagleg sakkyndige frå heile verda.

– Skal Mohn få bestemme?

Trond Mohn har heile tida hevda at han ikkje legg føringar når gåva først er gjeven, men ved UiB er det òg stor skepsis.

– At milliardærar gjev noko av formuen tilbake til samfunnet, synest eg er heilt på sin plass. Men det er ein tankekross at Mohn gjennom gåvene sine skal bestemme kva som skal forskast på. Han deler jo ut pengar til spesielle føremål. Kanskje var det andre ting UiB heller burde forske på? spør Ole Johnny Olsen, førsteamanuensis i sosiologi ved UiB.

I eit innlegg i nettavisa til UiB viser Olsen til at Mohn har kalla den førre rektorperioden ved UiB for «fornedrelsens år». Utsegna har bakgrunn i ein tidlegare strid mellom Bergens forskingsstiftelse og den førre UiB-rektoren Sigmund Grønmo. Striden førte til at utlysingane frå stiftinga ei tid stoppa opp. Då Mohn like før jul 2014 gav den mykje omtala milliarden, gjentok han utsegna om «fornedrelsens år» til avisa På Høyden.

– Når ein er så aktiv som Mohn i å vise kven han liker og ikkje liker hjå mottakarane, anten det er ein sportsklubb eller ein forskingsinstitusjon, så er det uheldig. Dette kan leggje føringar på kva som skjer hjå mottakaren, seier Olsen til Forskerforum.

Kjeldstadli har ikkje uttalt seg om saka i Bergen, men seier generelt:

– Spørsmålet er om gåvene er gjevne utan føringar, slik at mottakaren står fritt til å prioritere midlane. Det vanlegaste er vel at det blir gjeve pengar til å forske på eit føremål, til dømes ein sjukdom, ofte fordi nokon i familien har opplevd denne sjukdommen. Private stiftingar gjev gjerne pengar til spesifikke føremål, og dess meir spesifikt dette føremålet er, dess meir stig skepsisen min. Men er gåva fri for bindingar, vil eg ikkje seie nei.

Glede ved UiT

Rektor Anne Husebekk ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) jublar over 300 nye millionar frå Trond Mohn.

– Vi er veldig takksame for at personar som Mohn gjev oss pengar, seier Husebekk.

– Dei private pengane gjer det mogleg å støtte unge forskarar som har fått gode evalueringar i Forskingsrådet eller EU, men som likevel ikkje har fått finansiering. Det andre vi bruker private pengar til, er å støtte opp om forskingsstrategien ved UiT.

Husebekk fortel at UiT får inn ganske store midlar til forsking frå private stiftingar og organisasjonar som til dømes Kreftforeningen og Norsk Luftambulanse.

– Stiftelsen K. G. Jebsen er også ei viktig finansieringskjelde. Vi har to K. G. Jebsen-senter her ved UiT.

– Står universitetet fritt til å bruke pengane?

– Det varierer. Midlane frå Mohn har kome utan bindingar, og universitetet står heilt fritt til å bruke dei på det vi vil. Men når det gjeld Kreftforeningen, er det dei som vurderer og rangerer søknader. Der må forskarane delta i ein nasjonal konkurranse, og nokre miljø får finansiering. Men etter at det er bestemt kven som får finansiering, blir pengane overførte til universitetet og kan brukast til prosjekta utan bindingar til Kreftforeningen.

Ho fortel at UiT også tidlegare har fått 100 millionar frå Mohn. Husebekk er glad for pengane:

– Så lenge gåvene er gjevne utan bindingar, er dei viktige bidrag til forskinga. Pengane blir jo forsterka med 25 prosent offentlege midlar om dei blir nytta til grunnforsking, seier Husebekk og viser til gåveforsterkingsordninga (sjå faktaboks).

Og no blir Mohn æresdoktor ved UiT.

– Privat er berre positivt

Stiftelsen K. G. Jebsen deler ut om lag femti millionar i året til ulike tiltak, spesielt til dei 14 ulike K. G. Jebsen-sentera for medisinsk forsking. Pengane kjem frå eit fond som familien oppretta til minne om skipsreiar Kristian Gerhard Jebsen. Fondet har ein milliard i kapital. 

– Vi ønskte å gje noko tilbake til samfunnet. Ved å gå inn i forsking, har vi meint at vi kan gjere ein forskjell, særleg ved å støtte prosjekt som elles ikkje hadde fått finansiering, seier styreleiar i stiftinga Hans Peter Jebsen.

– Mange av sentra går til helseforsking. Kvifor?

– Vi bestemmer ikkje kva type forsking det skal forskast på. Institusjonane som søkjer midlar, bestemmer kva prosjekt dei går inn for.

Og forskarane ved Radiumhospitalet er glade for Jebsen-pengane.

– Det er berre positivt med private midlar, meiner Gunhild M. Mælandsmo.

– Utdelinga av pengane frå K. G. Jebsen blir gjord på grunnlag av kvalitet, og det verkar ikkje styrt på nokon annan måte enn at forskinga skal vere translasjonell, det vil seie at resultata skal ha klinisk nytteverdi på sikt. Alle søknader blir fagfellevurderte, og det er, etter det eg oppfattar, ein omfattande og ryddig prosess.

– Pengane er meinte å vere ei hjelp i startfasen, og det blir forventa at institusjonen etter kvart skal overta?

– Ja, det er eit dilemma, for her har ikkje institusjonen hatt midlar til å gå inn på same måten som dei har gjort ved ein del andre senter.

Nokre av K. G. Jebsen-sentera har fått utvida støtte for to nye år, men ikkje dette.

– Vi har kanskje ikkje vore flinke nok til å profilere oss som eit senter, seier ho.

Anne-Lise Børresen-Dale er leiar for senteret, som har fått fire millionar i året i fire år frå stiftinga. Ho kan fortelje at opprettinga av senteret har ført til eit omfattande samarbeid mellom alle som jobbar med brystkreft i Oslo-regionen.

– Den store vinsten har vore at vi fekk ein felles arena der alle som driv med brystkreft, møtest, og der prosjektidear blir diskuterte og realiserte, seier Børresen-Dale.

– Men den største private bidragsgjevaren vi har, er Kreftforeningen. Oslo universitetssjukehus fekk inn 70 millionar til 42 prosjekt i fjor, og det er imponerande.

– Styrer ikkje forskinga

Generalsekretær Anne Lise Ryel presiserer at Kreftforeningen ikkje er ein privat aktør, men ein frivillig interesseorganisasjon.

– Pengane kjem frå enkeltpersonar og næringsliv som støttar kreftsaka, både gåver, dødsbu og testamente. Vi er summen av veldig mange rundt i landet som vil at vi skal forvalte pengane på best mogleg måte, og svært mange ønskjer at dei skal gå til forsking, seier Ryel.

Dei fleste gjev likevel til kreftsaka, utan å spesifisere meir. Så kven bestemmer kva som skal forskast på?

– Vi har kvart år ei stor open utlysing, som ikkje er styrt etter spesielle kriterium. Alle forskarar kan søkje i fri konkurranse. Det er ein omfattande prosess med fagfellar som vurderer og innstiller søknader før det til slutt blir avgjort av styret. Etter den store utlysinga i fjor løyvde vi 173 millionar til ulike forskingsprosjekt. Om lag 25 prosent av alle som søkjer, vil få pengar.

I tillegg lyser Kreftforeningen ut midlar med førehandsdefinerte tema, som «Eldre med kreft».

– Då har vi sett kriteria, men det er vide tema, så det er ikkje berre eitt spesielt miljø som kan søkje.

Men pengane frå rosa sløyfe-aksjonen går spesielt til brystkreftforsking.

– Der har vi ein ekstra pott, men også denne må forskarane søke på. Vi har ikkje sagt kva miljø som skal få pengane, eller kva type brystkreft.

– Bør ikkje det offentlege finansiere forskinga i Noreg?

– Det siste vi ønskjer, er at det offentlege seier at det kjem så mykje pengar frå Kreftforeningen, så vi treng ikkje å bruke meir pengar på kreftforsking. Politiske styremakter ønskjer meir privat finansiering. Men alle er ikkje Mohn og Stein Erik Hagen. Dei som gjev pengar til oss, er herr og fru Hansen frå Røst, Lindesnes og alle andre stader i landet.